Når hjernen går til krig mot seg sjølv

Skal me klare å forhindre sjølvmord, må me prøve så hardt me kan å forstå det uforståelege.

Publisert Publisert

VIKTIG OPENHEIT: «Noreg treng ein opplyst samtale om sjølvmord. Familien til Behn gav oss den sjansen då dei var opne om sjølvmordet», skriv Morten Myksvoll. Foto: Jon Olav Nesvold, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Ari Behns dødsfall kom overraskande på ein heil nasjon, men statistikken han no vert ein del av, er skremmande stabil. Kvart år tar 5–600 menneske livet sitt. To av tre er menn.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er medianalderen 47 år, og så gammal vart Ari Behn.

Det er nyttelaust og respektlaust å spekulere i kvifor han tok livet sitt. Men me veit korleis det enda. Noreg treng ein opplyst samtale om sjølvmord. Familien til Behn gav oss den sjansen då dei var opne om sjølvmordet.

Me bør ta betre vare på kvarandre, men òg på oss sjølve. Me må heile tida bli betre til å sjå folk som slit rundt oss, og innsjå når me slit sjølve.

Så må me søkje hjelp.

Først og fremst må me forstå kva sjølvmord er for noko. Men sjølvmord er ufatteleg vanskeleg å forstå. Det strir mot dei mest grunnleggande instinkta til menneska.

Livet kan jo bli betre, dersom ein held seg i live. Tar livet slutt, blir det ikkje betre.

Men rasjonaliteten har sine klåre grenser. Når hjernen går til krig mot seg sjølv, vert alt det sett til side.

Det held ikkje å seie at depresjon og suicidalitet er ein sjukdom. Ein må forstå kva det betyr.

Les også

– De fleste som ringer nevner Ari Behn

Eg aksepterer ikkje dogmet om at sjølvmord er eit val. Det er ikkje feigt, egoistisk eller noko sånt. Det er berre trist. Og dei som går til det steget, ser nok på sjølvmordet som det einaste ein kan gjere for å døyve smerta ein står i.

Det er ikkje personen som tar livet sitt. Det er sjukdomen som tar livet av personen.

Difor er ingen immune. Suksess og velstand er ikkje ei vaksine mot psykisk sjukdom. Der psykisk sjukdom skil mellom ressurssterke og ressursfattige, er i kva hjelp ein kan få. Det er altfor lang ventetid for å få hjelp frå det offentlege. Der trengst det eit krafttak.

Les også

Morten Myksvoll: «Knekk du foten får du hjelp til alt av vidare behandling. Knekk du saman må du gjere jobben sjølv»

I kjølvatnet av den tragiske hendinga, har det ikkje mangla på gode ord om Ari Behn. Han var kunstnaren som gifta seg med prinsessa, han var ein unik forfattar og dei som kjenner han skildrar det viktigaste som kan seiast om nokon: han var eit godt medmenneske.

Det er trist at han ikkje fekk høyre desse orda då han var i live. Men me må ikkje tru at fleire kompliment kunne ha redda livet til Ari Behn. Då tar ein ikkje høgde for kor øydeleggande psykisk sjukdom kan vere. Og kjærasten fortalde kvar dag at ho elska han.

SORG: Folk tenner lys for Ari Behn på Slottsplassen 2. juledag, dagen etter at han tok livet sitt. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix

Når ein lid av depresjon, kan alt det positive forsvinne i eit botnlaust mørke. Eit kompliment kan vare i ein augneblink. Ein negativ tanke verkar å vare evig.

Og når ingen ser sjukdomen fordi den er usynleg, er det altfor lett å tru at ingen bryr seg. At ein er åleine mot verda.

Det er ein nesten aldri. Det finst alltid nokon ein kan snakke med.

Psykisk sjukdom er så skremmande vanleg at det burde vere lettare å prate om. Den kjem i mange variantar, og det er aldri enkle svar. Mine erfaringar skil seg frå andres opplevingar. Difor er ikkje svara openberre.

Det sikraste er å snakke med nokon, og ikkje låse seg inne med tankane.

Men det er ulideleg vanskeleg. Tida følast aldri rett, og har ein det først fint med ein ven, følast det som om ein øydelegg den gode stemninga.

Samtidig kan sjukdomen ha overtydd deg om at ingen bryr seg, eller at du ikkje betyr noko. Det er ein vond sirkel av falske tankar som er vanskeleg å bryte. Ein slik prosess kan bryte ned dei sterkaste menneska.

Les også

Forleggeren forsøkte å overtale Ari Behn til å endre slutten på sin siste bok «Inferno». Her skriver forfatteren at han kommer til å dø.

Behn snakka om problema sine, blant anna gjennom si siste bok «Inferno».

«Den handler om sorgen over alt som ikke ble, og renselsesprosessen, forsøket på å gjenfinne seg selv og nye rutiner. Å komme seg gjennom det mørke og svarte», sa han til Dagbladet.

«I et inferno er det jo å møte det verste i seg selv, og forhåpentligvis komme gjennom», sa Behn om tittelen då han vitja Torp på NRK i 2017.

Det klarte han dessverre ikkje.

Medan han kviler i fred, finst håpet om at me som samfunn og gode medmenneske kan hjelpe den neste.

Publisert