Byutvikling over streken

Skandalen i Trondheim bør gjere inntrykk på politikarane i Bergen.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

SKJULT PÅVERKNAD: Ap-topp Rune Olsø nekta først for at han bidrog til å skrive forslaga som hindra vern, før han innrømma at han gjorde det. Så forsvarte han at han gjorde det på Dagsnytt 18, skriv Morten Myksvoll. Therese Alice Sanner

Kvart fjerde år kan kommunepolitikarar gjere folk til mangemillionærar over natta. Med eitt pennestrøk kan ein grasflekk bli til eit rikt byggjeland.

Når både byane og bustadprisane veks, freistar både politikarar og utbyggjarar å byggje i utkanten. I Bergen har ein verna byfjella frå utbygging ved å setje opp ei byfjellsgrense. I Trondheim har ein verna viktige landbruksområde med ein «grøn strek».

Alt som er bak streken er urørleg. Heilt til nokon endrar på streken, sjølvsagt.

Trondheim har det siste året blitt skaka av den såkalla Kystad-saka. I 2015 ville rådmannen verne landbruksområdet Kystad frå utbygging, og foreslo difor å leggje området bak streken.

Utbyggjarane protesterte, slik dei har all rett til å gjere. Slike grenser er politisk valde, og interessentane har all rett til å kjempe imot slike vedtak.

Men Kystad-saka handlar ikkje om utbyggjarar som kjempa mot den Ap-leia kommunen. Den handlar om ein av Arbeidarpartiets fremste i Trøndelag over mange år, Rune Olsø, og hans engasjement som politikar og lobbyist.

Gjennom ei lang rekkje artiklar, har Adresseavisen avslørt prosessen som førte til at Kystad – og fleire andre tomter – ikkje vart verna likevel.

Les også

Kommunen skrinla prosjektet deres – syv år og titalls millioner etter velsignelsen

Avisa fann ein avtale med rådgjevarselskapet Staur, der selskapet ville tene seks millionar kroner på ei bustadutvikling på Kystad. Rådgjevarane ville få éin million viss området vart unnateke grøn strek.

Så vart det kjent at Olsø var partnar i Staur. Så at Olsø hadde eigarinteresser i eit anna område som òg slapp unna vern. Hadde Olsø vore ein privatperson, ville ikkje desse momenta vore problematiske. Men han sat i bystyret, og han hadde leia det mektige Trondheim Ap i mange år.

Han gjorde det han måtte gjere, og erklærte seg inhabil i bystyrehandsaminga av planen. Og det er ikkje noko problematisk ved å vere inhabil. Slikt skjer, så lenge ein tillèt at politikarar har eit økonomisk liv på utsida av bystyresalen.

Men Rune Olsø trekte seg ikkje unna saka. Han deltok aktivt i prosessen som avgjorde Arbeidarpartiets standpunkt, og dermed saka. OIsø var med på å skrive teksten som utløyste ei utbetaling på éin million til selskapet han var partnar i. Og han var med på å skrive teksten som omhandla vern av eit område han sjølv hadde eigarinteresser i.

GRØN STREK: Rådmannens forslag til «grøn strek» inkluderte Kystad, noko som ville verne landbruksområdet mot utbygging. Adresseavisen avslørte prosessen bak prosessen som førte til at Kystad ikkje vart verna likevel. Trondheim kommune (Illustrasjon)

«Det at du erklærer deg inhabil betyr ikke at du er avskåret fra å komme med innspill og synspunkter,» sa Olsø på Dagsnytt 18 i februar. Men det stemmer ikkje.

Er ein inhabil, så har ein berre med å halde seg unna. Heile poenget med habilitetsreglane er at befolkninga ikkje skal kunne trekkje motiva til politikarane i tvil. Dei fattar avgjerder som får store konsekvensar for byen.

Det er ikkje nok berre å stå på gangen når bystyret debatterer og voterer. Ein skal halde seg unna avgjerdsprosessen innanfor kommunen, og innanfor partiet.

Habilitet er noko ein har ansvar for sjølv. Det hjelper ikkje at Aps dåverande gruppeleiar Geir Waage bad Olsø kome med innspel. Olsø hadde eit ansvar for å seie nei sjølv. Det gjorde han ikkje.

Tvert imot, så forsøkte han å halde påverknaden sin skjult for ålmenta.

Les også

Kommuneplanen er en trosbekjennelse for fortetting

Kort tid etter Adressas avsløringar, bestemte Økokrim seg for å opne ei etterforsking av saka, med mistanke om «påvirkningshandel i forbindelse med et politisk vedtak». Saka vart lagt bort på bevisets stilling, men Adressa har fått innsyn i dei mange vitneforklaringane.

Dei viser at fleire av dei sentrale personane, inkludert Olsø, endra forklaring i løpet av politiavhøyra. Olsø nekta først for at han bidrog til å skrive forslaga som hindra vern, før han innrømte at han gjorde det. Så forsvarte han at han gjorde det på Dagsnytt 18.

Det vart ikkje ført prov for noko ulovleg i Kystad-saka, men det treng ikkje vere ulovleg for å vere politisk uakseptabelt. Kystad-saka har stort sett vore interessant for Trøndelag, men slik bør det ikkje vere. Dette er ei politisk skandale som kan råke kvar som helst.

Les også

Dramatisk kutt i befolkningsvekst reduserer behovet for boligbygging i Bergen

Gullgruvene i byutviklinga er ikkje avgrensa til grøn strek eller byfjellsgrenser. Det er langt frå alle friområde i Bergen som er dekka av byfjellsgrensa, til dømes. I den gjeldande kommuneplanen i Bergen, er det opna for ei lang rekkje utbyggingsområde.

Under rulleringa av kommuneplanen, foreslo byrådet ei kraftig innstramming. Talet på utbyggingsområde skulle ned til sju fortettingssoner. Det førte til ein umiddelbar protest frå utbyggjarar, med store planar i område som no ikkje skulle utnyttast likevel.

Det er enorme pengesummar involvert når slike planar vert endra, og ein slik prosess fører med seg mange hundre formelle innspel. Kor mange uformelle innspel politikarane får, er det ingen som veit.

Presset på avgjerdstakarane er enormt. Då er det tilliten ein lever av.

Kystad-saka har skada den tilliten i Trondheim. Alle andre som driv med byutvikling må ta lærdom av saka, for å unngå å hamne i den same smørja.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.