For meg er det NSB som gjeld. Uansett.

Regjeringa kom slepande med ei jernbanereform, men tok aldri høgd for kor glade nordmenn er i toget. Då kunne det aldri gå bra.

Publisert Publisert

FINSE: 1222 meter over havet ligg Finse stasjon. Hit kjem du deg ikkje med bil, men i 111 år har NSB teke deg trygt hit. Foto: Rune Sævig (arkiv)

  1. Leserne mener

Oldefar var rallar. Han starta yrkeslivet rett nord for Steinkjer. Sville for sville jobba han seg gjennom barsk natur. Sommar og vinter.

Ved Fauske, aust for Bodø, gjekk han av med pensjon. Då hadde han vore med på bygginga av om lag fem hundre kilometer jernbane. Det er eit livsverk som vil ruve for all tid.

Les også

Nå er NSB-uniformen historie

Sivert Nyhagen skaffa også jobb til dottera si. Dermed blei bestemor anleggskokke under krigen. Der møtte ho han som skulle bli min bestefar.

Under krigen jobba dei på same anlegg som tusenvis av serbiske, ukrainske og russiske krigsfangar over Saltfjellet. Forholda for krigsfangane var forferdelege.

Til saman mista to tusen av dei livet. Denne historia er framleis ukjent for mange nordmenn.

Bestemor fortalde ikkje så mykje om det, men heime hadde ho eit lite, handlaga treskrin ho hadde fått av ein russar som takk for at ho gøymde unna mat til fangane.

Dette er farsslekta. Men det var togfolk på morssida òg.

HEIM TIL JUL: Det finst knapt eit meir julete framkomstmiddel enn tog. Her passerer jernbanen ein plass mellom Voss og Upsete. Foto: Jan M. Lillebø (arkiv)

Tippoldefar E.A. Gundersen var ordførar for Venstre i Kristiansand på starten av nittenhundretalet. Han engasjerte seg tungt i bygginga av Sørlandsbanen.

Det vil seie: På den tida var namnet Vestlandsbanen, fordi Sørlandet lenge blei rekna som ein del av Vestlandet. Faktisk kom avisa Vestlandske Tidende ut i Arendal så seint som i 1966.

Men Gundersen visste råd: Etter tida som ordførar fekk han plass på Stortinget. Her reiste han mellom anna framlegget om at namnet skulle vere Sørlandsbanen. Det blei vedteke i 1913.

Les også

Her blir Vys nye milliardkontrakt signert

No reiser ikkje folk lenger med Sørlandsbanen. No skal dei ta Sørtoget. Namnet er nesten like pinleg som Viken, Vestland og Vy. Eg håpar ikkje tippoldefar sit ein eller annan plass og får med seg dette tullet.

Etter tingmann Gundersen har eg arva ein suppeterrin i sølv. Den fekk han av Kragerø som takk for at han skaffa byen sidejernbane frå Neslandsvatn.

Den påkosta sølvterrinen og det enkle treskrinet fortel ei historie om eit klassedelt Noreg. Men dei fortel også noko meir: Om eit Noreg som trass i kva ein kunne vente, dreiv fram jernbane mot sør, vest, nord og aust.

Det er her eg trur vi finn noko av forklaringa på kvifor folk er så rasande mot Vy og Go-Ahead og Bane NOR SF og kva det heiter alt saman.

VY: Nye og gamle tog står om kvarandre på jernbanestasjonen i Bergen. Rett før jul signerte Vy kontrakt for togtrafikk på Bergensbanen for ti nye år. Foto: Bård Bøe

For jernbane i Noreg er ikkje berre ein tilfeldig måte å kome seg fram på. Det er nasjonsbygging på sitt aller finaste.

Vi har bygd det i lag. Vi har eigd det i lag. Det er vårt.

Her gjekk det så gale for jernbanereforma. Det har vore eit sterkt ønske om at det måtte skje noko med jernbanen. Den sitjande regjeringa leverer så det held: Vedlikehaldstakta aukar og passasjertalet går opp. Det er svært bra.

Men andre delar av jernbanereforma er mindre populære. I sommar kom det fram at Vy opplevde tidenes omdømmefall etter namneendringa frå NSB.

Namn er ikkje berre føleri og nostalgi. Det seier noko om kva ein driv med og kven ein er til for. Det er ganske openbert at Noregs Statsbanar hadde eit anna samfunnsoppdrag enn Vy.

Det er absolutt ingenting ved topografien som skulle tilseie at Noreg kunne bli eit togland. Likevel har Bergensbanen sust langs fjordane, over fjella og gjennom dalane i 110 år. Som ein kollega av meg sa: Du kan ikkje stave Bergensbanen utan NSB.

Les også

Vy betaler 2,2 milliarder for å kjøre Bergensbanen de neste elleve årene

Men konkurranse, då? Det er vel ikkje så dumt?

Til no har NSB og Vy fått to hundre millionar frå staten for å drive Bergensbanen. No skal same selskap drive same bane, men skal heller betale to hundre millionar til staten.

Det er jo vel og bra. Samstundes blir det for enkelt å berre slå fast at staten no sparer fire milliardar på ti år, slik omkvedet frå stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) og andre frå regjeringspartia har vore.

For NSB har hatt overskot på mange hundre millionar dei siste åra. Og kven eigde NSB, altså noverande Vy? Staten.

Med andre ord: Om Vy til dømes betaler meir for å køyre tog til Bergen, men får lågare overskot å gje til staten, har ikkje fellesskapet tent ei krone.

Kanskje går det bra. Men å allereie no gratulere seg for pengar vi ikkje har spart, verkar litt prematurt. Samstundes har talet på direktørar med millionløningar i jernbanesektoren eksplodert, slik NRK viste i sommar.

Eg trur ikkje oldefar brukte eit liv på å byggje bane for at Geir Isaksen skulle gå av som Vy-sjef og likevel få ei konsulentløn på 3,2 millionar kroner.

Jernbanen er ikkje ei tilfeldig teneste. Jernbanen er som vasskrafta eller likestillingspolitikken: Noko stort og viktig vi har skapt saman og som gjer landet vårt betre å bu i.

For meg er det NSB som gjeld. Vy var eit blindspor. Namnet er dårleg, men tanken bak er verre. Alle tabbane i reforma er med på å slite ut reformviljen i folket. Og den trengst.

No er NSB blitt til Vy som ein del av jernbanereforma. Lokførarane får ikkje lenger ha den stolte uniformslua på, men har i staden fått tildelt ein skuggehuve. Det summerer i grunnen greitt opp heile problemet.

Du driv ikkje nasjonsbygging med ein polyestercaps frå Kina på hovudet.

Publisert