Hellelands halloi

Norske bygder fortener betre enn å bli herja med av distriktsminister Linda Hofstad Helleland.

Publisert Publisert

SVELETID: Nyleg var samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) på tur for å møte ferjeopprørarane i Møre og Romsdal. Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) var også med, sjølv om ho ikkje har ansvar for saksfeltet. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Eg innrømmer det glatt: Då Linda Hofstad Helleland (H) blei landets fyrste distriktsminister, var eg ikkje av dei som klappa i hendene.

Var meininga å redde å Bygde-Noreg frå sentralisering, eller var det viktigast å redde Bygde-Høgre frå Senterpartiet?

Det er framleis tidleg, men signala er tydelege: For norske bygder verkar Hellelands framtidsvisjon å vere lite jippi og mykje jippo.

Sist helg debatterte fleire fylkeslag i Høgre om partiet bør seie eit endeleg nei til oljeaktivitet ved Lofoten, Vesterålen og Senja, slik Oslo Høgre har gått inn for.

Helleland var svært glad for at fylkeslaga sa nei: «Et ja til vern av LoVeSe vil føre til at titusenvis av distriktsarbeidsplasser forsvinner ut av landet», skreiv ho til NTB.

Les også

BT meiner: Partia må stoppe triksing med etterløn

Det stemmer ikkje, men i denne saka er kanskje ikkje fakta det viktigaste. Det ser rett og slett ut til at bygdefolket skal bli krossfesta på Hellelands oljeberg.

Nokon bør kviskre Helleland i øyret at regjeringa har sagt eit tydeleg nei til å opne for petroleumsaktivitet i desse områda.

Tysdag greip Helleland til Facebook. Det gjorde ho forresten òg i 2016, då ho gav verda den uforgløymelege «Kvikklunsj og brunost»-posten framfor juletreet.

«Nei til venstresidens oljepolitikk!» skreiv ho denne gongen. Helleland er ikkje den einaste som plasserer Solberg-regjeringa på venstresida, men dette var brutalt.

Foto: Skjermdump frå Facebook-sida til Linda Hofstad Helleland

Ikkje berre gjekk statsråden til åtak mot regjeringas Lofoten-politikk. Ho langa òg ut mot dei som vil flytte iskanten.

Det er kodeord for å lukke område i Barentshavet for oljeleiting. Andre statsrådar har vore forsiktige med å seie noko fordi regjeringa skal avgjere saka i vår.

Kva gjer Helleland om Venstre og KrF vinn? Kan ho i sitje i regjeringa då?

Les også

Solberg vil se på kostnad ved elferger

Og kva om Helleland taper i sitt eige parti? Ho er nemleg leiar i programkomiteen i Høgre. Nestleiaren er Henrik Asheim. I oktober sa han dette til Klassekampen:

«Ved Iskanten begynner det å bli vanskelig naturvernmessig, og det er komplisert å hente ut olja og gassen. Sånn sett tror jeg det kan være en debatt som det kan kle seg at Høyre tar.»

Investeringane på sokkelen vil gå ned, same kor mykje utestemme Helleland bruker på Facebook. Dette styrer ho ikkje. Og Helleland styrer ikkje så mykje anna i distrikta heller, viser det seg.

Ho har berre ansvar for tre prosent av regjeringas distriktsmilliardar, skreiv Aftenposten nyleg. Det ho derimot har ansvar for, er digitaliseringspolitikken.

Statsråden kunne ha valt å bruke sin første månad på jobb til å snakke om korleis digitalisering er sjølve nøkkelen til lik deltaking i arbeidsmarknad, utdanning og informasjon for bygd og by.

Men nei. I staden reiser Helleland rundt og fortel folk kor vakkert det er der dei bur. Det trur eg ikkje dei treng å høyre. Det veit dei.

Folk på bygda treng ein handfast politikk som skaper arbeid og velferd, ikkje merkelege soloutspel om politikk som aldri vil bli noko av.

Facebook-posten kom saman med ein selfie der ho stod i petroleumsvenlege omgjevnader iført ein hjelm med påskrifta «visitor».

For bygdene er det kanskje best å håpe at Hellelands vitjing i statsrådsstolen snart er over.

Publisert