Jo, Vedum. Abortlova bør vere gjenstand for hestehandel.

Partia må kunne kjempe for sine hjartesaker når dei går inn i regjering.

  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Kommentator i BT

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil hindre ei utviding av sjølvbestemt abort i Noreg. Foto: Terje Pedersen / NTB

Publisert Publisert
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Senterpartiet prøver no å få til ei ikkje-reform i abortlova. Dei vil ha Arbeidarpartiet og Høgre med på å fryse abortlova slik den er i dag.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum forklarer kvifor til Dagen: «Så viktige spørsmål hører ikke hjemme i politiske maktkamper, da skjer bare det motsatte av det man ønsker, og det er det vi ser nå.»

Difor vil han ikkje ha abortsaka på bordet i framtidige regjeringsforhandlingar.

Utspelet kjem etter at mange førsteutkast til partiprogram viser at abortgrensa kan bli utvida dei neste fire åra. I dag går grensa for sjølvbestemt abort ved tolv veker – etter det må kvinna legge fram saka si for ei nemnd.

Les også

Jens Kihl: «Statsminister Vedum? Det er berre å venne seg til tanken.»

Eit mindretal i Aps programkomité vil fjerne abortnemndene og utvide grensa til 18 veker. I SV vil dei ha ei grense på 16 veker. I MDG vil programkomitéen utvide grensa til 18 veker – og i Raudt vil programkomitéen ha sjølvbestemt abort fram til veke 22. Venstre vil òg utvide grensa.

Det Vedum prøver på no, er å feie eit ganske vanskeleg tema av bana, under eitt år før han kan sitje i ei regjering som er avhengig av støtte frå fleire av desse partia.

Vedum prøver å pakke dette inn som eit prinsipielt argument – at abortlova er for viktig til å bli utsett for hestehandel.

Bak innpakkinga, ser me at han inviterer Ap og Høgre til hestehandel – for å hindre ein hestehandel mellom andre parti.

Les også

Ap vil reversere KrFs abortseier

Vedum har sjølvsagt rett i at abortlova er viktig. Nettopp difor bør den vere gjenstand for politisk debatt – og mogeleg hestehandel.

Lova er nemleg viktig nok til å vere med i kvar ein diskusjon om framtidige regjeringserklæringar.

Abortlova kom ikkje ut av ingenting, eller ved å setje kvinnehelse på utsida av partipolitikken. Nei, abortlova har kome til ved kamp. I ein strid i og mellom partia.

Slik må partia halde fram – for det er ikkje semje om kor grensa skal gå.

Aksepterer ein premissen om at abortlova ikkje høyrer heime i regjeringsforhandlingar – slik Aps Ingvild Kjerkol gjer til Dagen – legg ein opp til at abortrettane vert fryst. Det er eit behageleg standpunkt dersom ein meiner at dagens grense er best – men det har ingenting prinsipielt ved seg.

Kjerkol vil elles utvide abortgrensa.

Abortparole frå 1. mai-toget i Oslo i 1968. Sjølvbestemt abort vart vedteken av Stortinget i 1978. Foto: Ukjent / Arbeiderbladet

Vedum gir KrF skulda for å ha opna døra for forhandlingar om abortlova. «Man vekket en sovende bjørn», seier han. Men det er feil.

I 2019 fekk KrF gjennomslag for å forby såkalla fosterreduksjon – nemleg å abortere vekk éin av to tvillingar.

Sp stemte for. Med Vedums logikk, var Senterpartiet med på å vekke den bjørnen.

Partia skal kjempe for gjennomslag – det er heile poenget med å drive med partipolitikk. KrFs jobb er å kjempe for slike gjennomslag, slik andre partis jobb er å kjempe for ei anna retning.

Det er difor ingenting gale i det KrF gjorde i regjeringsforhandlingane. Dei oppførte seg som eit politisk parti, representerte veljarane sine og prøvde å få mest mogeleg gjennomslag for sine saker.

Hestehandel har negative konnotasjonar, fordi det ofte involverte alkohol, og der både kjøpar og seljar følte seg snytt etterpå.

KrF angrar neppe på innstramminga, og dei var heilt sikkert edru.

BT RETTAR: I den opprinnelege teksten stod det at Aps programkomité ville utvide grensa for sjølvbestemt abort til 16 veker. Det riktige er at mindretalet vil fjerne nemndene heilt, og difor utvide grensa til 18 veker.

Endringa er gjort 20.11 kl. 09:03.

Publisert
  1. Abort
  2. Solberg-regjeringen
  3. Trygve Slagsvold Vedum
  4. Kristelig Folkeparti (KrF)
  5. Senterpartiet (Sp)

Les mer om dette temaet

  1. – Vi hadde tenkt til å flytte tilbake til Polen, men med denne abortloven er det uaktuelt

  2. – Jeg advarer dem som tror vi kommer til å ligge lenge nede

  3. – Livet mitt var i fare. KrF kjemper mot loven som kunne ha hjulpet meg.

  4. Stortinget i natt: Flertallet vedtok historisk innstramming i abortloven og avvikling av pelsdyrnæringen

BT anbefaler

Mathilde vant Idol Jr. og ville satse på musikk. Så fikk hun diagnosen som endret livet.

I nesten tre måneder var Mathilde innlagt på psykiatrisk avdeling for barn og unge på Haukeland.

LES SAKEN