Heitare arbeidsmarknad

No er det duka for lønsfest: Næringslivet manglar folk.

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

TRENG FOLK: Bygg og anleggsbransjen har størst problem med å få tak i folk, ifølgje Nav. Og no er det ikkje lenger like lett å få tak i Aust-Europeiske framandarbeidarar. Slikt pressar lønningane opp, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Eirik Brekke

Sola skin igjen på det arbeidande norske folk. Arbeidsløysa er den lågaste på ti år, og i fleire bransjar er det no mangel på folk. Det vil presse lønningane opp.

Både SSB og Noregs Bank ventar at lønsveksten, som i år blir den høgaste sidan 2013, vil bli endå høgare dei to komande åra.

Og kampen om arbeidskrafta i Noreg vil bli forsterka av at det òg er ei liknande utvikling i landa rundt oss. I store delar av Europa og USA har arbeidsløysa falt så kraftig at lønningane byrjar å auke merkbart. Mange stader for første gong sidan finanskrisa i 2008.

Først Noreg. I byrjinga av mai kom siste utgåve av bedriftsundersøkinga til Nav. Den viser at det står nærmare 60.000 jobbar ledige i norske bedrifter, fordi dei ikkje får tak i folk. Det er 15.000 fleire enn for eit år sidan.

Yrka som får mest merksemd når avisene skriv om mangel på arbeidskraft, er ofte typiske «framtidsyrke». Ikkje minst datakunnige. Men dei fleste jobbane bedriftene slit med å fylle, er langt meir tradisjonelle.

På toppen av lista i Nav-undersøkinga er bygg og anlegg. Der manglar det for tida 14.300 personar, spesielt tømrarar, snikkarar, elektrikarar og røyrleggarar.

Neste på lista er helse, pleie og omsorg, der Nav har rekna seg fram til at det manglar 12.750 personar. Her toppar sjukepleiarar lista.

Og det er ikkje berre utkantane som manglar fagfolk. Dei fleste jobbane arbeidsgjevarane ikkje klarer å fylle er faktisk i Oslo og Bergen. 6550 i Vestland fylke åleine.

Norsk økonomi har vist stadig betre form dei siste to åra. Optimismen har auka jamt. Før helga kom nok eit prov på det, då Sparebanken 1 SR-Bank la fram sitt konjunkturbarometer. Ifølgje bankens analyse er det no oljenæringa som treng mest folk i året som kjem.

Medan den aukande mangelen på folk er godt nytt for dei som søkjer jobb, og dei som skal forhandle om løn, er det ikkje så bra for bedrifter og samfunn. Mangelen på arbeidskraft held tilbake veksten og gjer at viktige oppgåver ikkje blir løyst.

Ikkje er det så lett å gjere noko med det heller. Som sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 SR-bank fortel i eit intervju med Sysla, kan ikkje norske bedrifter rekne med å bli redda av polakkar og andre framandarbeidarar.

Les også

Kontraktar gjekk til utlandet, fleire blei permitterte og arbeidsløysa gjekk opp på Stord. No har alt snudd.

Arbeidsinnvandring frå dei nye EU-medlemmene i Aust-Europa redda langt på veg Noreg i den lange oppgangsperioden som byrja rundt 2004 og slutta med oljeprisfallet ti år etter.

Over 100.000 framandarbeidarar flytta til Noreg i løpet av tiåret. Samstundes held arbeidsløysa seg låg. Norske bedrifter fekk difor gjort meir, skapt meir verdiar, på grunn av desse innvandrarane. Og det utan at den auka aktiviteten førte til prisstigning (sjølv om reallønsveksten var skyhøg).

No er ikkje det lenger så enkelt. Ei svak krone kombinert med høgare løn og låg arbeidsløyse i land som Polen gjer det mindre attraktivt å kome til Noreg. I fjor flytta det nesten like mange tilbake til EØS-landa, som flytta hit.

I Polen var arbeidsløysa i april rekordlåge 5,6 prosent. Tyskland har den lågaste arbeidsløysa sidan murens fall, noko som aukar konkurransen om austeuropeiske fagarbeidarar ytterlegare.

Ser vi på heile den rike verda under eitt, dei såkalla Oecd-landa, må vi tilbake til 1970-talet for å finne lågare arbeidsløysetal. Akkurat som i Storbritannia, der folket stemte for lausriving frå EU i protest mot arbeidsinnvandringa frå Aust-Europa. Og det før grensene mot aust blir stengde.

Alt dette er bra, i alle høve på kort sikt. Mangel på arbeidskraft kan føre til auka inflasjon og andre problem, men førebels er det eit langt mindre trugsmål enn det motsette. I Noreg kan den låge arbeidsløysa til og med føre til at regjeringa endeleg får fart på inkluderinga av dei mange som har falle utanfor arbeidsmarknaden.

På lengre sikt kan mangel på arbeidskraft bli eit stort problem, både for Noreg og Europa.

Men akkurat no er den største skya på himmelen handelskrigen mellom USA og Kina. Førebels ser den berre ut til å dempe veksten i verdsøkonomien, ikkje sette den i revers. Men kven veit.

I Noreg vil utbygginga av gigantfeltet Johan Sverdrup i Nordsjøen, saman med ei svak krone og høg offentleg pengebruk, venteleg halde veksten høgare enn i mange andre land fram til 2021.

Eit teikn på det er at Noregs Bank no er snart den einaste sentralbanken i verda som planlegg å auke renta. Men heller ikkje renteveksten ser no ut til å bli så høg at den vil skape særleg store problem for folk.

Gode dagar, altså, for den arbeidande norske kvinne og mann. Heilt til dei møter ein bomstasjon, i alle fall.