Atter ein konge

Knut Arild Hareides månad er over. Gjer klar for Magnus Carlsen sin.

VM I SJAKK: Magnus Carlsen har vore favoritt i meisterskap etter meisterskap, denne gongen held eg det for å vere heilt opent. Det kan også bety at vi skal få sjå endå betre sjakk enn i dei førre matchane, skriv Bård Vegar Solhjell. Her er Carlsen på Bekkestua barneskule. Foto: Rolf Øhman

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær WWF Verdens naturfond
Publisert:

Det vert fortalt ei historie om Garri Kasparov og hans eldre rival, Anatoly Karpov, begge tidlegare verdsmeistrar i sjakk. Dei to hata kvarandre, og var så ulike som to menneske kan vere. Tru meg, eg har møtt begge: Den eine (Kasparov) karismatisk, vill og eigenrådig. Den andre ein stille mann som innordna seg.

Etter eit viktig sjakkparti vart dei likevel sitjande å snakke saman. Analysere partiet, utveksle idear – som om dei var vel forlikt. Ein tilskodar spurte Kasparov etterpå, kvifor han snakka så vennleg med Karpov. «Han er den einaste som forstår», skal Kasparov ha svara.

Så einsamt det må vere å vere eit geni. Å forstå meir enn alle andre. Det same har eg liksom skimta hos Magnus Carlsen. Ei kjensle av å ikkje vere del av det heile, av einsemd, fordi du alltid ser litt lenger enn andre, trengjer litt djupare ned. Sjakk-historia er full av desse genia.

Den eminente cubanaren, José Raúl Capablanca, verdsmeister frå 1921–27. Intuitivt genial, men så god at han allereie medan han var meister følte at sjakk i tradisjonell form vart for enkelt. Den latviske bohemen Mikhail Tal med tilnamnet trollmannen. Kjend for ubereknelege manøvrar og halsbrekkande dronningoffer ved brettet, og i like stor grad i livet.

Amerikanske Bobby Fischer, ein fantastisk sjakkspelar som etter kvart stod fram som meir gal enn genial. Kva har desse personane til felles? Jo, sin sjakk-genialitet. Den lyftar dei fram, ut av den grå massen.

Matchen mellom Boris Spassky frå Sovjetunionen og amerikanske Bobby Fischer i Reykjavik i 1972 fekk sjakkinteressa i USA til å eksplodere. Her er dei i Tyskland, to år tidlegare. Foto: HEINZ DUCKLAU / ASSOCIATED PRESS

Det er verdt å tenkje på når du benkar deg framfor TV-en i slutten av veka, at det er to geniale personar du skal sjå på. For fredag den 9. november brakar det laus i London. Magnus Carlsen, vår usannsynlege verdsmeister i sjakk, skal forsvare sin VM-tittel mot Fabiano Caruana, amerikanar med italienske aner. Det blir Magnus’ tredje VM-kamp, og eg spår at det blir den tøffaste.

I 2013 og 2014 møtte han Indias store son, Viswanathan Anand. Ein uhyre sterk sjakkspelar, men allereie i det første av desse oppgjera var han litt over. I 2016 kvalifiserte russiske Sergej Karjakin seg litt overraskande til VM-finalen, ein spelar som strengt tatt aldri har vore heilt der oppe på Magnus sitt nivå.

Der er derimot Caruana, i alle fall nesten. I skrivande stund, under ei veke før det brakar laus, er han fattige tre ELO-poeng bak Magnus på den løpande oppdateringa på sjakkens poengsystem. Han er samstundes to år yngre enn Magnus, og på veg oppover i prestasjonar. Magnus har vore favoritt i meisterskap etter meisterskap, denne gongen held eg det for å vere heilt ope. Det kan også bety at vi skal få sjå endå betre sjakk enn i dei førre matchane.

Og på sett og vis er det eit naudsynt steg vidare for Magnus. For dersom han vil ta steget frå ein stor og respektert verdsmeister, til ein av dei største – ei legende – så må han gjennom dette. Ein legendarisk match. Tett, dramatisk og uføreseieleg.

Alle dei største verdsmeistrane har vore gjennom minst ein slik. Capablanca sitt dramatiske oppgjer med russiske Alexander Alekhine i Buenos Aires i 1927. Eit møte mellom jamt sterke hjernar gav denne matchen ein særleg nerve, og produserte den beste sjakken verda hadde sett til då. Begge vert rekna blant dei største spelarane i historia. Nesten 60 år seinare, er dei til saman fem matchane mellom Kasparov og Karpov moderne klassikarar. Den første matchen vart ståande ufullført etter eit dramatisk avbrot, dei neste var jamne – men alle enda med siger til Kasparov.

Dei til saman 5 matchane mellom Kasparov og Karpov moderne klassikarar, skriv Bård Vegar Solhjell. Her er dei under VM i sjakk i Moskva i 1984. Foto: Anonymous / ASSOCIATED PRESS

Og sjølvsagt, den største matchen av alle. Då amerikanske Bobby Fischer skulle utfordre det samanhengane sjakk-hegemoniet til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Hans russiske motstandar Spasskij var ein gentleman, Fischer var alt anna enn ein gentleman. Midt under den kalde krigen barka dei saman i Reykjavik i 1972.

Matchen fekk sjakkinteressa i USA til å eksplodere. Det var ikkje eit sjakkbrett å oppdrive i butikkane. På barar i New York skrudde folk av baseball for å sjå på to dresskledde menn sitje framfor eit brett og sjå ned, og ein sjeldan gong gjere eit trekk. På amerikansk vis vart det vedda om kvart trekk på bord og bardiskar. I løpet av matchen vart det også spela fleire parti som har gått inn i sjakkhistoria som særleg sterke.

Fischer vart berre verdsmeister denne eine gongen, men det sikra legendestatusen hans. Og sjakkinteresserte over heila verda lengtar etter å få sjå noko liknande igjen. Eg har sjølv ei nesten misjonerande kjensle av kor gøy det hadde vore at innbyggjarane i dette vesle landet, Noreg, skulle få sjå eit slikt legendarisk oppgjer mellom to gigantar.

I sjakkens historie er det så langt berre 16 verdsmeistrar. At ein av dei er frå Lommedalen i Bærum, er eit eventyr. Det er ingen ting ved norsk sjakkhistorie som tilseier at vi skulle får verdsmeisteren. Han er ganske enkelt eit unikt talent, som fekk utvikle seg og vakse fram til å bli aller best i sein stor internasjonal sport. No skal han spele om VM-tittelen igjen. Vi bør nyte det så lenge han kan spele på det aller høgaste nivået. Så lenge han er konge.