Klimapakken frå EU er som skapt for Noreg

Få land har mindre grunn til å protestere mot EUs klimapakke enn Noreg. Frp og Sps dieselmarkering er berre tøv.

  • Hans K. Mjelva
    Hans K. Mjelva
    Kommentator i BT

Noreg har lite å frykte og mykje å vinne på klimapakken som presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, la fram onsdag, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: YVES HERMAN / Reuters / NTB

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Dagen før EU la fram tidenes klimapakke, sette Senterpartiet og Frp foten ned. Lekkasjar viste at EU ville forby sal av nye bensin- og dieselbilar frå 2035, når dei kom med sin «Fit for 55»-pakke onsdag denne veka.

Ein dobbel godbit for Sylvi Listhaug (FrP) og Sandra Borch (Sp): både reguleringskåte EU-byråkratar og klimapolitisk «symbolpolitikk» i same sak.

I norsk samanheng er utspelet deira heilt meiningslaust. Nær seks av ti nye bilar seld til no i år er elektriske. Blant vanlege privatpersonar er talet endå høgare, nær åtte av ti.

Og vi er berre komne til 2021. Det kjem nye og betre elbilar nærmast kvar månad. Voluma og rekkevidda går opp, prisane ned. I løpet av 2020-talet vil elbilar vere billigare enn fossilbilar i alle variantar.

Kven vil då kjøpe dieselbil i 2035?

Sjølv om dette utspelet bommar, seier det likevel noko om kva utfordringar EUs klimapakke står framfor.

For sjølv om mykje av diskusjonen i forkant har handla om konsekvensar for industrien (meir om det nedanfor), vil òg tiltaka merkast for folk flest. Og det er her det er mest politisk sprengstoff.

I Noreg vil folk kunne merke politikken, til dømes gjennom auka straumprisar og dyrare flyreiser.

Det følgjer av hovudgrepet i forslaget frå EU-kommisjonen, som går ut på å auke prisen på klimautslepp og la det gjelde fleire sektorar.

Nær seks av ti nye bilar seld til no i år er elektriske. Blant vanlege privatpersonar er talet endå høgare, nær åtte av ti. Foto: Tore Meek / NTB

I EU er det venta størst folkeleg motstand mot forslaget om å innføre CO₂-avgift (klimakvotar) for vegtransport (drivstoff) og bygg (oppvarming).

EU-kommisjonen vil prøve å hindre at tiltaka havarerer etter folkelege protestaksjonar, ved å samstundes opprette eit sosialt klimafond. Det skal støtte omstillinga for folk med låg inntekt og små bedrifter.

Tiltaket er fornuftig. Både fordelane og ulempene med klimapolitikken må fordelast rettvist, om ein skal få gjort noko.

Likevel er skepsisen stor, både i austlege EU-land og dels i Frankrike. Sistnemnde er framleis skaka av «dei gule vestane» sin protest mot ei foreslått drivstoffavgift.

Men òg den varsla inndraginga av klimakvotar vil kunne merkast for hushaldningar, gjennom straumrekninga.

Kommisjonen ønskjer å redusere talet på klimakvotar langt raskare enn til no, noko som vil gjer mellom anna kol- og gasskraft dyrare.

Effekten av dette på straumrekninga vil likevel bli mindre etter kvart som fossilt brensel forsvinn ut av energimiksen og fornybar kraft blir billigare.

Auka CO₂-prisar vil òg få følgjer for industrien. Til no har dei fått tildelt gratiskvotar, som dei anten kan bruke til å betale utsleppa med eller selje viss dei får ned eigne utslepp.

I tillegg kan kvart land støtte industrien gjennom ei såkalla CO₂-kompensasjonsordning, der Noreg i motsetning til mange andre land, betaler så mykje som ordninga tillèt.

Industrien, òg i Noreg, frykta på førehand at EU ville fjerne både gratiskvotane og kompensasjonsordninga og erstatte det med ein karbontoll.

Dei dreiv difor ei intens lobbyverksemd, som lykkast. Kommisjonen vil rett nok fjerne gratiskvotar og erstatte med karbontoll, men dei vil bruke lang tid på det. Det heile skal skje gradvis over ti år, frå 2026 til 2036.

I Noreg er næringslivets talerøyr NHO letta. Lang tid gjev tid til å tilpasse seg. Men kanskje viktigare: Dei tolkar EU slik at kompensasjonsordninga, som gjev norsk industri 2,52 milliardar i støtte året, skal bestå.

Men kva skal det i så fall kompensere for? Ikkje eksport til EU, for der vil jo karbontollen gje norsk og kinesisk aluminium like vilkår.

Eksport til Kina, USA og andre land med lågare klimautgifter, derimot, kan ein jo seie dette kan kompensere for. Men eg tvilar sterkt på at Kina og USA vil akseptere det. I så fall kan ordninga ryke på sikt.

Karbontollen er det mest radikale, nye grepet i pakken. Tollen skal hindre at industrien blir utkonkurrert av varer frå land med slappare klimapolitikk.

I første omgang skal tollen gjelde sement, jarn, stål, aluminium og nokre typar kunstgjødsel.

Tanken er god. EU kan på denne måten både få ned eigne utslepp, og legge press på andre land for å innføre liknande tiltak. Men utfordringane står i kø.

Frps utspel om elbilar bommar. Her med 2. nestleiar Terje Søviknes og leiar Sylvi Listhaug. Foto: Lise Åserud / NTB

Nær alle større land som eksporterer til EU er kritiske til tollen, inkludert USA, Kina, Australia og Russland. Fleire trugar med å straffe europeisk eksportindustri.

70 prosent av norsk eksport går til EU, men det betyr òg at 30 prosent går til andre kontinent.

Eit anna problem med tollen er å finne ut korleis utsleppa skal målast. Europeisk industri fryktar til dømes at Kina kan sluse si fornybar kraft til eigne fabrikkar som produserer for Europa, og såleis unngå toll.

Her vil det bli dragkampar dei to åra ein ventar det vil gå før EU endeleg vedtek pakken. Ein skal ikkje sjå vekk frå at heile tollen blir skrota.

Men fram til det lyt ein vone at vil trugsmålet om ein toll kan verke til å presse USA, Kina og andre til å innføre meir radikale klimatiltak, og ikkje berre kome med tomme lyfter.

Kina startar i desse dagar opp sitt kvotesystem, men få reknar med at det vil bite skikkeleg før om fleire år. I mellomtida bygger landet stadige nye kolkraftverk.

I USA er CO2-avgifter rekna som nær politisk umogeleg, spesielt viss det slår ut i bensinprisen. Men utan kan det bli svært vanskeleg for president Joe Biden å nå målet om å halvere klimautsleppa i USA innan 2030.

Slik klimapakken står fram har få land mindre å tape og meir å vinne på han enn Noreg. I alle fall slik han ser ut før han går gjennom EU-kverna.

Ein meir radikal klimapolitikk vil skape etterspurnad etter både teknologi og nullutsleppsenergi. Her ligg det enorme mogelegheiter for norske bedrifter.

Og skulle enkelte grupper kome dårleg ut av klimatiltaka, har vi ein rik stat som kan kompensere for det.

Men på eitt felt har Noreg mykje å tape, viss EU lykkast i sin klimapolitikk og får resten av verda med på den:

Det vil redusere etterspurnaden etter olje og gass.

Men det er jo tilsynelatande akkurat dette det norske folket og fleirtalet på Stortinget vil: leite etter meir olje, og så redde klimaet ved å få ned bruken av han.

Publisert
  1. Klima
  2. Klimapolitikk
  3. EU
  4. Eksport
  5. Industri
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. EU lanserer ny klimapakke. Dette betyr den for norsk næringsliv.

  2. EUs klimapakke: Vil forby salg av bensin- og diesel­biler fra 2035

  3. Nybø om EUs klimapakke: – Må tjene penger samtidig som vi kutter utslipp

  4. – EU vil fase ut fossilbilen innen 14 år. Norge bør holde på sitt mer ambisiøse mål.

BT anbefaler

Halvparten av de smittede i Bergen er i gang med vaksineringen

Få fullvaksinerte blir smittet. Delvis vaksinerte er fortsatt utsatt for smitte, viser tall fra Bergen kommune.

LES SAKEN