Høgre og Frps nye kampsak

Unge Høgre har aldri likt nynorsk. No trassar dei Kåre Willochs innstendige råd og får gjennomslag i moderpartiet.

Publisert Publisert
  • Olav Kobbeltveit

BUNADSHØGRE ANNO 2011: Høgres nestleiar Bent Høie – Bunads-Høgre anno 2011 – røysta for å kutta nynorsken frå obligatorisk undervisning i ungdomsskulen. Her saman med partikollega Ine Marie Eriksen på ein slottsmiddag. Foto: LISE ÅSERUD, SCANPIX (ARKIV)

iconDenne artikkelen er over ni år gammel

IDEEN TIL bokbrenninga kulturbyråd Harald Victor Hove i si tid gjennomførte — av nynorsk ordliste - hadde han ikkje soge av eige bryst. På hovudstadens vestkant og utover i Bærumsbygda har Unge Høgre lang tradisjon for gjera nynorsken til hatobjekt nummer ein, og metodane er ikkje alltid like eleverte.

Så lenge Kåre Willoch hadde noko å seia i Høgre, klarte han å snakka landsmøtet til rette. Det gjorde han ofte og gjerne. Unge Høgre-kravet om å fjerna nynorsk - eit av våre to jamstelte skriftmål - frå obligatorisk undervisning, vart gong etter gong avvist.

NO ER DET NYE tider. Om Høgre får rå i landet skal sidemålet bli kosefag. Litt nynorske dikt og sånn. Bokmålselevar skal sleppa læra å bruka nynorsk. På same måten skal nynorskelevar sleppa å læra bokmål. Det eine følgjer av det andre. I Høgre er kunnskap høgt verdsett, med eit lysande unnatak for alt som vedkjem det minste av våre to jamstelte språk. Om vi forstod Arne Hjeltnes rett, blir Pytagoras ståande i lærebøkene.

Jamstelling mellom språka krev meir enn å lesa nynorske dikt, seier Håvard B. Øvregård - leiar i Noreg Mållag. Han er sjølv høgremann, men kallar no Høgres tillitsvalde for useriøse språk- og kulturpolitikarar. Det gjer han fordi dei på eine sida skryt av nynorske dikt, og på den andre vil fjerna nynorsk som allment bruksspråk.

I NORSKE klasserom finst det i dag 81.214 elevar som har valt nynorsk som hovudmål. Nynorsk blir - så langt vi kan sjå - ein del av den norske røyndommen. Skal klassromma rundt om på Vestlandet stengjast for lærarar som ikkje har skaffa seg kunnskap i nynorsk?

Med stort og smått har vi 500.000 nynorskbrukarar i landet. Vi har vidare 114 nynorskkommunar, tre fylkeskommunar og 367 kyrkjesokn som brukar nynorsk. Korleis vil det i praksis bli med jamstellinga av dei to skriftmåla dersom Høgre set strek over opplæringa i skulen?

— Situasjonen er meir alvorleg enn Høgre-landsmøtet har forstått, seier Øvregård, og viser til forsking som seier at kunnskap i sidemålet gjer norske elevar betre i hovudmålet, ikkje omvendt.

— Her har det gamle kulturpartiet gjort knefall for Unge Høgres behov for billleg valkampargumentasjon for skuletrøytte elevar. Mest pinleg for Høgre, som har gått frå kunnskapsparti til kunnskapsløyse, seier Øvregård.

PÅ REGJERINGSHALD er optimismen på grunnlag av nynorsken på eit langt høgare nivå. I Finansdepartementet sit statssekretær Morten Søberg - tidlegare rådgjevar for Ola Borten Moe - og gler seg over at både Finansmarknadsmeldinga og statsrekneskapen i år ligg føre på klassisk nynorsk - med vestlands a-ending. Søberg er av dei senterpartistane som tek eit visst ansvar for at staten og styresmaktene - og særleg Finansdepartementet - skal følgja mållova av 1930. Det er den som regulerer målbruk i statstenesta.

Høgres landsmøtevedtak gjer atter målsaka til politisk stridsspørsmål. Høgre prøver på mange vis å underminera det som den raud-grøne regjeringa har fastslått som offisiell norsk språkpolitikk. Det gjorde kulturminister Trond Giske då han la fram stortingsmeldinga Mål og meining i 2009. Det var eit fullgodt forsøk på å sjå norsk språkpolitikk som ein heilskap, og Giske fekk mykje skryt for språkmeldinga si. Blant anna fordi ho tek til orde for eit robust vern av mindretalsrettane, og viser fram nynorsk som ein viktig del av norsk språk – både historisk og i det språklege uttrykket som gjer seg gjeldande inn i eit nytt tusenår.

DET ER EI STUND sidan målsaka vekte politisk strid. Det kan fort endra seg. Kanskje er det like greitt? Framstegspartiet har nemleg lenge sysla med liknande tankar. Retten til å vraka - sleppa å læra seg - eit av vårte to jamstelte mål, framstår som ein sentral del av partiets fridomsbegrep. Så med Høgres ferske landsmøtevedtak kan motstanden mot nynorsken - i Unge Høgres vulgære form - bli ei felles og samlande kampsak for Frp og Høgre.

Med stortingsmeldinga Mål og meining har den raud-grøne regjeringa innteke det motsette standpunktet. Meldinga tek til orde for å leggja til rette for nynorsken, slik at han kan leva lenge i landet. Det er eit standpunkt som vil bli støtta av Kristeleg Folkeparti og Venstre. Kanskje betyr nynorskens framtid så mykje for sentrumspartia at dei vil bruka det aktivt i eventuelle forhandlingar om støtte til ei Høgre-Frp-regjering?

NYNORSKENS status på vitnemålet – og i skule og samfunn – vil bli kraftig degradert dersom sidemålet blir omgjort til kosefag. Det veit høgrefolk. Difor er det litt vanskeleg å forstå at partiet har hamna på dette standpunktet.

Ein bunadskledd Bent Høie frå Rogaland røysta for. Han har i det minste vist at Bunads-Høgre anno 2011 er noko anna enn på 1980-talet.

Diskuter saka under:

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Har gjort funn i området der Christer forsvann i 2016

  2. Ti menn skal ha blitt loppet etter kvinnenes minibank-triks. – De går etter fulle menn på byen.

  3. «Det er bare å si det som det er. Rasisme finnes også hos oss.»

  4. Han har solgt 25.000 billetter i Bergen i høst. Nå risikerer han å måtte jobbe dobbelt så hardt.

  5. – En gang var USA drømmelandet. I dag er det en rykende ruinhaug.

  6. For første gang sidan februar har Noreg hatt dagar heilt utan nye smittetilfelle: – Vi er framleis redde