Pasienten er ikkje ein kunde

Høgre og helseminister Bent Høie vil bygga «pasientens helsevesen». Det er mange grunnar til at det er ein dårleg ide.

Publisert:

DÅRLEG IDE: Fyrst når helseminister Bent Høie forstår at helse ikkje er ei salsvare kan han håpa å redda helsevesenet frå eldrebølgje og mannskapsmangel, skriv Ingebjørn Bleidvin. Foto: Bøe, Torstein / NTB Scanpix

Ingebjørn Bleidvin
Gjestekommentator i BT

Noko eg brukar mykje tid på i jobben som fastlege er å forklara folk kva dei ikkje kan få, og forklara kvifor dei eigentleg ikkje bør ønska seg det.

Ingen antibiotika, fordi det skapar resistente bakteriar. Ingen sovemedisin, fordi du blir avhengig. Ingen MR, fordi det ikkje er vits i. Det er forskjell på å tenkja «Korleis kan eg best hjelpa denne personen» og «Eg må skaffa denne personen det han seier han vil ha».

Eit av regjeringa sine store valkampløfter var å laga «Pasientens helsevesen». Det er noko uklart kven sitt helsevesen dei meiner me eigentleg har i dag, men planen inneheld nokre gode punkt, som auka prioritering av rus- og psykiatri-feltet. Men ei auka satsing på fritt behandlingsval, pakkeforløp, masse rettar og fristar, og fleire private aktørar gir grunn til bekymring.

Den fyrste og viktigaste innvendinga mot «Pasientens helsevesen» er kunde-tankegangen det blir lagt opp til. I Norge, landet der velferdsstaten har teke amfetamin og durar på utan stans, har krav og forventningar til det gode liv gått gjennom taket dei siste ti-femten åra. Alle skal ha det heilt bra, heile tida, om ikkje skal dei ha seg ei sjukmelding.

Det som delvis reddar situasjonen er at me har bygd opp helsevesenet slik at legar og anna helsepersonell ikkje treng å tenkja på kva den enkelte pasient trur er best, men på kva som faktisk er best.

Les også

Ingebjørn Bleidvin: Nei til helsesjekk

Før alt for mange kokar over av indignasjon over slik betrevitande lege-arroganse, vil eg understreka: Pasienten må alltid bli sett, spurt og høyrt. Her har helsevesenet mykje å gå på. Dei fleste pasientklager handlar om dårleg kommunikasjon.

Men det er svært mange tilfelle der det som ville vore betre for den enkelte pasient må veljast vekk av omsyn til fellesskapet. Antibiotikabehandling er det viktigaste eksempelet. Andre er klok bruk av MR-maskiner og å bruka allmennlegar i staden for gynekologar til celleprøvar.

Ofte er òg måtehald til glede for pasienten. Mange er småsure når dei går ut av fastlegekontoret med tilvising til fysioterapeut i staden for ortoped, men farane ved narkose og operasjon er ikkje alltid verdt risikoen. Ny forsking viser at tusenvis av nordmenn truleg er unødvendig operert i skulder og kne dei siste 15 åra.

Når ein driv butikk og har kundar er det vanskeleg å ta slike overordna omsyn. Har du kundar må du selja for å overleva.

Skulle handelsnæringa tenkja på samfunnskonsekvensar av kvart einaste sal ville det florert av situasjonar som dette i norske kjøpesenter:

«Jadå, det er stor etterspørsel etter bikini til femåringar, men vår butikk har ikkje dette inne, ettersom me har avgjort å ikkje bidra til seksualisering av småjenter og aukande kroppspress.»

Den andre viktige grunnen til at helsevesenet ikkje kan driftast som eit kjøpesenter, er at helsepersonell er ei mangelvare og eit fellesgode. Utvalet av vaskemaskiner, hårklipp, personlege stylistar eller lenestolar kan aukast i det uendelege så lenge nokon er villige til å betala.

Slik er det ikkje med helsetenester. Det er faktisk eit tak på kor mykje medisinsk behandling det norske samfunnet kan tilby. Både legar og sjukepleiarar er svært dyre å utdanna.

Når grunnutdanninga er ferdig, ventar det for dei fleste lange spesialiseringsløp der dei spissar seg innan si nisje, anten det er som diabetessjukepleiar eller nevrokirurg. Også dette er dyrt, og krev arbeidsgjevarar som ser nytta av å bruka tid og ressursar på slik utdanning.

I eit privatsjukehus der tid er pengar og aksjonærane skal ha utbytet sitt, er det vanskeleg å rettferdiggjera hospitering og undervisning, men dei hentar sine tilsette frå det offentlege. I praksis vil meir personale i privatsjukehus bety færre til å jobba i heimesjukepleia, på sjukeheimane våre og på universitetssjukehusa.

Meir plass til pasientorganisasjonar er eit tredje problematisk punkt i regjeringa sitt helseprogram. Det høyrest bra ut på papiret. Det dekkjer likevel over at ein del pasientorganisasjonar er lite meir enn glorifiserte lobbyistar for eigne interesser.

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) er eit godt eksempel. Dels driv dei idealistisk pasienthjelp. Men i aukande grad dei siste åra har LHL begynt med heilkommers, privat sjukehusdrift og såkalla "helseforsikring". Det siste er eit unødvendig lureprodukt, som LHL marknadsfører gjennom aktiv undergraving av folk sin tillit til det offentlege helsevesenet.

Er det slike organisasjonar som skal tala sjuke folk si sak i “pasientens helsevesen”?

Fyrst når helseminister Bent Høie forstår at helse ikkje er ei salsvare kan han håpa å redda helsevesenet frå eldrebølgje og mannskapsmangel.

Sjukehuset som kjøpesenter og pasienten som kunde vil gje oss alle både dyrare og dårlegare behandling. Nokon må få Høie til å forstå at dette er eit helsevesen han ikkje kan få, og eigentleg ikkje bør ønska seg.

Publisert: