Er det nokon som jobbar for Bybanen i Arbeidarpartiet?
I så fall skjuler dei seg godt.
- Morten MyksvollKommentator i BT
Onsdag: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) orienterer bystyret om sin avgang. I sin avskjedstale trekk Valhammer fram at dei på hans vakt sikra framtida for Bybanen til Åsane.
Trasévalet er tatt og reguleringsplanen er i rute.
Torsdag: Eit døgn seinare er Mette Gundersen (Ap) på møte i Miljøløftet i Bergen. Ho er statssekretær i samferdsledepartementet og Valhammers partikollega.
Med seg i bagasjen hadde ho eit miljøløftebrot som kan rokke ved Valhammers ettermæle som bybanebyggar.
Regjeringa vil ikkje starte forhandlingar om ei ny bypakke før i 2024. Det er her finansieringa ligg til Bybanen, som fylket ønskjer å starte bygginga av i 2024. Her kan det altså bli utsetjingar.
Les hele saken med abonnement