Bomsjokk for bystyret

Bompengemotstandarane fossar fram. Det kan vere eit stort problem for høgresida i Bergen.

FEM INNE: – Dersom alt klaffar for høgresida i Bergen, kan Høgre, Frp og bompengelista få fleirtal. Dagens BT-måling gir protestpartiet fem mandat. Nima Taheri (Arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

Trym Aafløy og hans bompengeparti er på full fart inn i bystyret. Dagens BT-måling gir dei fem mandat.

Dersom alt klaffar for høgresida i Bergen, kan Høgre, Frp og bompengelista få fleirtal. No er dei fire mandat unna. Dersom det ikkje skjer, vil Aafløy neppe få påverke politikken i Bergen dei neste fire åra.

Byens neste byrådsleiar blir truleg Arbeidarpartiets Roger Valhammer, trass i eit stort fall på målingane. Valhammer treng støtte frå Venstre, KrF, SV, Sp og MDG.

Det vil han nok få.

Senterpartiets kraftige hopp gjer at Ap ikkje treng støtte frå Raudt, slik stoda var på førre måling.

Les også

Les om målingen: Bompengepartiet like store som Frp i Bergen

Det er ingenting i dag som tyder på at Venstre og KrF vil skifte ut Ap med Høgre og Frp. Bompengelistas vekst gjer det vanskelegare for Høgre å tekkjast sentrum.

Ein så brei koalisjon vil få utfordringar i løpet av neste periode. Dersom det vert maktskifte, er det nok i budsjettprosessen det skjer.

Folkeaksjonen Nei til Bompenger (FNB)

  • FNB får 6,9 prosent og fem mandat. Det gjer protestpartiet til det femte største på denne målinga.
  • Halvparten av oppslutninga til FNB kjem frå tidlegare Høgre- og Frp-veljarar. Resten kjem frå Ap og frå folk som ikkje stemde i førre val.
  • FNB har få veljarar i sentrum og i Bergen sør, men får 10 og 11 prosent i høvevis Åsane/Arna og Laksevåg/Fyllingsdalen.

Høgre og Frp

  • Høgre har høgare lojalitet enn Ap, men lekk veljarar til alle parti i bystyret – sett vekk frå SV og KrF. Lekkasjen er større til Arbeidarpartiet enn til bompengemotstandarane i FNB.
  • Høgres nye veljarar kjem frå Frp og Venstre.
  • Det er framleis store mogelegheiter for Høgre til å vekse, men partiet slit med at høgresida vert fragmentert – Frp taper stort til FNB.
  • Frps fall i Bergen er ikkje unikt. I Oslo er dei målt til 4,8 prosent på VGs siste kommunemåling.
  • Høgre dominerer i Fana og Ytrebygda, med 43 prosent av stemmene.
  • Frp er meir enn dobbelt så store i Arna/Åsane og Fyllingsdalen/Laksevåg enn i sentrum. 12 prosent av dei mannlege veljarane vil stemme på Frp – og berre tre prosent av kvinnene.

Arbeidarpartiet

  • Ap går ned med nesten tre prosentpoeng. Det bør uroe partiet, som nett er ferdig med ein opprivande nominasjonsstrid.
  • Ap sin lekkasje går stort sett til andre parti som kan inngå i ein sentrum-venstre-koalisjon etter valet. Unntaket er FNB.
  • 59 prosent av Ap-veljarane frå 2017 vil stemme Ap i år òg. Oppsida til Ap er – på same måte som Høgre – at ein stor andel av veljarane deira frå 2017 ikkje har funne seg eit nytt parti.
  • Aps veljarar fordeler seg ganske jamt mellom bydelane, men det er store kjønnsforskjellar: Ap får 18 prosent oppslutning hjå menn, og 29 prosent hjå kvinner.

Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne

  • Framgangen til Sp er stor, frå 2,3 til 6,4 prosent. Partiet har den høgste lojaliteten av alle partia. Åtte av ti Sp-veljarar frå 2017 vil stemme på partiet igjen.
  • Sp hentar flest veljarar blant dei som ikkje stemde sist. Sofaveljarar er svært usikre, noko som kan tyde på at Sp vert målt litt høgt.
  • Senterpartiet er – overraskande nok – like store i sentrum som i Arna og Åsane.
  • MDG ligg jamt på målingane, men har sidan 2017 mista veljarar til nesten alle andre parti. Dei einaste MDG ikkje lek til, er KrF og bompengelista FNB.

Venstre og Kristeleg Folkeparti

  • Venstre går litt ned, og taper litt meir til venstresida enn til høgresida. Samtidig hentar partiet flest nye veljarar frå Ap.
  • KrF er halvert sidan valet i 2017, men veljarane ser ikkje ut til å ha funne seg eit anna parti. KrF lekk litt til Høgre og SV, men dei aller fleste KrF-arane frå 2017 sit på gjerdet.
  • Partiet dei Kristne får 0,2 prosent oppslutning. Varaordførar Marita Moltu er altså milevis frå å bli vald på nytt.

Sosialistisk Venstreparti og Raudt

  • SV har færrast gjerdesittarar. Det kan tyde på at partiet er nær taket på oppslutninga i Bergen. Med 10,5 prosent er dei tredje største parti.
  • Raudt er nærast å ta det siste mandatet, som Høgre sit på akkurat no. Det vil ikkje endre balansen i bystyret, sidan ein brei sentrum-venstre-koalisjon kan ha fleirtal utan Raudt.
  • Både SV og Raudt er klart sterkast i Bergen sentrum.