Er du klar for åtte prosent rente?

Det er ti år sidan finanskrisa. Ti år sidan tanken på neste låneavdrag heldt meg vaken om natta.

Marvin Halleraker

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

I november 2008 byrja eg å bli alvorleg bekymra. Året før hadde vi flytta inn i draumehuset. Det var dyrt, men banken var raus med lånet. Lånet var fire gongar større enn bruttoløna. Men renta var drygt fem prosent, og eg rekna med at vi fint ville klare sju.

I november spratt renta på lånet opp mot åtte prosent. Det vart slutt på å ete ute og handle på den dyre nærbutikken. Smertegrensa nærma seg.

Vi var mange som lærte mykje om samanhengane i den globale økonomien hausten 2008. Ikkje tenkte eg at det ville gå ut over meg då storbanken Lehman Brothers gjekk konkurs.

I dag er det akkurat ti år sidan konkursen som utløyste den største finanskrisa sidan 1929. Ti år sidan ein ny generasjon lærte den gamle leksa om at eit børskrakk alltid kjem overraskande.

Teikna hadde vore der lenge. Fagblad som The Economist, som eg las, hadde skrive om gjeldsbobla i den amerikanske bustadmarknaden i fleire år. Men ingenting skjedde. Alt for mange trudde på historia som plar følgje oppbygginga til ein krakk, om at denne gongen er det annleis.

På 2000-talet var det ei forteljing om at marknadene hadde blitt meir effektive og at inflasjonsmål skapte stabilitet. Og det handla om ideologi, om ei fornya tru på at aktørane i finansmarknaden er rasjonelle og difor ikkje treng å regulerast.

Dessutan hadde finansnæringa funne opp nye, smarte måtar å pakke inn gjelda på, og kredittvurderingsbyråa stempla pakkane som tilnærma risikofrie. Det stempelet viste seg lite verdt.

FALLET: Ikonisk bilete frå finanskrisa hausten 2008: Ståande stabsmøte i Lehman Brothers’ lokale i London, fire dagar før banken gjekk konkurs. KEVIN COOMBS / X00066

I mars 2009 gjorde eg om mesteparten av lånet til eit fastrentelån. Ti år til fem prosent. Som ein tryggleik for ikkje å hamne i same uføret igjen. Det tapte eg mykje på. For renta fall raskt ned mot tre prosent.

No kan ein i Noreg få bustadlån til under to prosent rente. Så billig har det aldri vore før. Hovudårsaka er låg økonomisk vekst i Europa, Japan og USA. For å få fart på veksten har sentralbankane sett ned den såkalla styringsrenta til nær null i mange land.

Låg rente betyr billige pengar som i teorien skal føre til investeringar og økonomisk vekst. Når veksten likevel har vore laber i Vesten dei siste ti åra, skuldast det at pengane i stor grad har funne vegen til framveksande økonomiar som Kina.

Billige pengar har òg gjort det norske folket meir forgjelda enn nokon sinne. I snitt har norske hushaldningar auka gjelda frå 210 til 240 prosent av disponibel inntekt, blant det høgaste i verda.

Mesteparten av pengane har forsvunne inn i ein stadig dyrare bustadmarknad. Prisen på ein bustad i Noreg er no over 60 prosent høgare enn før finanskrisa. I dei største pressområda, som Oslo, er prisen nær dobla.

Kombinasjonen av høgare bustadprisar og låg rente har lokka stadig fleire til å låne stadig meir. I ei undersøking YouGov gjorde for banken Nordea i februar svarte 20 prosent at dei ikkje toler at renta går opp med meir enn eitt prosentpoeng (altså at ei rente i dag på 2,2 prosent blir 3,2 prosent).

Desse risikerer å få problem i åra framover, sjølv utan ei finanskrise. Statistisk sentralbyrå spår at Noregs Bank vil setje opp renta med 1,5 prosentpoeng fram til 2021, andre spår meir. Fleire hundre tusen nordmenn risikerer med andre ord å få økonomiske problem. Det siste samfunnet bør gjere no er å redusere lånekrava, og lokke fleire inn i gjeldsfeller.

Enno er det tid til å tilpasse seg, til å kutte ned på forbruk eller finne seg ein billigare stad å bu. Men det hastar. Den første rentehevinga, på 0,25 prosentpoeng, kjem truleg allereie neste veke.

SINNE: Lehman Brothers-sjef Richard S. Fuld Jr. måtte i oktober 2008 vitne for dei folkevalde på Capitol Hill om bankkollapsen som utløyste finanskrisa, og vart møtt med protestar på vegen ut. Susan Walsh / AP

I Kina jaktar ein visst nok no på «svarte svaner», ein metafor for uventa hendingar som utløyser økonomiske kriser. Dei treng ikkje å gå langt. Svært mykje av dei billige pengane etter finanskrisa er lånt ut til kinesiske bedrifter.

Pengane er i stor grad brukt til investeringar, og er ein viktig årsak til den sterke veksten i kinesisk økonomi. Det var denne veksten som òg dreiv oljeprisen til rekordhøgder fram til 2015, og skapte tidenes økonomiske boom i Noreg.

Men i Kina har gjelda vokse langt meir enn verdiskapinga, og IMF og andre fryktar no at gjelda skal utløyse ei finanskrise i landet. Eller at veksten vil falle om ein sluttar å låne pengar.

Noko anna som kan skape problem er at mange av låna er tatt opp i amerikanske dollar. Det betyr at når dollaren no styrkar seg og rentene i USA går opp, blir låna dyrare.

Andre ting å følgje med på, for den som vil jakte svarte svaner, er land som Argentina og Tyrkia. Styringsrenta der er no høvesvis 60 og 24 prosent. Eller Italia, Europas tredje største økonomi, som kombinerer låg vekst, ei enorm statsgjeld og ei regjering som til no har stått fram som alt anna enn ansvarleg.

Få trur at vi vil få ei ny, djup finanskrise dei komande åra. Men på den andre sida: Ikkje mange trudde vi ville få det i 2008 heller. Og éin ting er sikkert: Dei rike landa står langt dårlegare rusta til å takle ei tilsvarande krise i dag.

Renteoppgangen hausten 2008 vart eit skremmeskot. Men grunnen til at renta fall raskt, og ein unngjekk ein djup økonomisk depresjon, var at statane brukte enorme summar på å redde bankane. Det ville ikkje vore like lett no.

Mange statar, ikkje minst i Sør-Europa, slit framleis tungt med gjelda som redningsaksjonane skapte. Store budsjettkutt og låg vekst etter finanskrisa førte til at tjue millionar mista jobbane og at statane har kutta i velferdsordningar.

SLUTT: Ein tilsett på veg ut av Lehman Brothers lokaler i New York 15. september 2008. Banken hadde ei gjeld på over 600 milliardar dollar då han gjekk konkurs. Mary Altaffer / TT NYHETSBYRÅN

Mange av desse er framleis arbeidslause og statsgjelda er høg. Evna til å hjelpe neste gong er difor sterkt redusert. Det er òg viljen: Politikarane i mange land vil truleg møte sterk motstand i eige folk, om dei nok ein gong betalar ut rike aksjonærar og gjev rekninga til folket.

I tillegg vil ein aldri få bukt med problemet viss bankane veit dei kan rekne med å bli redda av staten. Skal kapitalismen fungere, må risikoen for tap vere reell. Problemet er berre at viss verdas finansgigantar veltar, dreg dei heile økonomien med seg. Så det å sitje med hendene i fanget er heller ikkje noko alternativ.

Det viktigaste finanskrisa i 2008 førte med seg var at gamle lærdommar frå 1929 vart henta fram att. Lærdomar om at finansmarknaden må regulerast. Nye reguleringa kom på plass, men i USA har urovekkjande nok Donald Trump fjerna ein del av dei igjen.

Denne lærdommen vil neppe hindre nye finanskriser. Men kanskje kan det hindre at dei blir så omfattande og farlege som den verda opplevde hausten for ti år sidan. I alle fall for ei stund.