Meir kraft frå gamle vasskraftverk

Det er på høg tid å gjere det meir lønsamt for kraftselskapa å ruste opp.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

TRENG FORNYING: Ein hovudårsak til at kraftselskapa ikkje fornyar eksisterande vasskraftverk, er at skattesystemet ikkje oppmuntrar til det. Ørjan Deisz

Det har blitt flagga som det store alternativet til å bygge vindkraftverk: Ved å fornye eksisterande vasskraftverk kan Noreg auke kraftproduksjonen med opp til 30 terawattimar (TWh), ifølgje ein NTNU-rapport som kom i vår. Til samanlikning produserte norske vindkraftverk til saman 3,9 TWh i 2018.

Problemet er berre at kraftselskapa ikkje investerer på langt nær nok i vasskraftverka. Ein hovudårsak er at skattesystemet ikkje oppmuntrar til det. Det er betre å dele ut pengar til eigarane enn å investere i nytt utstyr.

Difor var det ein milepæl då eit regjeringsoppnemnd ekspertutval la fram sine råd til regjeringa på ein pressekonferanse i måndag.

Men finansminister Siv Jensen hadde knapt fått rapporten i nevane før kritikken regna over utvalet frå både kraftkommunar og kraftprodusentar.

Les også

Vindkraftbransjen vil lokke kommuner med flere skattekroner

Utvalet foreslår å skrote dei skattane som hindrar investeringar, altså dei som gjer at elles lønsame investeringar blir ulønsame. Dei vil endre eigedomsskatten og fjerne dei to eldste skattane (meir om det nedanfor).

Det offentlege skal hente inn att inntektene ved å auke den statlege grunnrenteskatten, frå 37 til 39 prosent. Ein god del av dette blir så overført til kommunane, gjennom den såkalla naturressursskatten.

Kraftselskapa meiner utvalet ikkje løyser problemet med låge investeringar, fordi selskapa heller ikkje no får skrive av nok av investeringane på skatten. På det punktet er utvalet interessant nok delt, der fleirtalet vil føre vidare dagens modell.

Utvalet meiner sjølvsagt at dei har løyst problemet, og at endringane vil motivere til investeringar. Men dette er kompliserte skattetekniske greier, så eg skal ikkje gje meg ut på å felle nokon dom. Her står openbert store økonomiske interesser på spel, også for staten.

Det viktigaste for samfunnet er at systemet blir forma ut slik at ein faktisk når målet alle er samde om, om at investeringane faktisk aukar.

Les også

Tror norsk offshore har undervurdert vind

Eit annan punkt kraftselskapa heller ikkje vil bli glade for, er eit forslag om å innføre den ekstra grunnrenteskatten på verdipapiret «opphavsgarantiar». I fjor tente norske kraftverk to milliardar kroner på sal av slike verdipapir. Her vil skatten auke frå 22 til 61 prosent.

Mest dramatisk er forslaga for småkraftverka. Mindre kraftverk (under cirka 10 MW) har til no sleppt grunnrenteskatt. Det vil utvalet endre på. Småkraftverk er allereie i ferd med å bli utkonkurrert av vindkraft. Eksisterande småkraftverk vil få overgangsordningar, men 39 prosent skatteauke vil truleg bety at nye prosjekt blir skrinlagde.

Heller ikkje kraftkommunane var nådige i sin dom over utvalets rapport. Dei ser mørkt på at utvalet vil fjerne dei to viktigaste skatteordningane for kommunane, sjølv om utvalsleiar Per Sanderud på pressekonferansen forsikra at dei vil kome like godt ut som før.

Utvalet foreslår å fjerne konsesjonsavgifta, ein særskatt på 0,5 øre pr. kilowattime, og konsesjonskrafta. Den siste går ut på at vertskommune og fylke får kjøpe 10 prosent av krafta til sjølvkost, som dei kan selje vidare. Til saman er det snakk om 2,2 milliardar kroner i inntekter som forsvinn.

Men dette skal kommunane og fylka få tilbake ved at grunnrenteskatten blir auka. Kommunane får sin del av denne tilbake frå staten gjennom den såkalla naturressursskatten.

For å sikre at kommunane får nøyaktig like mykje som før, kan ein i tillegg legge inn eit tillegg i dei vanlege statlege overføringane til kommunane, ifølgje utvalsleiar Sanderud. Men dette er mindre sikre pengar enn dagens system. Slike overføringar kan enkelt endrast i statsbudsjettet.

Les også

Hans K. Mjelva: Billigsal av ein norsk konkurransefordel

Skatten på vindkraft gjer ikkje utvalet noko med. I dag sit vertskommunar for vindkraft att med småpengar i høve til vasskraftkommunane. For vindkraft er eigedomsskatt den einaste inntekta, i tillegg til eventuelle frivillige avtalar.

Les også

Kommunene tjener nesten ingenting på vindmøller. Nå vil bransjen betale mer skatt.

Men dette låg ikkje innanfor mandatet til utvalet. Dei nøyer seg difor med å foreslå at politikarane vurderar å innføre eit liknande system med grunnrenteskatt og naturressursskatt for vindkraft.

Det arbeidet bør setjast i gang raskt. Sjølv om dei fleste ordførarane som no står i striden mot vindturbinar i dagens Klassekampen seier pengar ikkje vil endre deira syn, er det rart med det: Utsikten til fleire titalsmillionar i årlege ekstratilskot til kommunekassa kan fort gjere naturinngrepa meir etande.

Det er i alle fall det vindkraftnæringa sjølv trur. Tildeling av nye område for vindkraft har langt på veg stoppa heilt opp på grunn av lokal motstand. Difor er vindkraftselskapa tilhengjarar av å skatte meir til kommunane.

Endringa av skatteregimet til kraftsektoren er overmogent for revisjon.

Rapporten burde legge grunnlaget for ei rask behandling i regjering og storting. Å ruste opp gamle kraftstasjonar er eit av dei minst konfliktskapande klimatiltaka ein kan gjere i Noreg.