Du skal vere glad for lite

Heller ikkje i år vil lønsoppgjeret bli særleg feitt.

Publisert:

MODERAT: LO-leiar Gerd Kristiansen og NHO-direktør Kristin Skogen Lund er samde om at årets lønsoppgjer bør bli moderat. Det er bra for alle, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Jan T. Espedal, Scanpix

Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

I dag byrjar lønsoppgjeret. Som i fjor ligg det ikkje an til dei store lønstillegga for folk flest, utan at det vil føre til noko opprør. Det er andre ting som betyr meir, ikkje minst det å ha ein jobb.

Årets oppgjer er eit såkalla mellomoppgjer, som berre handlar om løn. Lønstillegget vil truleg blir rundt 2,5 prosent. Fagrørsla er samstemte i å krevje reallønsvekst. Det betyr at oppgjeret må vere over to prosent, som blir prisstiginga i år ifølgje Teknisk Beregningsutval (TBU).

Arbeidsgjevarane i NHO krev på si side at lønsveksten må liggje under lønsveksten til dei land vi handlar med. Den er rekna til 2,5 prosent.

Men lønsforhandlingar er òg eit spel. Fleire LO-forbund meiner at tillegget må over 3,2 prosent, som er det som skal til for å «nulle ut» reallønsnedgangen i fjor. På den andre sida vil adm. direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri ha reallønsnedgang i år òg, med andre ord under to prosent. Han viser til at timelønskostnadene i Noreg ligg 32 prosent over landa vi konkurrerer med i EU, sjølv etter reallønsnedgangen i fjor. Resultatet blir gjerne noko midt i mellom.

Les også

LO: Uaktuelt med ny reallønnsnedgang

Sjølv om Lier-Hansen tek kraftig i, har han i røynda ein sterk støttespelar i kampen for moderasjon hjå motparten, industriarbeidarane i Fellesforbundet. Dei òg vil ha eit moderat oppgjer av omsyn til arbeidsplassane i den delen av industrien som slit, i hovudsak oljerelatert industri. Heile den norske modellen handlar om at omsynet til konkurranseutsett industri styrer lønsoppgjera (frontfagsmodellen). Slik vil det bli i år òg.

Ei anna årsak til å vere forsiktig er ei uvanleg stor uvisse om utviklinga i verdsøkonomien, som igjen verkar inn på etterspurnad, renter, oljepris og kronekurs.

Alle vil ikkje få like mykje i årets oppgjer. I industrien blir store delar av løna forhandla fram lokalt i den einskilde bedrift eller konsern. Det betyr at arbeidarar i bedrifter som går bra vil få meir enn snittet, medan andre vil få mindre.

På denne måten sikrar ein konkurranseevna, samstundes som arbeidarane i bedrifter som går bra får sin del av fortenesta. Prisen for systemet er det sentrale tillegget kan bli lite. For å kompensere for dette vil LO i år ha eit eige lågtlønstillegg, som vil kome mange industribedrifter utan lokale tillegg til gode.

Les også

Oppkjøringen til lønnsoppgjøret i gang

For NHO gjev eit moderat oppgjer i industrien ein dobbel-effekt. Det held nede kostnadene i deira eigne medlemsbedrifter, samstundes som det held nede lønsveksten i offentleg sektor. Løn utgjer ein langt større del av kostnadene i det offentlege enn i industrien, der innsatsvarer og maskiner gjer lønskostnadene mindre viktige. Alt tyder på at oppgjeret i det offentlege vil følgje ramma frå NHO-LO-oppgjeret.

Sjølv om årets oppgjer blir moderat er det ikkje synd på oss. Det norske folket har bak seg ein lang periode med ein fantastisk lønsvekst. Frå 1995 til 2015 auka realløna (kjøpekrafta – lønsvekst minus prisstigning) med 62 prosent, langt meir enn dei fleste land vi konkurrerer med.

Dei det er synd på er dei som mistar jobben. I Noreg er det ein enorm forskjell på å ha jobb og ikkje å ha det, både sosialt og økonomisk. Undersøkingar har dei siste åra vist at fleire no fryktar for å bli arbeidslause. Å hindre det betyr langt meir for folk enn nokre hundrelappar ekstra i månaden.

Publisert: