Denne nedstenginga var for streng

No treng Noreg ein grundig debatt om korleis regjeringa bruker fullmaktene sine.

  • Jens Kihl
    Jens Kihl
    Kommentator

Statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen 3. januar. Foto: Fredrik Hagen / NTB Foto (arkiv)

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

3. januar blei Noreg delvis stengt ned på nytt. Strenge, nasjonale reglar om studiestart, fritidstilbod, uteliv og kulturliv blei innført. Tiltaka gjekk heile vegen inn i heimen til folk: «Unngå å ha gjester i hjemmet», seier regjeringa.

No er det gått to veker sidan nyttårsaftan. Dersom jule- og nyttårsfeiringa hadde ført til ei ny, nasjonal smittebølgje, skulle landet sett konturane av henne no.

I Bergen ligg talet på smittetilfelle rundt 20 per dag. Halvparten kjem av importsmitte. 20 er meir enn null og talet kan raskt endre seg, men noko nyttårsfyrverkeri er det ikkje.

Smitte er det også i kommunane rundt Bergen, viser BTs oversyn. Utover på bygdene i resten av Hordaland og Sogn og Fjordane er det derimot langt mellom koronatilfella.

Dette er ikkje argument for at vi skal slutte å ha smitteverntiltak. Men det er argument for at vi skal ha smitteverntiltak som er tilpassa den lokale situasjonen.

Les også

Podkast: Det er duka for tidenes duell. Iran-Per mot Kjetting-Jan.

Nedstenginga var rett mange plassar, men andre plassar var det ikkje grunnlag for denne nedstenginga, og i alle fall ikkje slik regjeringa grunngav henne.

Dermed er ho totalt sett for streng. Det må alle lære av.

Elevane på ein grendeskule kan ha gym saman. Dei same elevane kan ikkje ha handballtrening i den same gymsalen etter skuletid. Pøbbar, barar og restaurantar får ikkje servere alkohol til maten – same om det er korona i kommunen eller ei.

Då tiltaka blei innført 3. januar, var dei grunngjeve med frykt for ei eventuell ny bølgje. I smittevernlova står dette kravet:

«Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering.»

Det kom aldri ei spesifikk grunngjeving for kvifor tiltaka skulle vere nasjonale og så inngripande. Innbyggjarane fekk aldri vite kva som endra seg mellom romjul og nyttårshelga, og som gjorde at faginstansane plutseleg tilrådde så sterke inngrep i folks kvardag.

Motargumentet mot alt dette vil vere at regjeringa fekk klare råd frå eigne fagetatar: Steng ned og få kontroll.

Regjeringa har ved ei rekkje høve sett bort frå dei smittefaglege råda, og innført både strengare og mildare reglar. Det er ikkje så rart. Regjeringa har ansvar for mange andre sider ved samfunnslivet enn berre å halde smittetalet lågt.

Dei følgde mellom anna ikkje rådet om å stengje ned kjøpesenter, slik Folkehelseinstituttet rådde dei til. Kva var den konkrete grunngjevinga for å prioritere kjøpesenter over fritidsaktivitetar for barn og unge?

Det er framleis lite informasjon om faktagrunnlaget for dei råda som kom 3. januar, eller om kvifor dei ikkje kom tidlegare slik at alt frå universitet til ungdomsskular kunne førebu seg.

Frå denne runden med nedstenging kan vi lære fleire ting:

  • Vi må halde politikarane ansvarlege: Det er ikkje nok at dei svarer «smittevernfaglege råd». Vi må krevje tydelegare grunngjevingar frå politikarane for kvifor dei stengjer ned samfunnet.
  • Vi må ha svar på kommunenivå, ikkje berre nasjonalt: Smittetala i Oslo og Stavanger kan ikkje vere ein automatisk grunn til å stengje ned Kvam og Gloppen.
  • Vi må ha grunngjeving tiltak for tiltak. Den Nationale Scene kan ha inntil 200 i salen på grunn av fastmonterte sete, medan Det Vestnorske Teateret berre får ha ti publikummarar. Vi må ha den konkrete grunngjevinga for slike reglar.
  • Og vi som ikkje sit i regjering, må ikkje bli så servile at vi godtek alle reglar, same kva grunngjevinga er.

Slik kan vi halde oppe tilliten og pågangsmotet som trengst for å stå i nye nedstengingar. Mykje tyder på at vi kan trenge det.

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Smittevern
  3. Folkehelseinstituttet
  4. Bergen

Les mer om dette temaet

  1. Nå åpnes det for mer besøk på sykehjem i Bergen

  2. Hun skal lede Bergens nye korona-etat

  3. Bergenserne bryter fyringsforbudet, men kommunen kan ikke gjøre noe

  4. Berit (74) oppsøkte legevakta, men blei ikkje innlagt. Dagen etter døydde ho.

BT anbefaler

Berit (74) oppsøkte legevakta, men blei ikkje innlagt. Dagen etter døydde ho.

Legevakten svikta då Berit Kvalheim døydde. Det slår fylkeslegen fast.

LES SAKEN