Av alle prioriteringar i årets statsbudsjett er ofringa av E16 den verste

Hovudvegen mellom landets to største byar er farleg å køyre. Korleis kan regjeringa utsetje dette prosjektet?

Publisert: Publisert:

Rett før valet i fjor heva stortingsrepresentant Eigil Knutsen (Ap) peikefingeren. Solberg-regjeringa hadde i årevis lova å erstatte den rasfarlege vegen og jarnbana mellom Arna og Voss, og svikta:

«Det er nesten ikke til å tro at Erna Solberg nylig gjentok stuntet på Arna stasjon, og lovte byggestart for K5/E16 mot Voss», skreiv Knutsen i BT.

Torsdag var det han, som no er leiar i finanskomiteen, som forsvarte Arbeidarpartiets første eigne statsbudsjett i Stortinget. Eit budsjett der pengane til prosjektet er fjerna.

Dermed vil det gå endå fleire år der farande mellom landets to største byar må speide nervøst opp mot dei rasfarlege fjellsidene.

Les hele saken med abonnement