Éin avtale skal binde oss

Staten måtte legge 13 milliardar på bordet for at bergensregionen skal tenkje heilskapeleg.

Publisert:

SIGNERTE: I valkampen vart motstanden mot avtalen brukt flittig i omegnskommunane. Fleire av dei som var kritiske då, signerte avtalen no, skriv Morten Myksvoll. Foto: Paul S. Amundsen (Arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

13 milliardar kroner. Det er statens bidrag til vegar, kollektivtrafikk, gonge og sykkel dei neste ti åra. Pengane kjem gjennom den såkalla byvekstavtalen, som òg bind dei fem kommunane Bergen, Alver, Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden til å redusere biltrafikken og kutte utslepp.

I praksis er dette ei utviding av den avtalen som Bergen har hatt fram til no. Avtalen gir mykje pengar til regionen, og gjer det forhåpentlegvis lettare å koordinere utviklinga i og utanfor Bergen.

Namnet til trass, så er det ikkje byveksten som er problemet.

I dag kan Bergen seie nei til spreidd bustadbygging, men så dukkar det likevel opp mange ny hus i kommunane rundt. Den store pendlinga til, frå og gjennom Bergen viser kor gjensidig avhengig Bergen og omlandskommunane er av kvarandre.

Det skulle berre mangle at ein då jobbar saman for å løyse problema som oppstår når eit bustadfelt i éin kommune aukar trafikken i ein annan.

Arealpolitikken vart ein meir kontroversiell del av avtalen enn bompengane. Hovudårsaka til det, er at staten vil innføre sterkare restriksjonar på kvar ein kan bygge.

Dersom ein held fram med å bu svært spreidd, vil behovet for biltrafikk auke. Målet politikarane har bunde seg til, er å redusere trafikken.

I valkampen vart motstanden mot avtalen brukt flittig i omegnskommunane. Fleire av dei som var kritiske då, signerte avtalen no.

Dei mange statlege millionane er rett og slett for gode å takke nei til.

Men motstanden var og er reell. Og det er arealpolitikken det står på.

Når folk bur tettare, går behovet for bil ned. Difor er fortetting sjølv på strilelandet eit tiltak for å redusere behovet for bompengar.

Les også

Podkast: «Kyllingpølser har ført den norske kulturen til randa av kollaps. Har det rakna fullstendig for norsk politikk?»

Staten kom kommunane litt i møte, for avtalen vart mjuka litt opp i innspurten. Det står framleis at nybygging «skal i hovudsak skje i regionale vekstsoner». Men det kom òg inn ei setning om å legge til rette for «å oppretthalda gode og levande lokalsamfunn».

Det blir spanande å sjå korleis dette vert handheva i praksis i åra som kjem. For hovudpoenget står fast: Arealpolitikken skal bidra til at biltrafikken går ned.

Bompengane er mindre omstridd i avtalen enn arealpolitikken, sidan det berre er bomringen i Bergen som er med.

Foreløpig skal den styrast av ei undergruppe, slik at ikkje alle kommunane kan bestemme over bompengane i Bergen. Det er difor Bergen som skal bestemme korleis ein skal kutte bompengane med 55 millionar kroner årleg, i tråd med regjeringas bompengeforlik.

Den æra får Bergens nye byutviklingsbyråd, Thor Haakon Bakke (MDG). Han vil nemleg ikkje kutte bompengane, men må finne ein måte å gjere det på som ikkje aukar biltrafikken.

Les også

BTs leiar: Køkaoset viser kor sårbar Bergen er

Bompakkene i Alver og på Askøy kjem truleg inn i avtalen i 2021. I Bjørnafjorden blir det truleg bomstart i 2022, når nye E39 er ferdig. I nye Øygarden kommune kjem bompengane først nokre år seinare, når Sotrasambandet står klart.

Ei setning som ikkje kom med i innkallinga til det siste forhandlingsmøtet, tyder på at byvekstavtalen skal samle prioriteringa av alle bompengetiltaka i regionen.

Staten krev nemleg at kommunane skal gå saman om ei prioritert prosjektliste for heile avtaleperioden. Kva skal byggast når, altså.

Dette utkastet går difor langt i å slå saman byvekstavtalen med dei ulike bompengevedtaka i regionen.

Det kan gi sårt etterlengta heilskap i planlegginga av nye vegprosjekt. For det er ikkje til å kome frå at det har dukka opp bomstasjonar i eit svært høgt tempo dei siste åra. Kvar for seg er dei nyttige, og kvar for seg er dei kanskje ikkje for dyre. Men når dei kjem på toppen av kvarandre, så blir det veldig dyrt.

Den neste byvekstavtalen kan verkeleg bli ein mastodont, dersom ein skal presse inn alt av miljøtiltak i regionen.

Dess meir som vert lagt inn i avtalen, dess meir vert prioritert i samråd med andre kommunar. Det er framleis folkevalde som styrer, men byvekstavtalen er eit hakk lenger unna folket enn kommunestyret.

Publisert: