Imperiet slår tilbake

USAs handelskrig handlar ikkje lenger berre om å få ein betre «deal». Haukane vil hindre Kina i å ta over som verdas økonomiske og militære stormakt.

KAMP: Når støvet av Donald Trumps handelskrig har lagt seg tippar eg Kina vil skride vidare på vegen til å bli verdas nye supermakt, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. JONATHAN ERNST

Den siste veka har handelskrigen mellom USA og Kina gått frå vondt til verre. Mange månaders forhandlingar førte ikkje fram til ein avtale innan fristen USA hadde sett fredag.

Dermed auka USA tollen frå 10 til 25 prosent på ein stor del av kinas eksport til USA. Samstundes gjorde Trump det klart at dei vil innføre 25 prosent toll på mesteparten av det som er igjen (325 milliardar dollar), viss ikkje Kina gjev etter i forhandlingane.

Måndag svarte Kina med å innføre 25 prosent toll på amerikanske varer verdt 60 milliardar dollar årleg frå 1. juni.

Resultatet vart eit kraftig fall i aksjemarknaden verda over, og auka frykt for eit globalt økonomisk tilbakeslag. Skjer det vil det òg kunne råke norsk eksportindustri og turisme.

Men sjølv om USA og Kina skulle bli samde er små land som Noreg i trøbbel, fordi avtalen vil ta Trump eit steg nærmare målet om å fjerne det regelbaserte internasjonale handelssystemet.

Les også

Handelskrig rammer amerikanske forbrukere

Trump gjekk til val på at Kina ikkje lenger skulle få utnytte USA. Han ville ha ein bedre «deal».

Men i USA er det òg mange som vil ha eit meir grunnleggande oppgjer med Kina. Dei vil hindre Kina i å bli verdas nye supermakt, økonomisk og militært.

Då Kina vart med i Verdas handelsorganisasjon (WTO) i 2001 trudde framleis Vesten på at marknadsøkonomi og økonomisk vekst ville endre Kina til eit demokrati, og føre dei inn i den vestlege folden. Det er det få som trur på lenger.

Kina har hatt ein fantastisk økonomisk vekst, utan at landet har kome nærmare demokrati. Tvert om. Under Kinas noverande leiar, Xi Jinping, har i staden Kina stått fram som stadig meir sjølvhevdande og autoritært.

Xi har gjort det klart at han vil Kina skal ta over som den dominerande maktspelaren i Asia, medan nasjonalistiske haukar talar ope om at målet er å bli den dominerande supermakta globalt.

Les også

Trump advarer Kina: – Kan bli langt verre seinere

Det er tvilsamt om USA vil klare å stogge framveksten av rivalen. Til det er Kina kome for langt, og Kinas alternative vegar til vekst for mange.

Men i denne saka er ikkje Trump utan allierte. I det stille heiar EU og mange andre rike land på USAs harde linje mot Kina. Kina har brukt proteksjonisme for å bygge seg opp til å kunne konkurrere med meir utvikla industrinasjonar. Det er svært vanleg for framveksande industrinasjonar. USA gjorde det på slutten av 1800-talet, og Noreg gjorde det med oljeindustrien på 1970- og 1980-talet.

Akkurat som amerikanske oljeselskap måtte lære opp norsk industri for å få tilgang til boreblokker i Nordsjøen, har Kina tvinga vestlege selskap til å dele sin teknologi med kinesiske selskap for å få tilgang til den kinesiske marknaden.

For Noreg tok teknologioverføringa slutt med EØS-avtalen i 1994. For Kina kan det ta slutt med Trumps handelsavtale. Eller kanskje ikkje. USA vil at dette og andre endringar, som respekt for vestlege patent, skal skrivast inn i kinesisk lover.

Samstundes vil dei at den kinesiske staten skal kutte i subsidiar til industrien og statseigde selskap som konkurrerer globalt med amerikanske selskap. Men dette vil rokke ved så grunnleggande delar av den kinesiske vekstmodellen at det spørst kor langt USA kjem.

Sett frå USA er det altså gode grunnar for ein amerikansk president å gå laus på Kina, akkurat som Ronald Reagan gjorde med Japan på 1980-talet. Men viss Trump hadde som mål å hindre Kina i å ta over USAs rolle som verdspoliti, burde han ikkje samstundes gått laus på handelsavtalane med allierte som EU og Canada, som økonomen Paul Krugman skreiv denne veka.

Alt tyder på at Trumps opphavlege motiv var å gje USA betre handelsavtalar generelt, noko han såg som eit middel til auka amerikansk velstand og heimflytting av arbeidsplassar.

Det er for så vidt ingen motsetnad mellom å få ein «betre deal» med Kina, og å bremse Kinas vekst. Men dess meir vekt ein legg på det siste, dess hardare kan det forsvarast å stå på krava i forhandlingane.

Trump har førebels det amerikanske folket i ryggen. Den einaste kritikken han får frå politiske rivalar i det demokratiske partiet er at han ikkje er hard nok. Problemet er at Kinas president Xi òg profilerer seg som «ein sterk mann» som ikkje gjev etter for amerikansk press.

Difor er det ikkje lett å spå korleis dette ender. Om to-tre veker byjar tollsatsane som vart sett opp fredag å svi, når dei kinesiske varene kjem fram til USA. I slutten av juni skal Trump og Xi møtast under G20-møtet i Japan, rett før USA etter planen innfører 25 prosent toll på resten av Kinas eksport.

Økonomisk er det liten tvil om at Kina har mest å tape, i alle høve på kort sikt. Ein femdel av kinesisk eksport går til USA. Men handelskrigen vil òg råke amerikansk økonomi, arbeidsplassar og forbrukarar. Teikna er der allereie, gjennom auka prisar, fallande aksjekursar og fallande inntekter for amerikanske soyabønder.

Det er Trump svært kjenslevar for, noko som no gjer at han mellom anna har lova subsidiar til bønder som blir råka av handelskrigen. Trump skal slite med å påføre Kina banesår, fordi det vil svi for mykje på heimebane. Det er ulempa ved å styre eit demokrati.

Her hjelper det heller ikkje at Trump har kome med urealistiske lovnader om at Kina, og ikkje amerikanske forbrukarar, må betale prisen for auka toll på kinesiske varer.

Trump har måla seg inn i eit hjørne. Kina må gje nok etter til at det står fram som ein reell siger for presidenten. Klarer Trump det vil han òg vere eit godt steg nærmare attval i 2020. Klarer han det ikkje, får han eit forklaringsproblem.

Å tru at USA klarer å stogge Kina er uansett for optimistisk (eller pessimistisk, viss du heiar på Kina). Det er klare grenser for kor langt Xi kan gå. Når støvet av handelskrigen har lagt seg tippar eg difor Kina vil skride vidare på vegen til å bli verdas nye supermakt. Det nye imperiet.