Parti søkjer makt

No er Audun Lysbakken så trygg på suksess at han til og med tør å snakke om sosialisme.

TRAMPEKLAPP: Audun Lysbakken har gått frå zero til hero som SV-leiar. I sin landsmøtetale spøkte han til og med med sperregrensa. Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

SV-leiar Audun Lysbakken kunne sannsynlegvis ha lese opp frå baksida på ein mjølkekartong og likevel fått trampeklapp under opninga av SVs landsmøte på Gardermoen denne helga.

Frå den mildt sagt famlande starten i 2012, der han kombinerte opprykk som partileiar og nedrykk frå regjeringa, har Lysbakken blitt ein slags partikonge. I denne talen tok han til og med sjansen på å spøke med sperregrensa: «Det har eg venta på i årevis», sa Lysbakken til latter frå delegatane.

Han hadde ei klar melding til alle dei i SV som stiller til val denne hausten: No skal SV-arane søkje makt og posisjonar. Han vil ha ordførarar i alle landsdelar og vere ein del av maktgrunnlaget i alle dei store byane.

Les også

Lysbakken: - Nå er det overklassen sin tur å til å stramme livreimen

Då må ein god del SV-arar, til dømes i Lysbakkens heimby Bergen, vere villige til å tenkje meir pragmatisk rundt samarbeid og kompromissar enn dei har gjort til no.

Årets landsmøte teiknar til å bli det minst dramatiske SV-landsmøtet på årevis. I korridorane blir det kviskra om at det nesten er litt keisamt.

Partiveteranar mimrar om dei tidene då landsmøtesalen var ei slagmark og det var offisielle fraksjonar i SV. I år skal SV-arane diskutere litt bompengar og vindmøller, i tillegg til å velje mellom Torgeir Knag Fylkesnes og Kari Elisabeth Kaski som ny nestleiar.

Les også

Hun fronter vindkraft-motstand i SV

For eit parti i medvind er det ingenting som er betre enn ro og fred i rekkjene. Så får det heller vere at ein del i salen kunne ha ønskt seg meir sus i serken.

SV har alltid vore eit parti med hjartesaker som har langt høgare oppslutning i folket enn kva partiet har oppnådd i val. Under Kristin Halvorsen løfta SV barnehagar, grøn transport, antirasisme og mykje anna.

Spørsmålet var berre: Kva gjer at desse sakene heng saman? Lysbakken gjorde i sin tale noko Halvorsen stort sett heldt seg unna: Han brukte s-ordet.

Lysbakken erklærte rett og slett Noreg som eit land der sosialismen har fungert. Det kan han gjere vel vitande om at det bles ein venstrevind over den vestlege verda.

Les også

SV-lag vil si nei til bompenger. – Uansvarlig, svarer Vestland SV

For tida blir populist-stempelet brukt om så å seie alle politikarar som vågar å vere litt rett på sak. Det er ikkje rett å kalle Vedum ein populist når han snakkar om nei til ulv, EU og sentralisering. Dette har Senterpartiet meint i både gode og vonde dagar.

På same måte er heller ikkje Lysbakken ein populist når han vil ha direktørskatt, spekulantskatt og maktskatt (kva no enn det siste måtte vere). Det er ingenting nytt i at SV vil ha høgare skatt for dei rikaste.

Men det må vere lov å seie at Lysbakken har blitt meir folkeleg og kanskje publikumsvenleg med åra (sjølv om han opna talen med å seie at det finaste med Noreg ikkje er Bergen, men at forskjellane er små).

Les også

SV vil ha skattefradrag for busskortet

Den sosialismen Lysbakken snakkar om no, er nok lettare å formidle enn den han stod for tidlegare. Ein gong i tida ville Lysbakken leggje ned Oslo Børs. No er han mest oppteken av at den ikkje skal bli selt til utlandet.

Inspirert av amerikansk venstreside vil Lysbakken ha ein «ny, grøn deal». SV treng nok ein klarare idé enn dei har hatt om kva vestlendingane skal drive med den dagen oljeindustrien er på hell.

Til no har SV blitt oppfatta som meir motivert for å leggje ned oljenæringa enn å opprette noko nytt. Det held ikkje i lengda for eit parti som har ambisjonar om å «vere på lag med arbeidsfolk».

Så får tida vise om Lysbakken greier å få menn i privat sektor til å røyste SV, eller om SV også i framtida vil vere partiet for velmeinande kvinner i offentleg sektor.

Kommentatoren har tidlegare vore aktiv i SV og har arbeidd i eit engasjement ved SVs partikontor (2012–2013).