For alle som var lei av brexit, var det britiske valet det beste som kunne skje

Britane går endeleg ut av EU. Men valresultatet kan føre til at den britiske unionen ryk.

Publisert:

KLAR TIL Å GÅ: Statsminister Boris Johnson vann torsdagens parlamentsval i Storbritannia. – Det betyr at britane no går ut av EU, skriv Morten Myksvoll. ILLUSTRASJON: MARVIN HALLERAKER.

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

No går britane ut av EU seinast 31. januar. Det er den tydelegaste konklusjonen etter torsdagens brakval for Dei konservative i Storbritannia. Boris Johnson held fram som statsminister, med eit overveldande mandat.

Brexit var avgjerande for valresultatet. Samtidig gjer valresultatet at Boris Johnson kan få gjennom sin utmeldingsavtale. Men dette var berre brexits første akt.

No kjem neste steg, nemleg ein varig handelsavtale med EU. Den kan bli langt vanskelegare for britane, enn den overgangsavtalen som har tatt tre og eit halvt år å få på plass.

Johnsons suksess hadde ikkje vore mogeleg utan Jeremy Corbyn og det britiske arbeidarpartiets fiasko. For sjølv om Johnson er ein historisk upopulær kandidat, var stoda til Corbyn endå verre.

Når resultatet i eitt valdistrikt står att, sit Labour att med 203 mandat. Tapet til Labour vert større av at britane har ei valordning der vinnaren tar alt i kvar krins.

Les også

Full jubel for toryene, katastrofevalg for Labour

Årets valresultat er det dårlegaste sidan 1935. Sjølv då Labour vart knust av Margaret Thatcher, gjorde dei det betre enn dette.

Corbyn har difor varsla at han ikkje vil leie Labour i neste val, og går av etter nyttår.

Labour og Liberaldemokratane gjekk inn i valkampen med ulik brexit-bodskap. Labour skulle vere nøytrale, medan Liberaldemokratane ville stoppe utmeldinga. Det gjorde partia til motstandarar og ikkje allierte.

Det einaste håpet motstandarane til Corbyn hadde, var at veljarane stemte taktisk. Men i valdistrikt etter valdistrikt ser ein at Labour og Liberaldemokratane har langt fleire stemmer enn Dei konservative til saman.

Johnsons parti stakk likevel av med mandatet. Labour vann berre eitt distrikt som dei ikkje allereie hadde frå før. Det var i Putney i London.

VANN VALET: Boris Johnson vann torsdagens val for Dei konservative i Storbritannia. Foto: Reuters/NTB Scanpix

Corbyn hadde tolt å tape nokre valdistrikt der både brexit og Labour stod sterkt, dersom dei hadde tatt det igjen i mange krinsar som ville bli i EU. Labour fekk trass alt flest mandat frå valdistrikt der 50 prosent eller færre stemte for å forlate EU i 2016.

Resultatet viser at det ikkje var så lurt å vere nøytral i den eine store saka som definerte denne valkampen. Kven hadde trudd det?

Alle unnateken Labour-leiinga, tydelegvis.

Valet viser eit svært splitta Storbritannia. Labour er det klart største partiet i dei mest folketette valdistrikta. På landsbygda er Labour nesten utradert. England utanfor storbyane er heilt dekka i blått av konservative sigrar. I dei 200 minst folketette krinsane, vann Labour berre åtte mandat.

Der regjerer Dei konservative.

Den same tendensen ser ein på alder. Labour dominerer i dei 100 valkrinsane der veljarane er yngst. Dei eksisterer nesten ikkje i dei eldste krinsane.

Les også

Podkast: «Eg trur ikkje heile Bergen no er i opprør på grunn av manglande fyrverkeri»

Splittinga i Storbritannia ser ein likevel best om ein samanliknar England med Skottland og Nord-Irland.

Denne forskjellen er i og for seg ikkje noko nytt. Men når ein kombinerer det med brexit blir det problem for det sameinte kongeriket.

Det største problemet blir Nord-Irland. Eit fleirtal av dei folkevalde er no nasjonalistar, som jobbar for å bryte ut av Storbritannia og slå Nord-Irland saman med Irland. Saman med tollgrensa som dukkar opp i Irskesjøen på grunn av Johnsons brexitavtale, kan det setje fart på ei irsk samanslåing.

Då slår unionen sprekker.

Mange skottar tenkjer det same. Når separatistpartiet SNP får 48 av 56 mandat i Skottland, vil dei bruke brexit til å setje skotsk sjølvstende på dagsordenen igjen.

Men skotsk sjølvstende er mykje vanskelegare å sjå føre seg enn irsk samling.

Er det éin ting brexitforhandlingane har vist, så er det kor vanskeleg det er å forlate EU når Nord-Irland deler landegrense med EU-landet Irland. Skottland er så tett integrert med resten av Storbritannia, at det er vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skal etablere ei grense til England.

Sjølv om alt handla om brexit i dette valet, kan britisk politikk no få plass til fleire saker. Men dei som skal styre landet i alt dette, er ei historisk høgrevridd regjering.

Publisert: