Politisk klimakrise på Os

No er det mykje nei-stemning i ja-kommunen.

KA? OS! Ordførar Terje Søviknes og utvalsleiar Gustav Bahus, båe frå Frp, står saman om mykje. Her feirar dei E39-vedtak om nyvegen til Bergen i 2014.

Marita Aarekol (arkiv)

Det bles opp til storm på Osøyro. Ingrediensane er både personalpolitikk og rolleforståing, men først og fremst er det noko anna som no viser seg:

Tjue års hardkøyr i superkommunen Os har sjølvsagt også negative konsekvensar.

Os & Fusaposten har dei siste vekene gått tungt inn ei personalsak som har tunge, politiske overtonar. Plan- og bygningsutvalet har over lengre tid vore ein real politisk kamparena i Os.

Det er ikkje i seg sjølv negativt. Altfor mange lokalpolitikarar ser det som ei hovudoppgåve å stø administrasjonen, i staden for å gå kritisk til verks.

Men i Os har det gått for langt – på fleire sider av bordet. I fjor sommar gjekk to av dei fremste toppane i administrasjonen frå møtet etter endå ein strid.

I ettertid sende Frp og Høgres folk i utvalet eit brev til rådmannen der dei bad om «uforbeholdne unnskyldninger» og «hundre prosent lojalitet».

Og no kan BT legge fram open kritikk frå opposisjonen mot mangeårig utvalsleiar Gustav Bahus, som også er leiar for Vestland Frp.

Les også

Ba om hundre prosent lojalitet, uforbeholden unnskyldning og skryt av eget arbeid. Her er Os-politikernes krav til fagfolkene

«Det kommer stikk mot de ansatte om deres faglige dyktighet. Det er en undertone som er ekstremt uheldig og veldig vanskelig å være vitne til», seier Aps Trine Lindborg til BT i dag.

Når Gustav Bahus seier han «av og til kan være litt uformell i sin lederstil», er det ein temmeleg formell omtale av eigen oppførsel. Det er politisk klimakrise i Os no.

Kva er det eigentleg som har skjedd i Framstegspartiets aller viktigaste utstillingsvindauge?

I årevis har kommunens populære Frp-ordførar og sterke mann, Terje Søviknes, sagt at Os skal vere ein «ja-kommune».

Det kan verke som ein lokalpolitisk floskel. I Os har det derimot vore heilt styrande for utviklinga: Når nokon vil få til noko, opne noko eller bygge noko, bør dei få ja. Det skal vere svært gode grunnar til å nekte dei.

Les også

Jubel for bedriftseier i Os: Først milliardkontrakt, så Liverpool-seier

Fylkeskommunale eller statlege planar treng ikkje vere ein slik «svært god» grunn. Derfor har vedtaka i plan- og bygningsutvalet gjerne gått mot små og store krav og reglar.

Slikt tærer på ein administrasjon som stadig opplever at deira faglege integritet blir sett på prøve. Byråkratiets ønske om å følgje lover, reglar og vedtak kan i mange saker stå mot politikaranes ønske om å skjere gjennom og skape vekst i Os.

Ingen av krava er eigentleg illegitime, men det skal svært sofistikerte leiareigenskapar til for å unngå konflikt her.

Når opposisjonen no fortel ope om det dei meiner er stikk frå Bahus mot administrasjonens kompetanse, seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å unngå bråk.

Det er mykje som går godt i Os. Dagens kommune ville ifølgje SSB gått frå litt over 20.000 innbyggarar i 2018 til nesten 30.000 i 2040. Ein sånn vekst er det få som kan vise til.

Les også

Her smeller siste salve i Lyshorntunnelen. Kjøretiden Os-Bergen blir halvert.

Frå nyttår går kommunen saman med Fusa i nye Bjørnafjorden. Fusa har ein langt svakare folketalsutvikling. Likevel ligg det meste an til at dagens styringsregime kan halde fram i kommunen.

Dermed er det ingen grunn til å tru at dette går over av seg sjølv. Skal Bjørnafjorden vere det utstillingsvindauget for blå lokalpolitikk som Os har vore, må dei greie å drive på ein måte som foreiner fagleg integritet med politisk vilje.

Dei er avhengige av dyktige medarbeidarar som får rom til å gjere jobben sin på ein skikkeleg måte. At politikarane har det endelege ordet, er ikkje det same som at fagfolka i kommunen ikkje har noko dei skulle ha sagt.

Det er likevel eit heilt ope spørsmål om dette får noko som helst å seie for valet. Fort vekk er populariteten til Terje Søviknes så sterk at Frp lever gjennom dette òg.