Vi treng ein fredsmeklar i krigen om jula

Erna Solbergs regjering gjer julefeiringa i Seljord til dagens store sak. Landets øvste leiing fyrer opp under sjikane, truslar – og eit debattklima ute av kontroll.

Publisert:
Jens Kihl
Kommentator

MED EIT SMELL: Statsminister Erna Solberg (H) opna Lysfesten i Bergen i 2014. No bidreg partiet hennar til det som har fått namnet «krigen om jula». Foto: Vegar Valde (arkiv)

«Fikk ikke lov til å si julemat på skole, måtte si tradisjonsmat: – Bevisst for å ikke støte noen.»

Laurdag kom Telemarksavisa med denne saka frå Seljord barne- og ungdomsskule. Ein elev skal ha «fått kjeft» av ein mat- og helse-lærar for å bruke ord som «julebakst og juleball». Saka har mildt sagt vekt debatt.

Frps Per-Willy Amundsen, landets tidlegare justisminister, meinte at «venstreraddisenes grep om norsk skole er skremmende og farlig». Han meinte at «slike lærere er uskikket til å jobbe i skolen», og spurde sine følgjarar om dei var einige.

Det var dei.

Ein ville «rive denne rektoren i øyrene og snødukke henne til hun blir blå». Elles gjekk det i å sende innvandrarane «dit peppern gror» og at dette «grenser til landsforræderi».

Les også

Jens Kihl: «Korleis skal ein følgje med i ein debatt der deltakarane finn på kvarandres argument?»

Det var ikkje berre i kommentarfeltet det gjekk friskt for seg. Jon Helgheim, innvandringspolitisk talsperson for Frp, slo fast at rektor måtte rydde opp, «elles får kommunen sørge for en snarlig avskjed av rektor!».

Det er relativt spenstig av ein stortingspolitikar å gripe inn i personalpolitikken ved ein skule i Vest-Telemark. Det kunne uansett vore interessant å vite kva oppseiingsgrunnlaget skulle vere.

KrF-leiar og familieminister Kjell Ingolf Ropstad skriv: «Dette blir for dumt. I Norge feirer vi jul. Enig?» Ropstad har heilt rett. I Noreg feirar vi jul. Og dette blir for dumt.

I kommentarfeltet hos Ropstad dukkar Høgres kunnskaps- og integreringsminister (av alle!) Jan Tore Sanner opp: «Selvsagt snakker vi om jul og er stolte av våre tradisjoner.»

Den type utsegner gjev berre meining dersom ein viktig premiss er til stades: At det finst nokon der ute som meiner vi ikkje skal snakke om jul og vere stolte av tradisjonane våre. Sanner bør svare på kven han har i tankane.

Les også

BT meiner: Det blir jul i år også, Frp

For saka var ikkje heilt slik desse toppolitikarane fortalde sine følgjarar. Søndag endra TA tittelen på saka, og tok vekk delen om at elevane «ikkje fekk lov» til å snakke om jul, skriv Medier24.

Sjølve saka er i og for seg grei: Om ein lærar meiner ordet «jul» ikkje passar seg, bør det skrivast om. Det er ikkje støytande å snakke om julebakst i desember.

Så er spørsmålet: Kor stor er saka? I Noreg er det nesten 70.000 lærarar i grunnskulen. Er det ei sak kvar gong ein av dei formulerer seg uheldig? Dette er verdt eit oppslag i ei fylkesavis, men landets leiande politikarar bør ta fatt i viktigare oppgåver.

Populistar som Amundsen, Helgheim og Ropstad er opptekne av å ta vare på norske tradisjonar. I røynda har dei importert det amerikanske fenomenet «war on christmas» – krigen om jula – til landet vårt.

Les også

Jens Kihl: Kva var det Ropstad prøvde på?

Problemet er berre at det ikkje er ein krig mot jula i Noreg. Det er ikkje mange vekene sidan Per-Willy Amundsen laug om at Ikea ikkje såg fram til jula.

Alle som har vore innom Ikea eller eit anna varehus i desember, blir bombardert med julestemning av akkurat den amerikanske, ikkje-kristne varianten som tydelegvis er så viktig å hegne om i Noreg.

No skriv Seljord kommune på Facebook at «I skulen blir det gode ordet jol nytta som ein naturleg del av det norske språket». Det blir jol i Seljord.

Måndag morgon er det godt kjent at rektor ved skulen har teke imot fleire alvorlege truslar. Éin av dei er allereie meldt til politiet, og rådmannen i Seljord vurderer å melde fleire av dei.

Det er på dette tidspunktet at kommunikasjonsavdelinga i Høgre finn ut at dei skal bli med på dette juleballet frå helvete: «Selvfølgelig skal det være lov å si julemat og juleball!»

Les også

Morten Myksvoll: «Tar du Helge Lurås på alvor, er det lett å sjå kor mørkt Resett-prosjektet hans verkeleg er.»

Facebook-innlegget frå landets statsberande parti er skrive med store bokstavar, med strek under «selvfølgelig» og ein emoji forma som eit kvinne som klaskar seg i andletet av irritasjon.

Det siste elementet er ufrivillig treffande. Eit panneklask fortel veldig godt kva Erna Solbergs parti no kastar seg inn i. Ein meiningslaus kulturkrig basert på ei hending ved ein skule i Seljord, med hets, truslar og rasisme som følgje.

Høgre fyrer opp kommentarfeltet på eit ekstremt tynt grunnlag.

Samstundes er statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg på FNs klimakonferanse i Madrid. NRK spurde om kor vidt ho vil omtale stoda for klimaet som ei krise.

Svarer er typisk solbergsk: Visst har vi ei krise og utsleppa er for høge, men situasjonen vil bli verre framover: «Derfor bør vi vente med å bruke de største ordene med en gang», sa statsministeren.

Store ord og ropeteikn bør altså ikkje gjelde småplukk som den globale klimakrisa, men berre brukast om katastrofar som julefeiringa i Seljord.

Førebels har ikkje Høgre posta eit einaste ord om toppmøtet der klodens framtid står på agendaen.

I saka om juletragedien bør Høgre lytte til partileiarens mantra: «Jeg ville ikke brukt akkurat de ordene.» Det er på tide å avlyse krigen om jula.

Publisert: