Elektriske gamlingar

FRAMOVERLENT: Der det finst bysyklar, må det finnast gamlingsyklar, skriv Asbjørn Kristoffersen. Eirik Brekke (arkiv)

  • Asbjørn Kristoffersen

Rullebrett. Rulleskøyter. Ståhjulingar. Sparkesyklar. Dame- og herre- og transsyklar. Elektrisk alt saman. Elektrisk rullerullator? Finst ikkje. Vi som har aller mest bruk for opplading, er tynte av marknadskreftene og Innovasjon Noreg. Tynte og diskriminerte.

Visst finst det tinderanglarar i nittiåra, seniorbuggi på Hurrungane. Dei er ikkje i fleirtal. Gamlingar flest har det med å knirka og skrangla i takt med nedteljinga i Nav. Somme må støtta seg på stokk, stav, krykkjer, rullator. Analogt alt saman. Manuelt. Musealt kroppsarbeid i det grøne skiftet.

Bil er ikkje bra. Heller ikkje om dei er elektriske. Alle bilar produserer asfaltstøv, og tek for stor plass. Vindmøllejungelen på Vestlandet blir ugjennomtrengjeleg dersom alle landets bilar skal bli elektriske.

Bilar må koma på blå resept. I fri handel må alt som går på hjul ha manuell framdrift i reserve, om det blir streik for klimaet.

Rullerullator er framoverlent. Med hyppig lading kan gamlingar jobba lenger og meir. Robuste gamlingar er påkravd for å berga trygdebudsjetta. Når olja tryt, er det rullerullatorar vi skal leva av.

Ettersom det no er fleire gründarar og kommunikasjonsdirektørar enn det er brunsniglar her til lands, burde det vera ei smal sak å elektrifisera gamlingane. Ein vanleg rullator treng berre ein smule utviding og brusteinshjul i Bergen, pluss tilleggsfunksjonar for å mobilisera parkert arbeidskraft. Tjue kilometers toppfart bør vera meir enn nok eldreomsorg.

Utan moms og andre avgifter, fritt fram i kollektivfilene, gratis lading, gratis parkering (innomhus), innvilga eksklusive klimakvotar til biff og kanari. Gamling-Tesla.

Med det same Innovasjon Noreg er i gang, kunne eg tenkt meg ein elektrisk trehjulssykkel, som supplement til rullerullatoren og som konebil. Med fleksibel kalesje og vindskjerm og oppvarma sete. Der det finst bysyklar, må det finnast gamlingsyklar.

Nav betalar.