Senterpartiet får konkurranse om veljarane

Når Frp frigjer seg frå regjeringskontora, er det klart for kamp på den populistiske fløya.

Publisert Publisert

FÅR MOTSTAND: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gjer det godt på meiningsmålinga. Etter at Siv Jensen og Frp går ut av regjering, får Vedum truleg tøffare motstand, meiner kommentator Morten Myksvoll. Foto: Berit Roald, NTB scanpix (Arkiv)

  1. Leserne mener

Siv Jensen og Framstegspartiet hennar er lei av å sitje i regjering. Det var ikkje gøy lenger, sa ho. Gjennomslaga vart for få, politikken vart for grå og veljarane har blitt færre.

Éi av årsakene til at det har gått trått på meiningsmålinga for regjeringspartia, har vore Senterpartiets vekst. Gliset til Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har berre blitt breiare etter som målingane har gått oppover.

Eit friare Framstegsparti kjem til å gå etter desse veljarane. Sjølv om det trengst kraftige klimakutt, kan det bli mykje prat om billegare bensin framover.

Podkast: – I dag var Siv Jensen som ei statskvinne

Sp har brukt Solbergs og Frps regjeringstid på å reindyrke rolla som distriktsalternativet i partifloraen. Før handla det mykje om landbruk, men Solberg-regjeringa har gitt Vedum mykje å spele på.

Vedum har lukkast i å måle regjeringa som ei sentraliserande makt, godt hjelpt av Erna Solbergs (H) mange reformer.

Frp verken kan eller vil gå etter dei som har stemt på Sp lenge, for landbrukssubsidiar ligg ikkje akkurat nær Frp-sjela. Frp kan heller ikkje gå etter dei veljarane som er mest oppteken av sentralisering. Så sjølv om Frp var motstandar av regionreformen, vert ikkje Vestland splitta igjen.

Ein slik omkamp vil berre Senterpartiet tene på.

Men Frp vil jakte deler av Sp-veksten. Det kan bli ein interessant kamp, for Vedum har gått aktivt etter dei veljarane som har vore misnøgd med Frp i regjering.

På den første meiningsmålinga etter at Frps uttreden vart kjend, gjekk Frp fram med 5,9 prosentpoeng. Senterpartiet gjekk kraftig tilbake.

Senterpartiet vil ha lågare bensinprisar enn det dei har vore med Frp i regjering.

Dei vil ta imot færre kvoteflyktningar enn Frp har gått med på.

Sp har òg markert avstand til dei andre raudgrøne parti i klimapolitikken, og beitar dermed på Frps klimaskeptiske mark.

Dette er saker Senterpartiet vil slite med å få gjennomslag for i ei raudgrøn regjering – akkurat slik Frp har slite i den borgarlege regjeringa. Men dårlege utsikter til gjennomslag har aldri stoppa politikarar i medvind.

Les også

Frp truer med å nulle ut KrF-gjennomslag om bioteknologi og eggdonasjon. Samtidig risikerer Frp å bli spilt utover sidelinjen i andre saker i Stortinget.

Kjernen i populismen er å setje opp ei overdriven motsetjing mellom folket på den eine sida, og elitane på den andre. «Sunn fornuft» veg då tyngre enn kvalifisert kunnskap og kompetanse.

Det er ikkje store forskjellen på Vedums kritikk av ekspertar og tidlegare Frp-formann Carl I. Hagens kritikk av det han omtala som «skreddar- og vevarøkonomar» som skulle definere økonomisk politikk.

No får Sp konkurranse frå Frp på det som har vore Frps paradegrein. Det kan bli ei utfordring for Sp. Sjølv om dei har blitt komfortable i rolla, speler dei på bortebane. Frp kan populisme.

Sp likar heller ikkje å bli slått i hartkorn med Frp. Vedum snakkar berre til vanlege folk i distriktet, vil dei seie, og bodskapen finn klangbotn hjå mange.

Spør ein Frp-arar, seier dei mykje det same. Dei snakkar til «folk flest».

Kampen mellom Senterpartiet og Framstegspartiet blir hard. For det er stor overlapp mellom vanlege folk og folk flest.

Oppdatert: Kommentaren er oppdatert med informasjon om ei meiningsmåling frå TV 2.

Publisert