Bompengane verkar og smertar

Bompengane er i ferd med å bli urimeleg høge, men Bybanen må uansett byggjast ut.

MEIR BANE: – Kollektivtilbodet i Bergen er heilt fantastisk, samanlikna med slik det var då eg flytta til byen i 2006. Men Bergen treng meir bybane, skriv Morten Myksvoll. Foto: Eirik Brekke (Arkiv)

Publisert:

Det finst tre måtar å få ned bompengerekninga på, utan meir hjelp frå staten: Byggje mindre, redusere bompengeandelen eller auke lånetida.

Ingen alternativ er gode for Bergen.

Lokalpolitikarane er i ein vanskeleg skvis framover. Det er tvingande nødvendig å byggje meir kollektivtrafikk for å gjere bergenstrafikken betre. Samtidig er bompengane i ferd med å bli urimeleg høge.

Det er likevel ingen tvil om at investeringane dei siste ti åra har hatt stor effekt.

Les også

BT20: Det vestlandske bompengeopprøret – er grensa nådd?

Kollektivtilbodet i Bergen er nemleg heilt fantastisk, samanlikna med slik det var då eg flytta til byen i 2006. Talet på bussreiser i Bergensregionen har gått opp frå 24 til 43 millionar sidan 2010.

I tillegg kjem Bybanen, med sine tolv millionar reisande, som til no berre er tilgjengeleg i fire bydelar.

Utviklinga kostar. Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane vil koste minst 15 milliardar. For å dekkje investeringsbehovet til no, har inntektene frå bomringen gått opp med nær 80 prosent sidan 2010. På same tid har talet på køyretøy gått ned. Færre betalar meir.

No vert bomringen utvida med fleire stasjonar. Målet er at fleire av dei som køyrer i Bergen skal vere med på å betale bompengane. Det er bakgrunnen for protestane.

Staten har kome meir på bana dei siste åra, og lovar no å ta halvparten av kostnadene for Bybanen til Fyllingsdalen. Den andre halvparten skal bilistane stå for.

Men det er ikkje det einaste alternativet, skal me tru tidlegare samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Han styrte norsk transportpolitikk i fem år, og måtte jamleg forsvare auken i bompengar i heile landet.

Møtt med påstandar om at han tvinga bompengar på kommunane, slo han tilbake: Lokal medfinansiering treng ikkje bety bompengar, meinte han.

Frp meiner at vegar er eit statleg ansvar, men når det er snakk om kollektivutbygging bør altså kommunar og fylke ta pengar frå eigne budsjett.

Les også

Debatt: Vi trenger en langtunnel i Åsane nord

Dersom Bergen kommune vel å bruke 100 millionar kroner årleg på å betale for bybaneutbygginga, kan taksten gå ned med to kroner utanfor rushtida. I rushet kan bilistane spare fem kroner.

To og fem kroner per passering blir jo til skikkelege summar dersom ein passerer bommen kvar arbeidsdag. Men 100 millionar kroner er pengar det òg.

Det tilsvarar 110 sjukeheimsplassar eller 940 barnehageplassar. 100 millionar er litt under halvparten av det Bergen kommune brukar på å halde idrettshallar og -anlegg opne, men meir enn halvparten av det brannberedskapen i Bergen kostar.

Kommunen brukar mindre på bibliotek eller bustadtiltak kvart år.

Det er hardt å stå i stormen som bompengedemonstrantane skaper, men lokalpolitikarar som kuttar i tilbodet til barn og eldre for å redusere bomtakstane med nokre få kroner, kan få det tøft i lokalvalet neste år.

Les også

Høy temperatur på folkemøte om bompenger i Bergen

Det går an å auke nedbetalingstida, dersom ein ikkje vil byggje mindre eller bruke pengar frå kommunekassa. Det foreslår den tidlegare prosjektleiaren for ferjefri E39 Olav Ellevset. I dag er den maksimale nedbetalingstida 15 år. Ellevset vil auke den til 40 år.

Det er ingen god idé for Bergen.

Heldigvis var ikkje framlegget mynta for bomringar som i Bergen. Dersom ein byggjer Bybanen med så lang nedbetalingstid, vil ein binde enorme summar i lang tid framover. Bergen vil trenge store samferdselslyft om 20 år òg.

Bybanen vert bygd ut fortare enn låna vert nedbetalt i dag. Dersom lånetida vert endå lenger, vil det berre utsetje problemet med stor bompengegjeld.

Ellevsets framlegg er relevant for fylkesvegar som elles ikkje når opp i prioriteringa. Takstane blir svært høge dersom trafikktala er låge og alt skal betalast ned på 15 år. Dersom ein kan spreie det over opptil 40 år, kan det gjere belastninga på bilistane leveleg.

Det kan òg motverke ei sentralisering av samferdsleinvesteringane.

Les også

Sykkelveien har stått ferdig siden juni. Først nå er det snart klart for åpning.

Løysinga på høge bompengar i Bergen er ikkje å utsetje rekninga, byggje mindre eller ta frå skule og eldreomsorg. Bergen må halde fram med å rope på staten. For det er heilt urealistisk å byggje Bybanen vidare utan statleg støtte.

Heldigvis har den byrja å lytte.

Til Fyllingsdalen fungerer det at staten tar halve rekninga. Men låna hamnar oppå kvarandre. Me betaler framleis ned på tidlegare byggjetrinn.

Staten må nok bidra med meir enn halvparten i neste runde. Ellers stoppar utbyggjinga opp, og det vil vere ein katastrofe for byen.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.