Ei dekkhistorie

Å forby burka vil vere det same som å forby fotballskjerf - og tru at fotballdilla vil gi seg av den grunn.

CLASH OF CIVILISATIONS: Niqab eller bikini, det er spørsmålet for enkelte badegjester på stranden i den den eyptiske byen Alexandria, hvor dette bildet ble tatt i august i fjor. FOTO: Reuters
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 12 år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

ORSAK DEN uærbødige samanlikninga — både ortodokse muslimar og Brann-suppportarar som skulle kome til å lese vidare. Eit hovudplagg som også dekkjer heile andletet kan ikkje samanliknast, verken med eit lite skjerf eller med ein heil fotballdrakt, inkludert leggskinn. Fotball er heller ikkje - enno - ein religion.

Den siste veka har debatten om muslimske kvinner i Noreg skal få dekkje seg heilt til med niqab (som dekkjer andletet utanom augo) og burka (heildekkjande, med nett framfor augo) tatt av igjen. Måndag blei det kjent at det har brote ut hissige diskusjonar i Ap sitt integreringsutval etter at eitt av medlemmene (Lise Christoffersen) hevda at forbod er vegen å gå. «Damer i burka er uintegrerbare og utan identitet», hevdar ho.

Dermed kom integreringsdebatten endå ein gong til å handle om dette klesstykket yttarst få norske muslimske kvinner kler seg med.

DEBATTEN HAR tidlegare bølgja gjennom heile Europa. Det belgiske parlamentet, som stort sett ikkje er samde om nokon ting, gjekk einstemmig inn for å vedta forbod mot hovudplagget tidlegare i år. Frankrike følgde etter med ei lov som peikte på at det heildekkjande hovudplagget set kvinna i ein underlegen posisjon, under mannen.

Diskusjonen har sidan velta inn over fleire EU-land, trass i at heildekte kvinner framleis er eit sjeldan syn, også i den muslimske verda. Det er berre nokre få land, som Saudi-Arabia og Iran, der kvinner må dekkje seg heilt til. I andre land, som i Syria, er bruk av niqab tvert om forbode på universiteta. I Tyrkia blir det ikkje sett på med blide augo at kona til presidenten kler seg med hovudplagg. Heller ikkje i Egypt er det vanleg med heildekkjande plagg.

AT MOTSTANDEN mot tildekking aukar i Europa, går det an å skjøne. Ikkje berre framstår det totale fråveret av menneskeleg trekk skremmande ufritt. I eit samfunn som kommuniserer ved hjelp av smilefjes, er det særs ubehageleg ikkje å sjå andletsuttrykka til dei ein kommuniserer med. Men ikkje minst: Heildekte kvinner råkar oss midt i dei liberale grunnverdiane Europa likar å smykke seg med. At kvinner med niqab og burka blir usynlege, slik Lise Christoffersen i Aps integreringsutval vil ha det til, stemmer ikkje. Damene blir tvert om særs synlege.

Heildekte kvinner råkar oss midt i dei liberale grunnverdiane Europa likar å smykke seg med

EIN ANNAN GRUNN til at motstanden mot burka og niqab aukar i Europa, er at bruken i enkelte land ser ut til å gå opp. I Frankrike er det no fleire unge muslimske kvinner som vel heildekkjande klede i takt med at ortodoks islam med røter i Saudi-Arabia breier seg ut. Det gjeld også kvinner med opphav i land der det tidlegare ikkje har vore vanleg med hovudplagg.

Framveksten av ortodoks islam får store samfunnsmessige konsekvensar. Nyleg skreiv den danske legeforeningens Ugeskrift for læger at religiøse krav er eit aukande problem på franske sjukehus. Muslimske menn som krev at kvinnelege legar skal behandle kona, eller kvinnene som nektar å kle av seg, tek meir og meir energi frå helsepersonellet, fortel Isabelle Levy, forfattar av boka «Religion på hospitalet». Dette var heilt ukjent problem for 10-15 år sidan, ifølgje henne. Den gongen aksepterte pasienten at sjukehuset var ein verdsleg stad. Ho understrekar at også ortodokse jødar og katolikkar har gjort seg meir gjeldande med krava, men at det er muslimar som er mest krevjande.

I EIN SLIK samanheng er burka og niqab eit symbol - eit særs synleg symbol - på ei utvikling det sekulære Europa ikkje ønskjer. Forbodslinja er dermed lett å gripe til. Eit forbod er handfast og tilsynelatande klippefast. Korleis det skal gjennomførast i praksis er likevel enno vanskeleg å sjå for seg. Skal ein dømme ei kvinne i burka til fengsel? Eller sørgjer tvert om eit lovforbod for at ho blir sitjande innelåst i heimen?

Det er i dette skjeringspunktet debatten står, mellom individets rett til sjølv å velje, og eit ideal om likskap. Spørsmålet er likevel om liberale verdiar kan vernast gjennom tvang, som eit forbod i praksis vil vere.

«VI HAR LOVER NOK og dei hjelper ikkje», seier Isabelle Levy til situasjonen på dei franske hospitala. Jo oftare personalet gir seg for religiøse krav, jo fleire blir krava om spesialhandsaming, hevdar ho.

Alternativet til lovgiving og forbodslinje kring religiøse klesplagg, er å gjere klart kva slags val det er å gøyme seg frå verda: Du kan gjerne gå i burka, men vit at det har konsekvensar i eit liberalt samfunn. I samanhengar der det krevs at du tek den av, må du det, som under konsultasjon på sjukehuset - eller om du vil arbeide som lærar, psykolog eller ha andre yrke som krev at andletet ditt er synleg.

Å ikkje forby bruk av niqab og burka, tyder ikkje at ein skal la vere å stille krav. Å gå inn på ei blind forbodsline, vil vere eit stort tap for dei verdiane eit forbod skal verne, som verdien i å kle seg som ein ynskjer. Anten det er i grilldress, Brannskjerf eller burka.

Sei meininga di i kommentarfeltet under!

Publisert: