Vis meg din koronatest, og eg skal seie deg kven du er

Blir det peiskos, pledd og positiv koronatest på Facebook? Eller er du den meir tøysete typen, kanskje?

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Den mest spektakulære måten å få covid på er allereie unnagjort.

Etter at Anniken Huitfeldt måtte ringe både kongen, kronprinsen, utanriksministeren og presidenten i Finland og fortelje at ho hadde testa positivt berre timar etter dei møttest, er det lite me kan gjere for å overgå henne. Og det er eigentleg like greitt.

Då kongen dagen deretter gjekk rett i sjukmelding med ei saftig forkjøling, var det sjølve krona på verket.

Resten av oss kan ikkje forvente at vårt koronautbrot skal skape overskrifter i alle landets nettaviser. Heldigvis er det 2022, så kven treng eigentleg dei tradisjonelle media? Me har då sosiale medium.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt møtte sin finske kollega Pekka Haavisto i slutten av januar. Lite visste dei at ho skulle teste positivt neste dag.
Les også

Haukeland-overlegens råd: Slik lindrer du koronaplagene

Ei stund var det å få korona meir tabu enn klamydia. Rykta byrja sjølvsagt å gå ganske raskt etter positiv test, styresmaktene kravde jo namn og nummer på alle ein hadde nærma seg. Men det å få covid var liksom synonymt med dårleg smittevern og usolidarisk livsstil, så folk flest prøvde å halde kjeft om uføret dei var hamna i.

Dei tidene er heldigvis forbi.

I våre dagar er ein positiv koronatest det me kallar «bra content». Eigentleg er det på kommunane sine sider ein skal registrere positive testar, men kvifor ikkje få det på Facebook også.

Dette er februars svar på bilete av kvitvinsglas i solnedgang.

Koronatesten haustar likes og «god betring»-ønskjer som lite anna. Men etter kvart som alle får det, blir det litt mainstream med bilete av berre ein positiv test. Det er lov å vere litt kreativ.

Så no er det på tide å ta stilling: Korleis skal du fortelje verda at også du er medlem i «gjennomgått sykdom»-klubben?

Dette blir for keisamt. Det finst meir kreative måtar å dele koronanyheiter på.

Ein del går for forvirra-strategien. I Facebook-gruppa «Hjelp til alt mulig», der folk spør om hjelp til ... ja, alt mogeleg, er om lag annakvart innlegg no eit bilete av ein test med spørsmålet: «Kva betyr dette?».

Det betyr at du har fått korona. To strekar betyr alltid det.

Så har du dei tre p-ane: Peiskos, pledd og positiv test. Ein pakke paracet viss du føler deg litt vill. For det er jo lov å kose seg, sjølv når ein har korona. Ein klar appell til hjarte i kommentarfeltet.

Eit anna alternativ er munnbind-selfien, eventuelt i kombinasjon med den positive testen. Ein fin måte å få vist fram litt trøytte feberauge, men samtidig skjule mesteparten av det sjuke fjeset.

Nokre er så tøffe at dei slår ein spøk sjølv når dei ser coviden i kvitauget. Ingen behov for medynk her. Men skulle det kome noko i kommentarfeltet, blir det sjølvsagt teke godt imot. Er du av denne typen gjeld det å teste positivt så raskt som mogeleg, før alle dei gode spøkane er tatt.

Her er det berre å dra godstolen bortåt og knipse eit bilete til Insta.

Og så har du dei slitsame folka som må gjere politikk utav alt, og kjem med ein lang harang om tiltak og smittevern sjølv når dei sit der med 40 i feber.

Mange verkar nesten litt stolte over at dei endeleg har klart å klokke inn to strekar på testen. Typisk småbarnsforeldre, som framleis trur at det å få korona er synonymt med eit utsvevande liv og dårleg smittevern. Det er jo alt me med barn drøymer om og gjerne vil gi inntrykk av at me har.

Diverre er det å få korona for tida berre synonymt med å ha barn. Det er lenge sidan det var kult.

Moralen er: Du veit aldri når smitten bankar på ditt hus. Truleg skjer det raskare enn du trur. Det er difor fornuftig å byrje å legge some-strategien allereie no.

Er du peiskos-typen, eller den litt meir tøffe og tøysete? Eller vil du finne på ein heilt eigen måte? For gravide er filmar av såkalla «gender reveals» blitt svært populære, der konfetti i anten rosa eller blå farge avslører babyens kjønn. Kva med ein «corona reveal»?

Berre fantasien set grenser, og du har jo tid, der du sit i isolasjon. God betring.

Publisert