Etter ti år bør Litteraturhuset finne opp seg sjølv på nytt

Kristin Helle-Valle var kvinna som skapte Litteraturhuset i Bergen.

Men eg er glad Kristin Helle-Valle skapte eit hus for publikum, ikkje for Tomas Espedal og Erling Gjelsvik.

Publisert: Publisert:

Med jernviljen til Bismarck og nettverket til Sophie Elise greidde Kristin Helle-Valle å gjere ideen om Litteraturhuset i Bergen til røyndom.

For nøyaktig ti år sidan opna huset som alt var feil med: Romma var ueigna til opplesing, dei tilsette mangla litterær kompetanse, dei rette miljøa i byen var ikkje inkludert – og ifølgje poet Henning Bergsvåg var ølprisane for høye.

Huset blei fødd i strid: «Det virker på meg som om styret har funnet den mest inkompetente personen tilgjengelig for å skape et hus som få forfattere vil ha», skreiv forfattar Tomas Espedal i BT.

«Prosjektet vakler videre på litt for høye hæler», var BA-spaltist Erling Gjelsviks kommentar til innsatsen Kristin Helle-Valle hadde lagt ned.

Nei, det er ikkje eit sitat frå 1913, men frå 2013.

Colonialen i fyrste etasje har fått skryt for maten, men prisane har gjort at lågtlønte forfattarar og kulturarbeidarar gjerne har funne seg andre bord i byen.

Les hele saken med abonnement