Ap har ingen stader å gå

Erna er den nye Gro, den nye Gerhardsen. Jonas har berre dårlege alternativ.

STJERNA: Erna Solberg og Høgre har okkupert sentrum i norsk politikk, og har som strategi å «presse Ap til SV-politikk». Det er ein strategi som kan lykkast, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Lise Åserud, NTB Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Det er ikke en fornærmelse om noen sier at det Erna Solberg eller jeg sier, kunne vært sagt av Ap.

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Arbeidarpartiets største problem er Høgre. Høgre har spelt Ap dårlege, som det heiter i fotballverda. Med rett taktikk kan du få eit godt lag til å stå fram som dårleg. Det er akkurat det Høgre har gjort. Ap får ikkje tak i ballen. Midtbanespelar Erna Solberg held han i laget, på Aps banehalvdel.

No skal Ap «presses til SV-politikk», som ein anonym Høgre-rådgjevar uttalte i Klassekampen måndag. Høgre skal vinne eigarskap til sakene dei to partia er samde om, og litt til. Saker som handlar om ansvarleg, god økonomisk styring, stabile vilkår for næringslivet, kombinert med eit sosialt ansvar og vern om velferdsstaten. Høgres nye slagord «Bærekraftig velferdssamfunn» er så Ap at det kunne vore slått opp på Youngstorget.

Ambisjonane er tydelege: Å ta over posisjonen Ap stort sett har hatt sidan krigen, som landets viktigaste parti. Med Høgre-ideolog Torbjørn Røe Isaksens ord: «vi har en mulighet til å ta posisjonen som styringspartiet i norsk politikk».

For Arbeidarpartiet ville det vore ein katastrofe. Ved valet i fjor vart dei så vidt landets største parti. Sidan den tid har Høgre vore størst på målingane, eit forsprang som berre har auka. Ikkje rart folk Høgre drøymer om at Noreg vil følgje etter mange andre europeiske land, der dei sosialdemokratiske partia er desimert.

DEN BORTKOMNE SONEN: Trond Giske gjorde offentleg comeback då han talte til partifellar i Orkanger i februar. Denne helga utnemnde fylkespartiet i Trøndelag Giske til å leie ei ny ideologisk utgreiing. Dan P. Neegaard

Arbeidarpartiets problem er ikkje mangel på politikk, slik både partiet sjølv og mange synsarar har hevda. Problemet er at Høgre er for gode til å kontre ein kvar framstøyt frå Ap.

Ein av dei beste her er arbeidsminister Anniken Hauglie, som nyleg klarte å få gjennom det ingen har klart før: å få fullført pensjonsreforma for offentleg sektor. Fagrørsla var godt nøgd. Det var dei òg søndag, då lønsoppgjeret fann si løysing etter at Hauglie lova å jobbe saman med LO, YS og NHO for å finne ei løysing på pensjonsflokane i privat sektor. Den som leitar etter godt sosialdemokratisk handverk finn det hjå Hauglie.

Etter valnederlaget i fjor svarte Ap med å setje ned tre utval som skal fornye politikken. Slikt er ikkje bortkasta, men det løyser ikkje hovudproblemet Ap har for tida: Kven skal Ap vere, når Høgre har tatt plassen i sentrum?

Eit svar er å kjempe om sentrumsplassen. Då vil Ap måtte føre ein ansvarleg politikk som blir vanskeleg å skilje frå regjeringas politikk. At dei førebels følgjer denne linja er støtta til regjeringa i Acer-saka det beste dømet på. Ap sikra fleirtal for norsk tilslutning til EUs energipolitikk på Stortinget, trass i at heile LO og over halve partiet sa nei.

Fordelen er at partiet då ikkje gjev opp statusen som ansvarleg styringsparti. Ulempa er at Ap er avhengig av at Høgre snublar, om dei skal ta tilbake trona. Det kan jo skje. Strammare budsjett vil setje regjeringskoalisjonen på prøve, og det finst framleis Høgre-veljarar som lurer på kvar det blir av naudsynte kutt i sjukeløn og formuesskatt. Problemet deira er at dei ikkje har nokon andre stader å gå.

Ei anna ulempe for Ap med ei ansvarleg linje er ho gjev flest poeng til den folk trur er best til å styre landet. Akkurat no leiar Erna Solberg den kampen med god margin over Jonas Gahr Støre.

VANSKELEG JOBB: Det spørst om Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan halde på den ansvarlege linja, om han skal klare å leie partiet ut av Erna Solbergs famntak, skriv Hans K. Mjelva. Tor Stenersen

Det andre alternativet er å gå til venstre. På årsmøtet i Trøndelag Ap i helga varsla generalsekretær Kjersti Stenseng færre kompromiss med regjeringspartia framover. Landets største Ap-lag vedtok òg å gje den avgåtte kronprinsen, Trond Giske, oppgåva med eit reformarbeid, som skal utvikle ny politikk med utgangspunkt i grasrota i partiet.

Bakom syng Acer-vedtaket, som Giske var motstandar av. Ap lek veljarar både til venstrepartia Rødt og SV, og til Senterpartiet. Hjå desse veljarane var Acer-saka med på å forsterke inntrykket av at Ap-leiinga ikkje lyttar til grasrota, men framleis trur dei kan køyre sin «elite-politikk».

Det finst ingen lette løysingar for Ap. Uansett om dei vel den ansvarlege eller den mindre ansvarlege linja, risikerer dei å tape. Regjeringa har rett nok eit skjørt fleirtal, basert på støtte frå Stortingets minst økonomisk ansvarlege parti, KrF.

Men den einaste verkelege trøysta for Ap-leiar Jonas Gahr Støre er at han ikkje treng å frykte venstresida i partiet, etter #Metoo-detroniseringa av Trond Giske. I alle høve ikkje på kort sikt. Men klarer Erna Solberg å styre det borgarlege laget godt dei neste to åra, sit ikkje Støre trygt.

Då kan hans ansvarlege sentrumslinje stå for fall. Så spørst det om Ap vil følgje i fotspora til det britiske søsterpartiet, og ta eit solid steg mot venstre. Ingen ville blitt meir glad for det enn Høgre, Noregs nye styringsparti.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag. Meld deg på her.