Terrorgeneralen er død

Sivile i Midtausten har all grunn til å glede seg over at Qasem Soleimani er drepen.

Publisert Publisert

DREPEN: – Då Qasem Soleimanis død vart stadfesta, dansa folk i gatene i Bagdad. Det er forståeleg, for det er bra at Soleimani er død, skriv Morten Myksvoll. Foto: Office of the Iranian Supreme Leader/AP, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Angrepet som tok livet av Qasem Soleimani er kanskje den viktigaste hendinga i Midtausten på fleire år. Mannen som inntil no var relativt ukjent for mange, vert skildra som ein «visekonge for Midtausten». Han leia den iranske Quds-styrken, som sorterer direkte under Irans andelege leiar, Ayatollah Ali Khamenei.

Soleimani kan samanliknast med serbiske Ratko Mladić, som var ansvarleg for folkemordet i Srebrenica og omringinga av Sarajevo på 1990-talet.

Men Soleimani var mektigare, og styrte eit utal ekstreme militsar. Han har vore med på å slå ned store opprør i Iran og Libanon, og er ansvarleg for den blodige handteringa av dei pågåande opptøyane i Irak.

Soleimani vart drepen i eit droneangrep i Bagdad, truleg som eit svar på storminga av den amerikanske ambassaden i byen. Då Soleimanis død vart stadfesta, dansa folk i Bagdads gater. Det er forståeleg, for det er bra at Soleimani er død.

BILEN: Soleimani vart drepen i eit droneangrep mot bilen hans i Bagdad, truleg som eit svar på storminga av den amerikanske ambassaden i byen. Foto: Iraqi Prime Minister Press Office/AP, NTB Scanpix

Han har blodet til mange titusen sivile syrarar på hendene, og er ein av dei som ber mest skuld for den langvarige og brutale krigen i Syria. Assad-regimet kunne kanskje falt før terrorgruppa IS starta sine herjingar i Irak og Syria, om det ikkje var for Iran og Soleimani.

Då Iran skulle overtyde Russland om å gripe inn i Syria i 2015, sende dei Soleimani. Då var opprørarane i ferd med å vinne krigen mot det syriske Assad-regimet. Russland og Iran endra alt, og by etter by falt. Soleimani var sjølv til stades under den grufulle operasjonen i Aleppo.

No er Irans evne til å krige i Irak og Syria blitt svekt. Det er nok likevel naivt å tru at dette skal føre til betring for iranarar flest, sjølv om det iranske regimet har mista ei viktig brikke.

Angrepet var ikkje eit attentat, for Soleimani var stridande. Men han var òg ein terrorist.

Quds-styrken har stått for fleire angrep i ei rekke land. Det kanskje mest kjende, kom i 2011 då dei planla å sprengje den Saudi-Arabiske ambassadøren til USA i lufta på ein restaurant i den amerikanske hovudstaden. Heldigvis var rekrutten deira ein amerikansk informant.

Drapet på Soleimani bør difor stå i same kategori som då IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi vart drepen i oktober. Etterspelet er sjølvsagt meir komplisert, sidan Soleimani òg var ein høgtståande politisk figur i ei gryande atommakt.

Ingen veit kva Iran vil gjere for å hemne angrepet. Det vert likevel for lett å kople alt som skjer i til dømes Iran, Syria og Irak framover til denne hendinga, og så legge skulda på USA for å destabilisere regionen. For regionen er destabilisert allereie.

Les også

Morten Myksvoll: «Donald Trump har heilt rett i at atomavtalen med Iran var dårleg, men hans alternativ er mykje farlegare – og kjem neppe til å fungere.»

Dette angrepet startar ikkje ein krig mellom Iran og USA. Den krigen har dei utkjempa i Irak i mange år.

Ifølgje det amerikanske forsvarsdepartementet, har iransk-støtta militsar drepe minst 600 amerikanske soldatar. Stemmer det, var Soleimani ansvarleg for drapet på kvar sjette amerikanske soldat i Irak-krigen.

Men den indirekte krigføringa kan eskalere, og den kan bli meir direkte. USA, Israel og andre allierte i regionen kan vere utsette.

Det er vanskeleg å ha tillit til at USAs president Donald Trump handterer situasjonen på ein ansvarleg måte. Trump er uføreseieleg, og det er fare for at både denne og framtidige handlingar vert gjort på impuls.

Det at Demokratanes leiar i Senatet ikkje vart varsla om angrepet, kan lesast som eit teikn på ei hastig avgjerd.

Hendinga vert truleg tolka i ein innanrikspolitisk kontekst i USA. Trump har ved fleire høve tvitra at Obama ville starte ein krig mot Iran for å vinne val i USA, og det vert brukt mot Trump no.

Det er umogeleg å avvise ei slik kopling, men drapet på Soleimani bør først og fremst handle om Midtausten. Om daude menneske kunne juble, ville det gjort utslag på Richters skala.

Verda er ein betre stad utan Soleimani.

Publisert