Riv Røkketårnet – før det er bygd

No må kysten samle seg før havbyen Bergen blir flytta til Indre Oslofjord.

SER BLÅTT: Statsminister Erna Solberg (H), REV Ocean-direktør Nina Jensen og konsernsjef i Aker Øyvind Eriksen troppa opp på Fornebu i oktober for å lansere planen om World Ocean Headquarters. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)

Publisert:

Noreg har ein hovudstad for havforsking og maritime næringar. Den heiter Bergen. Saman med viktige miljø i Ålesund, Trondheim, Tromsø og andre plassar langs kysten leverer Bergen i dag havforsking i verdsklasse.

Dette affiserer tydelegvis ikkje Aker-eigar Kjell Inge Røkke, REV Ocean-sjef Nina Jensen og statsminister Erna Solberg (H). No heiar dei nemleg fram eit nytt hovudkvarter for verdshava – Det Store Blå. Det skal liggje på Fornebu, av alle plassar.

Til no har diskusjonen om bygget handla mest om fargen, høgda og naboane. Trikset med å plassere ein skyskrapar på nesten to hundre meter midt i debatten er velkjent: Då får du eit ordskifte om fasaden og høgda.

I skuggen av skyskraparen kan du trekkje i dei trådane som trengst for å fylle innsida med det du vil. Til no har det vore påfallande taust om kva ein skal bruke 65.000 kvadratmeter nybygg til, der 19.000 av dei skal tileignast World Ocean Headquarters.

NTB kunne melde at bygget skal huse «et stort antall norske og internasjonale forskere og byråkrater, gründere og bedrifter, ikke-statlige organisasjoner (NGOer) og finansaktører».

Problemet er berre at svært mange av dei forskarane, byråkratane og institusjonane allereie har ein arbeidsplass i dag. Og den er ikkje plassert i Bærum.

Nina Jensen var ein av talarane under årskonferansen til Bergen Næringsråd sist fredag. Her la ho vekt på at dette ikkje skal bli ein ny forskingsinstitusjon, og at målet ikkje er å stele arbeidskraft frå Bergen, Ålesund og Tromsø.

Men no må ikkje bergensarar og andre vere naive: Kva skjer når Røkke bruker tre milliardar på eit hovudkvarter for verdshava? Jo, sjølvsagt blir det ein kamp om dei beste hovuda mellom Røkke og røkla.

Risikoen er stor for at debatten utartar seg slik at det blir eit problem med obsternasige fagmiljø langt frå Oslo som kjempar mot sentraliseringa.

Plutseleg kan Havforskningsinstituttet og andre få rolla som bremsekloss: Tenk at dei smålege bergensarane er opptekne av noko så stussleg som lokaliseringsdebatt – dette handlar om å redde verdshava!

PENGAR PÅ BOK: Kjell Inge Røkke ønskjer å bruke store delar av formuen sin på gode formål. Mellom anna ønskjer han no å satse milliardar på eit hovudkvartet for verdshava på Fornebu. Her er han på opninga av ein skulpturpark på Fornebu i 2016. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix (arkiv)

Jensen sa òg at det kan bli aktuelt å byggje laboratorium og andre fasilitetar i World Ocean Headquarters, som det skal heite på fint. Talen skal ha vekt uro i vestnorske fagmiljø: kva er det eigentleg som er i ferd med å skje austanfjells?

Plutseleg må havbyen Bergen kjempe mot havebyane på Oslo vest.

Erna Solberg, statsminister for Bergen og Noreg, er blitt sitert på det følgjande i presseskrivet om nybygget: «Eg ønskjer dykk alt godt i arbeidet med å etablere World Ocean Headquartes, som vil samle, under same tak, verdsleiande kunnskap og erfaring.» (Mi omsetjing.)

Dette kan stå i motstrid til det regjeringa tidlegare har sagt om å samle marin forsking i Bergen. Dei same ekspertane kan ikkje sitje to plassar samstundes.

Les også

Havforskningen vil ha økosystemer i høye tanker utenfor nytt bygg

Etter planen er det Aker ASA som skal eige bygget gjennom sitt heileigde eigedomsselskap FP Eiendom. Dei trur tydelegvis at havforsking er noko nytt og spanande Noreg burde byrje med: «Verdenshavets hovedkontor kan sette Norge på det internasjonale kunnskapskartet for utfordringer til havs», skriv dagleg leiar Torstein Storækre i eit innlegg i DN.

Vel, Storækre, her er ei nyhende til deg: Noreg finst allereie på dette kartet, men knappenåla er ikkje plassert på Fornebu. I staden ligg det ei perlerad av fagmiljø langs norskekysten, med Bergen som sjølve havbyen.

BÆRUM: Statsminister Erna Solberg (H), REV Ocean-direktør Nina Jensen og konsernsjef i Aker Øyvind Eriksen sakna rett nok Kjell Inge Røkke då dei lanserte nybygget på Fornebu. Foto: Heiko Junge, NTB Scanpix (arkiv)

Det er heller ikkje uproblematisk at det er Aker som skal eige bygget. Aker ASA driv mellom anna med olje, gass og marin bioteknologi. Det er langt frå sikkert at det som er best for verdshava er best for dei som tener pengar på ressursane som finst i og under havet.

For tida går det ein debatt i Bergen om samlokaliseringa av Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet, der ulike organisasjonar har ulike favorittar. Fornebu-debatten bør vere eit kraftig varsku til båe institusjonar: Avstanden frå Marineholmen til Dokken er ikkje stort lengre enn Røkketårnet er høgt. No gjeld det å hengje saman. Alternativet kan fort vere å bli hengt kvar for seg.

Ein av dei som har skjønt det, er Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege institutt ved UiB. Han har skrive ein bloggpost med den talande tittelen «Det er her hovedkvarteret ligger». REV Ocean har reklamert med at Havforskningsinstituttet er med i eit «tett samarbeid» om prosjektet, noko direktør Sissel Rogne heldigvis har avvist. Men denne stilen teiknar ikkje godt om målet for bæringane er samarbeid.

Les også

Tomtestriden: Havforskningen har fått gjennomslag for dypvannskai

Til no har striden om tårnet handla mest om kor vidt naboane i Bærum synst det er smakfullt med eit høghus nedi gata eller ei. I dette spelet er ettermiddagssola på nokre terrassar temmeleg uvesentleg, men Bergen bør sjølvsagt bruke den striden for alt han er verdt:

For om ikkje bæringane vil ha den havforskinga som etter planen skal fylle Røkketårnet, så skal dei då endeleg få sleppe.

Bergen står klar til å ta imot alle dei ressursar som trengst for å gje verda sunnare hav. Hovudkvarteret må liggje i havbyen.