Stripping har blitt progressivt i Bergen. Det var på tide.

Illustrasjon: Tord Torpe

No betaler bergenske feministar for å sjå dansarar kaste kleda på scena.

Publisert: Publisert:

Musikken fyller lufta. I kjellarlokalet bryt applausen laus kvar gong muskuløse, lettkledde Dominique smyg seg opp og ned langs strippestonga.

Og applausen går over til jubel når trusa glir av og avslører ein heilt minimal tanga.

Ei scene frå ein skiten herreklubb på kontinentet? Nei, dette var laurdagsunderhaldninga på Ole Bull i Bergen for eit par veker sidan.

Men vent litt: Var ikkje tida for stripping i Bergen over då klubben After Dark stengde dørene under pandemien – og er det ikkje forbod mot å skjenke alkohol i lokale der strippinga skjer?

Les hele saken med abonnement