Ja til pampeveldet

Det er på tide å forsvare ei av dei mest utryddingstruga gruppene i samfunnet: Heiltidspolitikarane i fylkeskommunen.

PÅ RAUDLISTA: Anne Gine Hestetun (Ap) og Jenny Følling (Sp) er fylkesordførarar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei bør vere rause med talet på heiltidspolitikarar i nye Vestland fylke.

Marita Aarekol (arkiv)

Måndag ettermiddag sist veke stod dei der og smilte i Vandrehallen på Stortinget: Stortingspolitikarar frå Høgre, Venstre Frp og KrF hadde samla seg om nye oppgåver til fylka. No stod dei pent på geledd med kommunalminister Monica Mæland (H) og forklarte pressekorpset kor mykje viktigare fylka skulle bli i åra framover.

Venstres André Skjelstad fleska mest til: Flyttinga av oppgåver var ikkje noko mindre enn «ei demokratireform», men også dei andre tingfolka var godt nøgde. Det var nummeret før nokon utropte 24. september til FNs internasjonale dag for fylkeskommunar.

Men på fyrste side av avtalen, gøymt inne i ei leddsetning, stod det nokre ord det er verdt å bite seg merke i. For færre fylkeskommunar skal samla sett føre til «færre heltidspolitikere på regionalt nivå», slår borgarleg side fast. No skal det bli færre fylkespampar her til lands.

Vi bør heller få fleire – både i opposisjon og i posisjon. Det er fornuftig at det ikkje sit like mange i det nye fylkestinget som i dei to gamle til saman, men fulltidspolitikarar treng vi. Kanskje meir enn før, faktisk.

Stortinget har trua nok på fylkespolitikarane til at dei skal få oppgåver i milliardklassen. Fleire tusen statstilsette kan få fylka som nye arbeidsgjevarar. Mange av fylka blir dobbelt så store.

Men dei får altså ikkje sjølv gjere ei vurdering av kor mange som burde jobbe heiltid med den politiske styringa. Heiltidspolitikaren på fylket er på raudlista over truga artar.

Men ein fylkeskommune styrer seg ikkje sjølv. Om ikkje det er folkevalde til stades for å gripe makta, vil meir vere opp til byråkratane. Ikkje eit vondt om byråkratar, men det er ikkje dette dei skal drive med.

Frå 2020 går Noreg frå 18 til 11 fylke (med mindre Finnmark erklærer seg som utbrytarrepublikk i mellomtida). Og ein kan høyre ekkoet frå Vandrehallen gjalle i Kristiansand, på Hamar, i Trondheim – og her vest: Er det éin plass det skal sparast, så er det på toppen.

Vest- og Aust-Agder er snart éin fylkeskommune, og reknar med å spare fleire millionar årleg på at det nye fylket skal ha færre folkevalde enn dei to gamle hadde. Også nye Innlandet, der Oppland og Hedmark går saman, reknar med å ha færre fulltidspolitikarar i morgon enn i dag. Det same gjeld Trøndelag, som blei eitt fylke frå i 1. januar i år.

Vestland blir større i areal enn land som Moldova, Belgia og Albania – og med vesentleg høgare fjell og djupare fjordar. Men også her er omkvedet at ein ikkje skal ta seg råd til å bruke meir på demokrati enn før. Politikarane legg til grunn at den politiske aktiviteten i det nye fylket ikkje skal koste meir enn kva det kostar til saman i Hordaland og Sogn og Fjordane i dag.

Den fylkeskommunale ryktebørsen seier at politikarane i nye Vestland kjenner på eit visst press for å ikkje verke griske på vegner av dei folkevalde. Det kan dei unngå ved å vise moderasjon i nivået på honorar og godtgjersler i staden for å halde seg på eit minimumsnivå når det gjeld politisk arbeidskraft.

GODE FYLKESBUSSAR: Jenny Følling og Anne Gine Hestetun feira det nye storfylket Vestland i Gulen i mai i fjor.

Marita Aarekol (arkiv)

Jo, våre folkevalde bør alltid vere på jakt etter område der ein kan spare pengar. Men demokrati kostar, og kva er vel ein ekstra fylkespolitikar, samanlikna med Hordalands budsjett på 11 milliardar?

Dette sparetrikset er dessutan prøvd før, utan vidare hell: Då Erna Solberg gjekk på som statsminister i 2013, reduserte ho storleiken på regjeringsapparatet med om lag ti prosent samanlikna med dei raudgrøne. Det blei sagt at dei borgarlege ville sende eit signal om at ein kunne slanke både offentleg sektor og den politiske toppleiinga.

Resultatet var at saker blei liggjande i kø i fleire departement. I dag har dei borgarlege 85 statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar. Det var visst ikkje meir effektivt med færre folk på jobb.

Våre øvste folkevalde i fylket bør ha tid og høve til å reise rundt. Skal det nye fylket fungere, må ein skulepolitikar frå Sveio gjere seg kjent med dei vidaregåande skulane i Nordfjord, og ein samferdslepolitikar frå Stryn bør absolutt sjå nærare på stoda for ferjesambanda mellom Kvinnherad og resten av Sunnhordland. Dei skal byggje ein heilt ny organisasjon, der rutinar og prosessar skal bli etablert frå grunnen av. Og dei får altså ei rekkje nye oppgåver i fanget.

Les også

BT meiner: Eit steg i rett retning

I vedtaket for nye Vestland ligg det ei opning for at ein kan gjere endringar i det politiske styringsverket dersom det kjem vesentleg større oppgåver til fylket. Den opninga bør fylkespolitikarane nytte seg av.

Nokon må styre morgondagens fylke òg. Større areal, budsjett, folketal og oppgåver tilseier ikkje akkurat at det blir mindre å gjere. Og om ikkje politikarane ønskjer å ta ansvar, finst det alltid ein byråkrat på fylkeshuset i Bergen som kan halde fortet til det dukkar opp nokre folkevalde.

Men det var vel ikkje akkurat dét dei meinte, desse politikarane som stod i Vandrehallen og snakka om demokratireform.