Ikkje i mitt nabolag

Folk har ein tendens til å bli hysteriske når dei svakaste flyttar inn i nabolaget.

UROLEGE: Naboane på Nøstet er skeptiske til at Frelsesarmeen sine planar om eit gatehospital for rusavhengige i Skottegaten. Erfaringane frå Oslo tyder på at dei har lite å frykte, skriv kommentator Hans K. Mjelva. EIRIK BREKKE

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Det same skjer kvar gong svake, utsette grupper trugar med å rykke inn i eit nabolag: Folk blir forbanna og redde, og protesterer høglydt. Måndag fekk frykta utløp då Frelsesarmeen presenterte sine planar for eit gatehospital på Nøstet i Bergen sentrum. Det er snakk om eit helsetilbod for dei mest slitne rusavhengige i byen. 14 senger.

«Vi er helt enige i at rusmisbrukere trenger og fortjener hjelp. Derfor ser vi også at slikt tiltak er nødvendig, men at det skal ligge akkurat her, er det vi reagerer på.» Kommentaren til nabo Jens Christian Andersen, som stod her i avisa i går, er så erketypisk for slike situasjonar at den kunne vore ramma inn.

Likeins argumenta hans: Frykt for tryggleiken, ikkje minst til borna, når rusavhengige rykker inn i nabolaget. Og kva med bustadverdien? Og løysingane: Flytt dette lang vekk frå folk, til industriområde i bydelane, eller som ein annan på møte foreslo: Til Ågotnes. Dei har jo allereie hatt eit asylmottak, så kvifor ikkje rusavhengige òg. Kort sagt: Alle andre plassar enn her!

Lite tyder på at naboane på Nøstet har så mykje å frykte. Gatehospitalet i Oslo, som dannar malen for det planlagde hospitalet på Nøstet, har ikkje hatt ei einaste naboklage på 11 år. Dei som skal få behandling er slitne, fysisk sjuke menneske. Dei skal få hjelp for sårskadar, pleiast og fôrast til å tole ei behandling på eit vanleg sjukehus. Slike ting.

Les også

Naboopprør mot nytt rus-sykehus

Dei siste åra har det vore mange slike naboprotestar i Bergen. Stort sett er det to grupper folk ikkje vil ha i nabolaget sitt: Rusavhengige og asylsøkjarar. I begge tilfelle skuldast det frykt for at nabolaget blir meir utrygt. Frykta er sjølvsagt forståeleg, ikkje minst når tiltaka blir så omfattande som til dømes asylmottaket på Landås, som skulle huse over 600 asylsøkjarar. Det viste seg å gå bra, ikkje minst fordi naboane på Landås var konstruktive og viste omsorg for flyktningane.

Heller ikkje kommunens utdelingssenter for legemidlar til rusavhengige, dei såkalla MO-sentra i bydelane i Bergen, har skapt dei problema naboane frykta.

Ein stad det har vist seg å vere grunnlag for protestane er i nabolaget til Strax-huset på Gyldenpris. Dei har fått store delar av russcena i fanget etter politiet stengde Nygårdsparken.

På Gyldenpris fryktar no naboane at vondt skal bli verre når byens første sprøyterom blir opna på Strax-huset, truleg før jul. Det er slett ikkje sikkert at det blir verre. Kanskje blir det betre. Byrådet meiner i alle fall det, og skal òg hyre inn vektarar og auke bemanninga på det vanlege Strax-huset for å avhjelpe problema.

Les også

Vil ha nytt sprøyterom i sentrum

Vi får aldri eit samfunn utan problem, utan folk som har problem. Korleis vi møter dei seier mykje om kven vi er. Desse folka må ha ein stad å vere. Å ha dei rundt oss kan til og med gjere livet betre og meir interessant i ei tid då vi lever stadig større del av livet i antiseptiske virtuelle røyndomar.

Men det kviler eit tungt ansvar på politikarane i byen i å fordele institusjonar folk oppfattar som belastande rundt om i byen. Det er til dømes korkje tilfeldig eller rettvist at hovudtyngda av sosialbustadene i byen ligg i gamle arbeidarbydelar, ikkje minst i Solheimsviken. Sjølv om dei fleste som bur der er skikkelege folk, er det gjerne nokre det er meir trøbbel med enn andre. Når nye tiltak skal fordelast må våre folkevalde difor stå i mot presset dei alltid vil møte i bydelar med mange ressurssterke menneske.

Ingen kan vente at folk held stilt når dei fryktar at nabolaget blir utrygt, men av og til må folk ta seg ein kavring, som det heiter på Sunnmøre. Belite seg. Roe seg litt ned, puste djupt og finne ut kva dei eigentleg står overfor. Det er den konstruktive måten å møte nye utfordringar på, med kunnskap og medmenneskelegheit.