Svanesong for sekstiåttarane

Verdas mest oppblåste generasjon feirar femtiårsjubileum. Men lufta er i ferd med å gå ut or ballongen.

VEGGPRYD: Lufta har for lengst gått ut av sekstiåttarane her til lands. Olja tok oss, oljebarna har teke luven av oss, vi er blitt oljealderens veggpryd. Biletet er frå Miami i 1968. HLD / ASSOCIATED PRESS (Arkiv)

Asbjørn Kristoffersen

I 1968 visste eg ikkje at eg var sekstiåttar. Eg forstod ikkje at eg høyrde til ein generasjon som gjer krav på å ha omkalfatra Vestens sosiale og kulturelle framtoning. Først på syttitalet oppfatta eg at eg var ein slags perifer sekstiåttar, eg òg.

Den gongen meinte vi at sluttpakka vår skulle vera å gå ut or livet med love & peace og rugg & rull på full guff i høyreapparata. Men i 2018 er vi nedgraderte til eldrebølgja, ei bør for samfunnet og eit trugsmål mot velferdsstaten. Og etterslekta er lei av frigjeringsfablane våre.

Ein gong var vi viktige. Ein gong fekk vi gjennomslag for forteljingane om kor stor frigjerarrolle vi har hatt, og kor frigjorde vi er blitt. I tillegg var vi utropte til dessertgenerasjonen. Fredsbarna kom til duka og dekka bord.

Vi inntok landets utdanningsinstitusjonar og karrierevegar, og gjer no djupe innhogg i folketrygda. Alt synest å lukkast for denne generasjonen, bortsett frå at glansen har bleikna med åra.

Femtiårsjubiléet har skapt meir merksemd i andre land. Som i Tyskland og Frankrike. I 1967 hadde eg vore i Tyskland, og sett ein av dei store studentdemonstrasjonane. Det var det næraste eg kom dei ekte sekstiåttarane, dei valdelege opprørane.

Men det var berre ein forsmak på det som skjedde i Paris i mai 1968. Der greidde studentane å få med seg arbeidarane i eit opprør som lamma heile landet, som fekk maktapparatet til å vakla, som gav gjenklang over store deler av verda.

Makta hadde vakla, men fall ikkje. Og gjenklangen var det heller smått med her til lands, konfliktane og samfunnsmotsetningane var mindre i Einar Gerhardsens rike enn lenger sør i Europa.

Det blir gjerne sagt at sekstiåra ikkje nådde nordsida av Skagerrak før på syttitalet, med marxist-leninistane, den politiske vekkinga som heimsøkte vårt blendakvite land, Vietnamkrigen, småbruksromantikken, meditasjon og yoga. Nei-sigeren i folkerøystinga i 1972 om norsk deltaking i EEC, forlauparen for EU, toppa det folkelege engasjementet.

Lufta har for lengst gått ut av sekstiåttarane her til lands. Olja tok oss, oljebarna har teke luven av oss, vi er blitt oljealderens veggpryd. Og sluttpakka vår synest å bli personalmangel i eldreomsorga og sjukeheimskøar ved livsens utgang. Vi er for mange, vi er for seigliva, vi har hatt altfor store forventningar for vårt eige beste.

Mange har vi alltid vore. Fredsbarna er dei største barnekulla som nokon gong har vore fødde her til lands, tvangsfôra med vaksinar og tran og fisk fem gongar i veka for at vi skulle bli friske og sunne. Men fredsbarn flest vart ikkje sekstiåttarar.

Ekte sekstiåttarar skulle helst vera akademisk utdanna, med hang til å bryta med gamle konvensjonar og normer, gjerne med eit radikalt, politisk sinnelag, ofte rekrutterte frå det velberga borgarskapet. Så ekte vart eg aldri, så gjennomførte var dei færraste.

For dei aller fleste som vaks opp på denne tida, vart sekstiåttarane eit høgrøysta, nokså sært folkeslag med sterk, misjonerande trong. Dei skulle ikkje berre frigjera seg sjølve, dei skulle også sjå til at alle andre kunne bryta lekkjer, band og tvang.

I 50 år har sekstiåttarane dyrka forteljinga om korleis dei gjekk til felts mot overmakta, mot kapitalisme og kommersialisme og militarisme og imperialisme, mot tradisjonelle institusjonar, nedervde konvensjonar og undertrykkjande lov og orden. Nå gjer revisjonistane kål på denne forteljinga.

Sekstiåttarane skapte ikkje det økonomiske grunnlaget for det sosiale og kulturelle handlingsrommet som frigjeringsprosessane sprang ut av. Dei skapte ikkje alle dei nye utdanningsplassane. Det gjorde dei konvensjonelle etterkrigspolitikarane i dei etablerte, politiske partia.

– Nei, du Asbjørn, du duger no ikkje til nokon verdsens ting. Eg veit ikkje anna råd, vi får senda deg på Universitetet. Det sa tanta mi. Eg var eg den andre i mi slekt som vart sendt den vegen. Det fanst mange slike slekter i den første etterkrigstida.

Med indremisjonsk ballast valde eg Austens mystikk framfor den maoist-leninistiske vekkinga som ein gong heimsøkte landet vårt. Sekstiåttarane bidrog utvilsamt til å skapa luft i luka. Etterverknadane av den nye litteraturen, den nye musikken, hippiar og studentopprør, svært mykje av amerikansk opphav, spreidde seg som eld i tørt gras, over store delar av verda.

Unge jenter kunne gå i miniskjørt i Kabul i Afghanistan og Teheran i Iran. Studentar stilte seg i spissen for politiske frigjeringsfrontar som aldri tidlegare hadde fått plass i vestlege media.

Men tilbakeslaga kom fort. Kapitalismen og kommersialismen har sigra. Individualismen har overvunne kollektivismen. Normløyse har erstatta nedervde tradisjonar og konvensjonar.

Peace & love er avløyst av kjøpefest og kroppspress. Pengemakt og forbrukarmakt er sekstiåttararven. Men det er fare for at det blir kamp om sjukeheimsplassane. Rock and roll i høyreapparata, og fulle bleier.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.