Tunnel til framtida

Eit land som skal leve av havet, må investere i sjøvegen langs kysten.

Øyulf Hjertenes
Sjefredaktør

Marvin Halleraker

Det var berre snakk om minutt. «Viking Sky»-forliset på Hustadvika i Møre og Romsdal sist helg var nær å bli den verste katastrofen langs norskekysten nokon gong.

I forrykande uvêr dreiv cruiseskipet over grunnene inn mot land. Livbåtane gjekk ikkje å låre. Berre hundre meter frå land fekk ankeret tak. Hadde det gigantiske skipet med over 1300 menneske om bord treft havbotnen, kunne det ha kantra.

Følgjene ville blitt grufulle.

Enno finst det dei som meiner tryggleik til havs ikkje lenger er eit argument for å investere i ein tryggare kystveg. Betre kart og varsling, betre og større skip, med betre og sikrare teknologi, gjer at prosjekt som Stad skipstunnel ikkje lenger trengst. Hurtigruten og fleire andre har også varsla at dei ikkje vil bruke tunnelen, om han kjem.

Den 1,7 kilometer lange skipstunnelen mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Nordfjord har vore diskutert i snart 150 år. Tunnelen vil gjere at skipa slepp å leggje ut på Stadhavet, det verste havstykket mor Norge har å by på.

Og ja, ulukker er sjeldan kost i dag. Det betyr ikkje at Norge skal la vere å investere i ein trygg og open kystveg.

JA TIL TUNNEL: – Tunnelen vil gjere at skipa slepp å leggje ut på Stadhavet, det verste havstykket mor Norge har å by på, skriv Øyulf Hjertenes. ILLUSTRASJON: TOR SPONGA

«Viking Sky» er så gigantisk at det ikkje ville vore plass til ho i ein skipstunnel uansett. Men når eit slikt skip kan forlise langs norskekysten, kan alle forlise.

Dersom alt gjekk etter planen, skulle det ikkje vere vanskeleg for cruiseskipet å ferdast ute i rivande storm. Men alt går ikkje alltid etter planen. Ikkje på Hustadvika, ikkje ved Stad.

Teknikken sviktar, menneske sviktar. Det har skjedd før, og det vil skje igjen.

Nasjonen Norge har også store ambisjonar for havnæringane i tiåra som kjem. Produksjonen og eksportverdien av mat frå havet kan bli mangedobla fram mot 2050. Satsinga er framtidsretta og god. Norge treng å utvikle nye næringar i takt med at oljen og gassen blir mindre viktig.

Verda treng også mat. Marknaden der ute er enorm. Folketalet i verda aukar med 80 millionar menneske i året. Skal alle bli mette, er det naturleg og viktig at meir av maten kjem frå havet.

For avisa Dagens Næringsliv er Stad skipstunnel likevel eit distriktstiltak. På leiarplass har avisa kalla prosjektet ein «skandale». I omtalen av lokalpolitikarane i Selje minner avisa mest om ein britisk koloniherre for 200 år sidan.

Dei som framleis held på stilen frå det britiske imperiet, får halde på med sitt. Alle andre kan melde seg på framtida: Vi har ein langstrakt kyst, vi har tilgang til store havområde, og ikkje minst har vi tradisjonar og kompetansen som skal til for å lukkast.

Norge er i dag verdas største produsent av laks og aure, Bergen er verdas laksehovudstad. Optimistane trur vi berre har sett starten på eit eventyr som også rommar algar og anna liv frå det mørke djupet.

Ei slik ambisiøs, nasjonal satsing krev at landet investerer i transportvegane til sjøs. Infrastrukturen må vere god dersom draumen om ei mangedobling skal vere realistisk. Vegane gjennom landet har ikkje plass til alle vogntoga som skal til. Bra for klimaet er det heller ikkje.

Meir av maten frå havet må fraktas sjøvegen.

Då må regulariteten også vere god.

Les også

Hans K. Mjelva: Luksusfella på Stad

Ein av grunnane til færre ulukker over havområde som Stad, er at mange skip ikkje legg ut når dei veit at tilhøva blir vanskelege. Denne utfordringa vil bli større og større i takt med den venta auken i sjømatproduksjonen langs kysten.

Kor mykje er det verd at sjøvegen er open?

Fleire samfunnsøkonomiske analysar viser at nytteverdien av Stad skipstunnel ikkje forsvarar investeringa, som no er oppe i 3,7 milliardar kroner. Dersom kalkulatoren trumfar visjonane og ambisjonane, vil tunnelen ende opp som folklore.

Men det er ikkje slik eit samfunn blir bygd. Ein ting er kor landet er, noko anna er kva landet skal bli.

Bjørvikatunnelen i Oslo var ikkje ei samfunnsøkonomisk lønsam utbygging. Den var likevel rett å prioritere. Tunnelen la til rette for ei god og framtidsretta utvikling i hovudstaden, noko som også er viktig for landet.

Der står også Stad skipstunnel: Holet i fjellet i Nordfjord er ikkje eit nådig distriktstiltak for innfødde barbarar. Prosjektet er ei nasjonal investering i det vi skal leve av i dette landet i tiåra som kjem.

Stad skipstunnel ligg per i dag inne i Nasjonal transportplan, noko som betyr at planen er at den skal bli bygd. Men regjeringa løyva ikkje pengar til prosjektet i år. Før jul bestilte samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) nok ei utgreiing av kostnadane ved prosjektet.

Skipstunnelen kan bli verande ein draum.

Eller betre: Skipstunnelen kan bli ei spenstig nasjonal investering for eit havland som aldri heilt kan gardere seg mot farane til sjøs.