– Ein politikar kan ikkje føle at folk er utakksame

Terje Breivik (V) meiner Venstre har fått til utruleg mykje. Hadde berre folk visst om det.

DISTRIKT: – Du skal leite lenge for finne eit stortingsfleirtal som meir systematisk har vedtatt politikk som er bra for norske distrikt, som det fleirtalet som har regjert i denne perioden, seier Terje Breivik (V). Rune Sævig

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Kva har du fått utretta for Hordaland dei siste fire åra?

Det er så mykje. Du kan byrje med Ringeriksbanen, 150 millionar i påfyll til såkornfondet Sarsia Seed i Bergen, eg veit ikkje kor mange nye studieplassar til Universitetet i Bergen ... (Breivik held fram med ei lang oppramsing) ... og Fornybar AS, eit nytt statleg investeringsfond på 20 milliardar.

Det siste der, Fornybar, korleis hjelper det folk i Hordaland?

Det går rett inn og svarar på det største behovet eksisterande industri har, midlar til å oppskalere ny teknologi til eit industrialisert produkt.

Men arbeidsplassane i sjølve fondet forsvann til Stavanger?

Ja, men industrien ligg jo langs vestlandskysten. Så sjølv om eg ville ha fondet til Bergen, er selskapet det viktigaste.

Fornybar AS var din idé. Er det eit uttrykk for kva du er interessert i som politikar?

Ja, næringsliv i skjeringspunktet med klima, altså grøn vekst. Eg har klokkartru på at Norge kan utgjere ein forskjell. Ikkje berre kan vi lykkast i å gjere noko med klimaproblemet, men gjort på rette måten legg vi grunnlaget for ny norsk industri og trygge norske arbeidsplassar.

Nyleg kom det ei undersøking som viste at folk flest ikkje bryr seg særleg mykje om næringslivet. Er det problem med å vere næringspolitikar at folk ikkje ser verdien av det du gjer?

Eg vil ikkje seie det er eit problem. Men valforsking viser at du tek politiske standpunkt, som val av parti, primært tufta på oppfatningar og ikkje nødvendigvis på resultat. Samstundes er det resultat som flyttar samfunnet framover, ikkje oppfatningar og retorikk.

Vegar er derimot saker som fengjer breitt. Der kom de vel litt skeivt ut, ikkje minst når det gjaldt ny E16 og jarnbane mellom Bergen og Voss. Forstår du at folk vart skuffa over at oppstarten ikkje vart så tidleg som de først ymta om?

Ja, særleg når det gjeld vegen mellom Arna og Voss, som er så prekær.

Kvifor klarte ikkje de å få det til?

Hadde kalkylane som vegetatane sjølve la til grunn vore reelle, hadde vi fått til oppstart 2021, som er det tidlegaste som er mogeleg når ein tek omsyn til planleggingstida.

De har i fire år vore eit støtteparti for Framstegspartiet, som mange Venstre-folk ikkje likar. No ligg de og kavar godt under sperregrensa. Synes du det har vore verdt det?

Ja, når du ser på resultata, så. Eg har berre lista opp ein brøkdel av det vi har fått til for Hordaland. Og når du tenkjer på klimakrisa, har vi i samarbeid med Frp fått til eit heilt anna trykk, mellom anna ved eit grønt skatteskifte til ti milliardar.

Føler du noko medansvar for at partiet er der det er på meiningsmålingane?

Heilt klart. Eg har sete nesten i den mest sentrale posisjonen, både som nestleiar og som sjefforhandlar for budsjetta.

Kva har de gjort feil då?

Det må nesten andre vurdere. Resultatmessig er eg veldig stolt av det vi fått til.

Føler du det er urettferdig?

Ein politikar kan ikkje føle at folk er utakksame. Det privilegiet har ikkje ein politikar.

Les også

Ingen nye midler til Arna-Stanghelle

Kva saker gjorde at du vart interessert i politikk?

Det er vanskeleg å seie, men eg er skrudd saman slik at viss noko ikkje fungerer, så har eg lyst til å gjere noko med det. Det gjeld alt frå sluken på badet til større samfunnsproblem.

Så du er ein politikar som fiksar ting?

Ja, det vil eg påstå. Så vonar eg at andre òg tykkjer det. Men det er på godt og vondt, då.

Korleis det?

Fordi du brukar mykje tid på å fikse ting, og mindre tid på å fortelje folk at du har fiksa dei.

På landsmøtet i vår sa du at du skulle skaffe deg hybel i Bergen...

Eg flyttar til Bergen 1. august.

Kva skjer då?

Då er det valkamp døgnet rundt.

Kor viktig er byar som Bergen for Venstre i valet?

Bergen er utruleg viktig, både fordi det historisk er ein viktig Venstre-by, og fordi det er Norges nest største by. Så stemmemessig er det klart at Bergen er viktig.

Under valet i 2013 var Venstre partiet som hadde størst del byveljarar. Kunne ikkje Venstre ha vunne på å bli eit meir reindyrka parti for urbane liberalistar?

Det er ikkje noka motsetning mellom by og land.

Senterpartiet fossar fram, og så er det inga motsetning mellom by og land!?

Senterpartiet er eit godt døme på at dei fossar fram på oppfatningar, og ikkje realitetar. Du skal leite lenge for finne eit stortingsfleirtal som meir systematisk har vedteke politikk som er bra for norske distrikt, som det fleirtalet som har regjert i denne perioden. Det som er bra for Bergen er bra for resten av fylket.

Les også

Støttepartiene flytter på drøyt 400 millioner kroner i revidert budsjett

Er Venstres vingling medieskapt? Er leiinga i partiet disiplinert, strigla, står på ein strategi og held han gjennom heile perioden?

Eg meiner det, men samstundes ligg det litt i saka at vi er eit sosialliberalt parti, som ikkje ser ting i svart-kvitt. Eg meiner det er like mykje ein styrke som ein veikskap, for dei fleste saker er jo nyanserte og må vurderast.

Men i diskusjonen om regjeringsspørsmålet har de blitt oppfatta som vinglete?

Vi meiner det same i dette valet som sist: Vi vil ha ei blågrøn regjering (Venstre, KrF og Høgre).

Uansett kor mange gonger folk seier det ikkje er særleg realistisk, fordi Frp nektar å støtte ei slik regjering?

Då er det jobben min å overtyde folk om at det i høgste grad er svært realistisk.

Det høyrest ut som ein tøff jobb.

Ja, ja.

Er det noko du ville gjort annleis desse fire åra, noko du angrar på?

(Lang pause) Altså, sett i ettertid kan det godt hende at vi skulle kommunisert annleis i samband med budsjettforhandlingar.

Korleis då?

Nei, det verka slik på meg i siste budsjettforhandlingane. Inngangen var veldig vanskeleg og heilt spesiell, der regjeringa for første gong i norsk historie gjekk til Stortinget med eit ultimatum.

Bilpakken?

Ja. Som var urokkeleg. Sett i ettertid burde vi kanskje ha halde ein del av argumentasjonen på kammerset og ikkje i det offentlege rom.

Det var ein som fortalde meg at du har vunne langrenns-VM for senior?

Ja, veteran.

Det må krevje ganske mykje trening?

Ja, det gjer det.

Du må vere god til å plage deg sjølv, då?

Ja. Men du føler du ikkje får ro i sjela før du får trent.

Det å plage seg sjølv høyrest ut som veldig bra bakgrunn for ein Venstre-mann?

Ha, ha! Det er i alle fall ikkje noka ulempe.

BTs kommentatorar intervjuar i sommar førstekandidatane frå Hordaland og Sogn og Fjordane til årets stortingsval. Her er dei som er publisert til no (rekkefølgja er vald ved loddtrekning):

Les også

3. juli: Kjersti Toppe (Sp): – Det koster å uttale seg negativt om alkohol ved inngangen til fellesferien

Les også

6. juli: Audun Lysbakken (SV): – Jeg blir glad hver gang jeg ser Bybanen

Les også

10. juli: Magne Rommetveit (Ap): – Det er ikkje Arbeidarpartiets oppgåve å svartmåle

Les også

13. juli: Erna Solberg (H): – Det passer veldig godt for statsministere å være bergensere, for vi blir naturlig robuste i denne byen

Les også

17. juli: Arild Hermstad (MDG): – Dette med å redde verden har jo vært en greie for meg lenge

Les også

20. juli: Ingrid Heggø (Ap): – Du må vere frisk for å vere sjuk, har eg lært

.