Tid for å flyge igjen
Norwegian er redda og Wizz Air gjev opp. Bra for norske flytilsette, dårleg for passasjerar som vil ha superbillige flybillettar.
- Hans K. MjelvaKommentator i BT


Er norsk luftfart på veg tilbake til normalen?
Onsdag gliste Norwegian-sjef Jacob Schram utanfor hovudkontoret på Fornebu, framfor ein stor, raud plakat med påskrifta «We’re back». Norwegian var endeleg redda frå konkurs.
Tre dagar seinare meldte ungarske Wizz Air at dei gjev opp å flyge innanriks i Noreg.
Båe deler var gode nyheiter for dei norske tilsette i bransjen. Wizz Air flaug innanriks med ungarske lønningar, som er ein brøkdel av dei norske. Hadde dei lykkast, ville Norwegian og andre kunne følgje etter.
No ser det ut til at faren er avverja førebels, sjølv om Wizz Air har vist at smottholet i regelverket er der for den som vil.
For Norwegian er bortfallet av ein så seriøs konkurrent godt nytt, noko som viste att i aksjekursen måndag.
Det var neppe tilfeldig at Wizz Air trekte seg ut tre dagar etter at Norwegian var redda. Det ungarske selskapet kalkulerte nok med at den norske konkurrenten skulle gå konkurs.
At det ikkje gjekk slik, skuldast svært godt handverk frå leiinga i Norwegian. Selskapet gjekk inn i krisa med eit digert berg av gjeld, og var i trøbbel allereie før pandemien.
No er gjelda redusert frå 40 til 7–8 milliardar kroner, og leigekostnadene på flya redusert kraftig.
Koronakrisa kan faktisk ha redda Norwegian, noko avgåande SAS-sjef Richard Gustafson påpeika til Dagens Næringsliv i helga: Utan krisa ville neppe Norwegian klart å kutte gjeld så kraftig og få så gunstige leigeavtalar på flya.
SAS sjølv er blitt redda av store pengeinnsprøytingar frå eigarane, den svenske og danske staten. Til glede for norske flypassasjerar, som dermed framleis har ein konkurrent til Norwegian.
For det flyglade norske folket hadde det nok vore ein fordel at Wizz Air heldt fram, sjølv om dei neppe kunne fortsett med flybillettar til 49 kroner. Med Wizz Air ute, blir det mindre konkurranse på norske innanriksruter.
Spørsmålet er om den andre nykommaren som er etablert under krisa, Flyr, vil overleve på lang sikt. Det spørst kor avhengig deira strategi òg var av at Norwegian gjekk konkurs.
Folk vil flyge igjen etter kvart som verda opnar opp att. I sommar vil truleg dei fleste feriere, og flyge, i Noreg. Men for dei som absolutt vil til utlandet, er det gode nyheiter at EU-landa er samde om å innføre eit vaksinepass, som òg Noreg truleg vil slutte seg til.
Norwegian vil byrje direkteflygingar til typiske feriestader i Europa som Roma, Praha og Kypros i juli.
Regjeringa reknar med at alle over 18 år har fått tilbod om første vaksinedose innan utgangen av juli. Elles i Europa er òg vaksineringa kraftig på veg opp.
Viss vaksinane viser seg nokolunde sikre mot dei ulike virusmutantane, tyder mykje på at det kan bli trygt å ta seg ein utanlandstur til hausten.
Avinor-sjef Abraham Foss trur på at mange vil reise i haustferien, men at det først losnar skikkeleg på norske flyplassar i 2022.
Eg trur vi i ettertid vil sjå at det siste året har endra verda meir enn noko anna enkeltår sidan oljekrisa på 1970-talet. Held vi oss til luftfarten, kan ein allereie no rekne med at eitt år med opplæring i videomøte vil føre til færre jobbreiser.
Det som er vanskelegare å vite er kva følgjer endringane i internasjonal klimapolitikk det siste året vil få for flytrafikken. EU, og dermed Noreg, ligg an til å innføre ein skatt på flybensin.
I tillegg vurderer dei å legge luftfarten inn under EUs kvotesystem. Det vil auke prisen på drivstoff, som flyselskapa må ta att ved å auke billettprisane.
Auka klimamedvit kan òg gjere at folk vel å flyge mindre, sjølv om eg har min tvil om at den effekten blir særleg sterk. I alle høve ikkje på kort sikt.
Til det er suget etter å kome seg vekk etter eitt år i koronahelvetet, alt for stor.
Les mer om dette temaet
Norwegian ute av konkursbeskyttelsen: – I dag har vi skrevet historie
Norwegian-ansatte etter kriseåret: – Vi har hatt litt hjertet i halsen
SAS flytter «lavkost»-base fra Malaga til København: – En krigserklæring
Bjørn Kjos på aksjonærlisten i Norwegian
Det er ikke sikkert Wizz Airs mageplask bare er godt nytt for flyaksjene
Mest lest akkurat nå
Politiet: Siktede er kjent for PST fra tidligere
Vil fengsle mann for Nav-trusler. - Var ruset og aggressiv.
Kvinne savnet på Hardangervidda
42 år gammel mann siktet for drap, drapsforsøk og terrorhandlinger
Slik var sommerdagen: – Glad vi ble her
Før visste kun lokalkjente om stølen. Så kom en «turfluenser».