Kor djup er krisa i Venstre?

Så djup at sjølv eit valresultat under sperregrensa ikkje vil skape krise i partiet.

Trine Skei Grande blei laurdag klappa av som Venstre-leiar. I bakgrunnen står etterfølgjaren Guri Melby og klappar.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Venstre oppfattes som utydelige, mangler sakseierskap, og klarer ikke å mobilisere på bakgrunn av konfliktlinjene i norsk politikk.»

Nei, det er ikkje Sylvi Listhaug eller Bjørnar Moxnes som langar ut mot Venstre. Teksten er partiets eigen, og står i årsmeldinga som Venstre denne helga handsamar på landsmøtet på Gardermoen.

Dette er ei årsmelding som verkeleg viser kor tungt Venstre slit.

Setninga over handlar om landsstyrets arbeid for å «skape et tydeligere etterlatt
inntrykk av Venstre». Eller sagt på vanleg norsk: At når du tenkjer på Venstre, kjem du på ei eller anna sak du veit dei kjempar for.

I dag trur eg dei fleste fyrst kjem på indre strid og konflikt når dei tenkjer på Venstre. Eller meir sannsynleg: At dei stort sett aldri tenkjer på Venstre.

Denne helga tek Guri Melby over stafettpinnen frå Trine Skei Grande som Venstre-leiar. Den oppgåva er meir enn berre vrien.

Ifølgje årsmeldinga er det snart ikkje ordførarar med i partiets ordførarnettverk meir. Kvifor? Jo, fordi partiet no er nede i to ordførarar. I lokalvalet kom Venstre inn i fire nye kommunestyre, men ramla ut av 47.

Meir enn halvparten av landets kommunar er no utan Venstre-folk i kommunestyret, sjølv om talet på småkommunar er kraftig kutta gjennom kommunereforma.

Les også

Grande med lekkasje om jernbanen

Kunnskapsminister Guri Melby tek over styringa av Venstre-skuta.

I fjor hadde partiet inntekter på 18,7 millionar kroner. Av desse kom nesten nitti prosent frå statsstøtta. Eller som det står i framlegget til nytt prinsipprogram som partiet skal vedta i helga:

«Frivillige organisasjoner må sikres muligheter til egne inntekter. Offentlige støtteordninger må støtte opp under organisasjonenes frihet og uavhengighet og ikke bidra til å byråkratisere dem.»

Heldigvis har Venstre framleis høve til å vedta storleiken på si eiga statsstøtte i statsbudsjettet. Slik eg tidlegare har skrive om, nyttar Venstre ofte den sjansen til å justere opp partistøtta.

Les også

Jens Kihl: Partia ville hatt godt av dårlegare råd

Det er nok mange organisasjonar som skulle ønskje dei kunne trykkje sine eigne pengar på den måten.

For det er i alle fall ikkje medlemene som skal finansiere Venstre i framtida, for dei blir det berre færre og færre av. Fleire tusen medlemer er borte på få år.

Partiet er no nede i 6390 medlemer. For å samanlikne: Snart er vesle Raudt dobbelt så store målt i medlemstal.

Trine Skei Grande takka for seg på eit veldig spesielt landsmøte. Denne gongen er det faktisk større avstand mellom delegatane fysisk enn politisk.

Ja, og så er det meiningsmålingane. Vi må nesten to og eit halvt år tilbake i tid for å finne ein månad der Venstre var over sperregrensa på snittet av målingane, ifølgje Poll of polls.

Om det ikkje skjer noko drastisk med oppslutninga, heiter Venstres stortingsgruppe «Guri Melby og Abid Raja» etter valet neste haust.

Guri Melby har éin fordel når ho no tek over som partileiar. Om Venstre neste haust ryk under sperregrensa og får éin eller to stortingsrepresentantar, vil det ikkje bli noko folkekrav i partiet om at Melby må gå av.

Folk veit at problema i partiet stikk langt djupare enn det Melby saman med nestleiarane Abid Raja og Sveinung Rotevatn skal fikse det på under eit år.

For kva meiner eigentleg Venstre? På heimesida kan du lese om partiets fire hjartesaker. I tillegg til «skule», «natur og miljø» og «arbeid og velferd», finn du «på lag med framtida».

Les også

Podkast: Kutt i vei og jernbane, busstreik, feministikon og Hardanger-lyrikk

Den kampsaka blir presentert slik:

«Vi tror vi kan skape gode løsninger for framtida i fellesskap. Venstre mener fremtidige generasjoner kan få det bedre enn det vi har det i dag hvis vi tar de rette valgene. Derfor er Venstre på lag med framtida.»

Er du einig? Ueinig? Forstår du kva dei meiner her? Bryr du deg? For at eit parti skal få merksemd om ei sak, må dei skaffe seg ein motstandar. Det er vanskeleg å lage skarp konflikt om svada.

Venstre må få ein skarpare profil på saker folk bryr seg om.

Trine Skei Grande heldt laurdag sin siste tale som partileiar til landsmøtet. Med dét takkar ein av Noregs tøffaste og mest interessante politiske leiarar for seg.

Som Grande ofte seier: Ikkje røyst på dei politikarane som har blank rustning, for dei har aldri vore i kamp.

Les også

Fryktar smittefare under Venstre-landsmøtet: – Vanskeleg å forstå at ein skal ha eit fysisk møte no

Trine Skei Grande har teke sin dose kampar og har vist seg som eit heilt menneske, på godt og vondt. I sum er det bra for Noreg.

Vi er i ferd med å få ein generasjon av perfekte, men litt keisame politikarar. Det er kanskje eit teikn i tida. Men det er også eit tap.

Grande tok i landsmøtetalen opp problemet med ein partikultur der folk ikkje alltid vil kvarandre vel.

For meg som har som jobb å snakke med kjelder i ulike parti, kan det stundom vere nesten sjokkerande å høyre kva Venstre-folk lirer av seg om kvarandre.

Les også

– Han er ute og tar selfies og viser engasjement, men til nå har jeg ikke sett de store løftene

Oppgåva med å gjere Venstre-folk litt meir rause – ja, litt meir liberale – med kvarandre, blir viktig for den nye leiinga.

I talen mimra også Grande tilbake til store og små slag gjennom sine ti år som partileiar. Ho tok over etter valnederlaget i 2009. Som ho sa i talen:

«For å vere heilt ærleg: Det var ei jævla kjip valnatt.»

Det kan gode hende at Guri Melby om eit år må seie det same om starten på si partileiartid.

Men Venstre har det liksom med å kome tilbake.

Publisert: