Den stille våren

Nesten éin million nordmenn bur åleine. Vi har aldri budd så åleine som no.

Publisert Publisert

Illustrasjon: Marvin Halleraker

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 15 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Frå senga til dusjen er det tre steg. Det er nye tretten steg til kaffitraktaren og radioen. Så er det kanskje fjorten steg til stolen der kleda ligg.

Dei siste dagane har leilegheita blitt mindre og mindre. Til vanleg er det inga sak å bu på litt over tretti kvadrat. Det er ein plass å kræsje mellom jobb, vener, bandøving, konsertar og alt det andre. Livet skjer liksom ein annan plass enn heime.

Fram til no. Plutseleg skal stort sett alt hende her inne. Den vesle kroken som er kjøken og stove, er blitt arbeidsplass, kino, pub og konsertlokale. Eg sit midt i ein storby og er mutters åleine.

Det er om lag 950.000 nordmenn som bur utan nokon andre, ifølgje SSB. Det er nesten hundre tusen fleire enn for ti år sidan.

Eg trur dei fleste av oss ikkje er særleg einsame i kvardagen. Det kan vere godt å kome heim til ein stille plass når det er travelt på jobben. No er alt heilt annleis.

Eg høyrer om kollegaer med ungar i heimeskule. Dei er slitne av ungemas kombinert med ein krevjande jobbsituasjon. Eg misunner dei ikkje, men eg veit ikkje om dette er noko betre.

Les også

Jens Kihl: Monica og eg

No er leilegheita rundvaska og rydda såpass hardt at det kunne vore visning her når som helst. Eg har laga ei liste over gjeremål sånn at eg skal kjenne meg meir travel.

Der står det presserande gjeremål som «pusse sko» og «reinse kaffitraktar». Kjøkenvifta er allereie vaska så grundig at ho må vere Vestlandets mest koronafrie område.

Dei fyrste lesarbreva om koronaeinsemd er allereie på plass. Det er bra, for dette må vi diskutere. Det er ikkje synd på oss no, men eg trur dagane kan bli dryge for mange om dette held fram.

Det fløymer over med tilbod om å ta kvissen på Skype eller å ringjast til fredagspilsen. Det er bra, men det erstattar ikkje det å vere med nokon på ekte.

Som ein ufør skreiv til Avisa Nordland: «Hvem ringer meg om to måneder for å prate om viktige og uviktige ting?» Det trur eg er eit viktig spørsmål.

Det er lett å vere på tilbodssida dei fyrste dagane. Men kva skjer etterpå?

For ein del er desse dagane ekstra tunge. Hjelpetelefonane for psykisk helse blir nedringt av folk som slit med einsemda, melder NRK. Det er viktig at Noreg no greier å ha fleire tankar i hovudet samstundes:

Vi skal gjere det vi kan for å dempe koronaepidemien. Samstundes må vi finne avbøtande tiltak mot at dette skal bli ei depresjonsbølgje over landet. Samfunnet skal helst tilbake til normalen.

Noreg er fullt av folk som går åleine til vanleg. Dei er proffar på dette. Det er skilnad på å vere åleine og å vere einsam. For mange i vanleg jobb er nok den nye kvardagen meir sjokkarta.

Les også

Koronapodden

Den eine dagen er det jobb, vener og familie. Den neste er det ingenting. Berre suset frå bilvegen og duringa frå kjøleskåpet.

Ei forskargruppe har sett på konsekvensar av karantene, skriv Forskning.no. Dei har gått gjennom ei mengd studiar etter Sars-epidemien tidleg på totusentalet.

Dei fann meir depresjon, stress, irritabilitet, søvnmangel og sinne hos folk som hadde vore i karantene. Dei fann òg at folk kunne bli meir unnvikande når karantenen var over, fortel forskning.no. Det er ikkje akkurat gode nyhende.

No er jo dei fleste av oss ikkje i karantene, men tilstanden liknar ganske mykje. Vi sit no berre her.

Forskarane meinte det var nyttig med mest mogleg info. Kor lenge varar dette? Kor alvorleg er sjukdomsutbrotet? Ikkje minst var det uheldig om karantenen varte meir enn ti dagar.

Vel, folkens. Sei hallo til koronakrisa. Vi veit svært lite om omfang og lengd. Bortsett frå at dette nok varer i meir enn ti dagar, då.

Heldigvis er det éin viktig skilnad her: Vi kan vere ute. Skritteljaren min set stadig nye rekordar. Likevel: heile arbeidsdagen og heile kvelden blir liksom inne.

Sosial kontakt med vener og familie over telefon og internett er til hjelp. Sjølvsagt er det det. Men det er stor skilnad på å slå av ein liten prat ved kaffiautomaten på jobb og å avtale at ein skal ringje kvarandre neste fredag.

Vi menneske treng å vere spontane. Og vi treng noko å gle oss til. Eg har ingen avtalar i boka før i mai.

For to veker sidan slo ei dame frå eit meiningsmålingsbyrå på tråden. Til slutt ville ho vite litt om meg og mitt. Då vi kom til hushaldninga, spurde ho om eg budde med nokon eller om eg var einsleg.

Eg hadde lyst til å svare at eg ikkje var einsleg, men singel.

Det ville eg nok ikkje svart no.

Publisert