Dei harde tjueåra

Publisert: Publisert:

ROCK’N’ROLL: Elvis Presley, her avbildet i 1972. Foto: TT NYHETSBYRÅN, NTB SCANPIX (illustrasjonsfoto)

Asbjørn Kristoffersen

Utsiktene til rock’n’roll på gamleheimen blir stadig dårlegare for fredsbarna, tidenes største og mest privilegerte generasjon. No er det berre seks år att før dei første av oss rundar 80-årsbøyen, då helseplager plar auka på og varme hender blir ein kritisk innsatsfaktor.

Men det er få teikn til at landets styresmakter legg seg i selen for å ta hand om eldrebølgja, med årgangsvin og full fres på rullatorgolvet. Det er duka for protestmarsjar i korridorane.

Stat og kommunar har hatt rikeleg tid til å førebu seg. I krigens dagar og i dei harde trettiåra var det langt mellom dei nyfødde. Det har resultert i tilsvarande få attlevande gamlingar i desse generasjonane.

Dei fleste voks dessutan opp i tronge kår, og burde ha lært seg nøysemd og sparsemd og å lesa bordvers både før og etter maten.

Dei offentlege utgiftene har vore såpass overkomelege at det skulle vore rom for ei vesentleg standardheving før det vart oss boomarane sin tur til å innta dei jordiske endestasjonane. Fordi vi har fortent det.

Faren er at vi kan vera på veg inn i dei harde tjueåra, med kamp om budsjettpostane og mangel på arbeidskraft. Det blir ikkje anna råd enn at etterkomarane våre må stå lenger i arbeid og eta mindre kjøt og droppa flyreiser til New York.

Helse Vest og vestlandskommunar må dessutan læra av skipsreiarane: Då norske sjøfolk vart for dyre, utdanna dei filippinarar til å ta over jobbane. No er tida inne til å henta sjukepleiarar frå Filippinane. Dei er utdanna for eksport, for å skaffa landet valuta og pengeoverføringar til fattige slektningar. Varme hender må importerast når den heimlege produksjonen ikkje strekk til. Helse Vest må visa sin endringskompetanse. Elles må vi skaffa oss au-pair på gamleheimen. På Helse Vests rekning.

Kom berre ikkje her med at vi må betala noko for boomar-omsorga sjølve. Vi har gjort vårt. Det var kanskje ikkje vi som bygde landet. Men det var vi som fekk sving og svilukt på plastkorta.

Publisert: