Krafta er vår

Naturlegvis prøver dei å lura oss.

Asbjørn Kristoffersen

Eirik Brekke (arkiv)

Dei trur visst dei berre kan koma her og koma her og ta fossekrafta vår. Denne gongen er det ikke steinrike utlendingar som siklar seg om munnen når dei ser ein skog av norske monstermaster. Denne gongen er det EU. EU trur dei kan overta styringa av kraftproduksjonen. EU må tru omatt.

Naturlegvis prøver dei å lura oss. Nett som forfedrane våre for hundre år sidan vart lurte til å selja fossane for ei flaske brennevin. No er den vanlege metoden eit bokstavmumbojumbo, som dei satsar på at ikkje ein sjøstøvel skal fatta konsekvensane av. Denne gongen kallar dei påfunnet for ACER. Det skal vera ei forkorting for Agency for the Cooperation of Energy Regulations. Berre så du veit det.

Klima er smørsida. Nede i landa må engergiproduksjonen samordnast og regulerast for å få bukt med klimagassar og forureining og sløsing og ineffektivitet. Smørsida er det ingen ting å seia på. At vi som bur midt i lågtrykksrenna frå Island må bidra med vår reine, grøne kraft, er det heller ikkje noko å seia på. Vi er gjennomblaute, snille og solidariske medmennske.

Men det får vera måte på. Vi kan ikkje risikera at dei der nede i landa tiltuskar seg vår fossekraft, med nye kraftkablar i hytt og pine. Vi kan ikkje ta sjansen på at vår fossekraft blir like dyr som den elektrisitetsprisen utlendingar må punga ut med for atomkraft og kolkraft og solkraft og vindkraft og ka’ har du, ka’ tar du. EU må gjerne putla på med ACER og kva forkortingar som helst for vår del. Men vasskrafta vår får dei ikkje. Dei kan ha brennevinet sitt for seg sjølve.

Vasskrafta er kompensasjon for å leva i blandevatnet. Kraftprisane er kompensasjon for opptørkingsutgiftene. Fossar som enno ikkje er lagde i røyr, er til for å minna oss om at ein gong var vi ikkje så snille som vi no er. Dersom flatlendingane tenkjer på å bli ACER i hovudet, kan dei få med ville vestlendingar å gjera.

Norsk råderett over fossekrafta viste veg til norsk råderett over olja. Men vatn er tjukkare enn olje.