Personleg trenar

Publisert:
Asbjørn Kristoffersen

Foto: Paul Sigve Amundsen (arkiv)

Vi er enno ei samling forhutla sjeler i slaske skrottar som aldri har sett våre miserable stylter i eit treningsstudio. Ein taparbøling som tutlar og putlar seg gjennom livet, utan nokosinne å ha jogga. Den einaste trøysta er at vi er ein utdøyande rase.

No er det blitt fleire helsestudio enn sauefjøs her til lands, så vidt eg har forstått. Dei nye oppdrettsmerdane er fylte til randa med folk som tek mål av seg til å sjå ut som sine eigne reklameplakatar. Fit og fresh. Ei fit og fresh sjel i ein fit og fresh body.

Men helsestudio er for oppkomlingar. No er det også blitt fleire personlege trenarar enn vaskedamer i landets mest velsituerte grannelag, har eg fått med meg. 2500 kroner timen skal vera prisen for den mest ettertrakta heimehjelpa for folk som til kvar tid tek ansvar for si eiga statusoppdatering.

Kvar muskel tel når skrotten skal finjusterast. Kvar kalori, kvart protein, kvar karbohydrat. Det skal teljast og målast og vegast. Det skal grovtyggjast og fintyggjast og nippast. Det skal vera klasseskilnad mellom dei som går på helsestudio og dei som har personleg trenar. Kundane kan vera langt nede i barneskulealder. Dei skal tidleg krøkjast som vakkert lik vil bli.

Vi som let forfallet gå sin gang, stiller utanfor konkurranse. Vår einaste redningsvest er oppvekst i dei tidlege etterkrigsåra, då folk var naturleg slanke og naturleg trente. Vi hadde ikkje råd til å skyfla i oss. Billege, tomme kaloriar var ikkje oppfunne. Barnearbeid var utbreidd. «Gå ut og vér!» gaulte mødrene våre, om vi søkte tilflukt i heimen. Norsk, gjennomsnittleg levealder låg på verdstoppen.

No er redningsvestane demonterte. Japanarar og spanjolar og andre framande folkeslag har overteke langtlivrekordane. Utrente, gamle skrottar er dyre i drift. Folketrygda ynkar seg i saumane. Med grosserarvom og grevinneheng skal vi nok greia å tømma trygda lenge før dei seigliva, vandrande reklameplakatane takkar av. Utan personlege trenarar.

Publisert: