Kaksane på fylket

Det er bra at nye Vestland bruker pengar på politikarane sine. Men kor blei det av den vestlandske nøysemda?

GULLKJEDA: Den som får bere fylkesordførarkjeda i nye Vestland, får også med seg ei løn på 1,2 millionar kroner. Her er Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap), fylkesordførarar i dagens Sogn og Fjordane og Hordaland. Marita Aarekol (arkiv)

Jens Kihl
Kommentator

Neste år dukkar det opp ein ny gjeng fylkespolitikarar her vest. Fleire av dei får millionløn, slik NRK melde onsdag. No bør sindige vestlendingar setje ned foten og krevje at pengane blir brukt betre.

1. januar 2020 er Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar historie. I staden får vi eit nytt storfylke i vest. Det får fleire oppgåver, mange nye rutinar som kan lagast – og krevjande reisevegar over eit fjell og gjennom ein tunnel.

Les også

Jens Kihl: Ja til pampeveldet

Regjeringa meiner at likevel at det blir lettare å administrere det nye monsterfylket enn det var å styre dei to hine. Regjeringa vil at «færre fylkeskommunar skal samla sett føre til færre tilsette i administrative stillingar [og] færre heiltidspolitikarar på regionalt nivå», kan ein lese i granavollplattforma.

Heldigvis har politikarane her vest gått ein annan veg. Det er lett å gjere narr av at det skal koste meir å drifte politikarane i eitt fylke enn det var å drifte to. Men både reisevegar, oppgåver og ikkje minst omsynet til eit forsterka regionsdemokrati tilseier at dette er vel brukte pengar.

Men så er det eitt problem her. Pengane er feil fordelt. Opphavleg var innstillinga at fylkesordføraren skulle ha 1,3 millionar i årsløn. Anne Gine Hestetun, leiar for fellesnemnda i det nye fylket, sa til NRK at det var viktig å ha ei «anstendig løn».

Dersom Ap-politikaren meiner at ei anstendig løn i våre dagar ligg på same nivå som statsrådane har, er det mange fylkeskommunalt tilsette som får uanstendig dårleg betalt.

Les også

Fylkeskommunen hyret inn Jan Åge Fjørtoft til å være konferansier. Det kostet 75.000 kroner.

Det er heller ikkje så mange andre som kan vere med på å vedta si eiga løn. Hestetun er mellom dei som fort kan bli fylkesordførar. Ho burde ha vist at ein sosialdemokrat er villig til å ta på seg tunge oppgåver for samfunnet sjølv om ein ikkje får godt over millionen for å gjere det.

Etter forhandlingar torsdag blei kompromisset at løna skal jekkast ned til 1,2 millionar kroner. Det er framleis for høgt, sjølv om det er eit lite hakk meir edrueleg. Dersom ein kombinerer ulike verv, vil det vere eit heilt sjikt av politikarar som får ei løn opp mot dette.

I staden burde ein ha teke utgangspunkt i kva stortingsrepresentantane tener, og fått ei løn som låg noko under millionen.

Les også

Jens Kihl: Aust er aust og vest er vest

I nye Vestfold og Telemark fylkeskommune har dei gjort nettopp dette, og den neste fylkesordføraren får mindre løn enn kva nivået er i dag. Med denne ordninga ville Vestland hatt råd til fleire heiltidspolitikarar, både frå posisjonen og opposisjonen. Det hadde vore bra for det demokratiske ordskiftet.

Lågare løn til fylkestoppane kunne gjeve meir demokrati for pengane.

Hestetun meiner at fylkespolitikarane her har vist «godt måtehald». Om millionløn til politikarane er måtehald, kva er då sløsing?