Språkleg reinvasking

Alliansen er ikkje «innvandringskritisk». Media må slutte å omtale det høgreekstreme partiet på denne måten.

REINVASKING: – Partiet til Hans Lysglimt Johansen er ikkje innvandringskritisk. Det omgrepet reinvaskar ekstremisme og brunbeisar heilt ordinære meiningar, skriv Morten Myksvoll. Terje Pedersen, NTB Scanpix (arkiv)

Morten Myksvoll
Kommentator i BT

«Det innvandringskritiske partiet Alliansen har denne uken drevet stemmejakt på skoler i Arendal.» Det skreiv NRK Sørlandet denne veka.

Statskanalen er ikkje åleine i ordbruken.

Dei aller fleste medium har gjort denne feilen. BT òg. No er det på høg tid at me sluttar å rosemåle dette partiet.

For innvandringskritikk er ikkje problematisk. Det er faktisk heilt legitimt å meine at Noreg bør avgrense talet på asylsøkjarar. Asylforliket i 2015 tok politikken i meir restriktiv retning, med støtte frå Ap, Høgre, Frp, KrF, Sp og Venstre.

Dei partia hadde 161 av 169 representantar på Stortinget.

«Innvandringskritisk» er ikkje dekkjande for Alliansen. Den omtalen er ei reinvasking av ekstremisme og ei brunbeising av heilt ordinære meiningar.

Det er ikkje vanskeleg å finne andre omgrep ein kan bruke om partiet. Ein kan omtale det som innvandrarfiendtleg, rasistisk, høgreekstremt, antisemittisk og antimuslimsk.

Det finst endå fleire merkelappar som passar Alliansen, men «innvandringskritisk» er ikkje ein av dei.

Partileiar Hans Lysglimt Johansen har tvitra om statskupp og tatt til orde for å avrette landssvikarar – som han definerer som «de liberale politikere, pressefolk». Han skildrar jødeutryddinga til Nazi-Tyskland som eit «falsk narrativ», og åtvarar mot raseblanding.

Onsdag skreiv han at jødedomen og islam må «kontrolleres og bekjempes».

Dette er langt vekke frå både demokratiske og innvandringskritiske haldningar. Alliansen er utan innflytelse på norsk politikk, noko omtalen av dei ikkje reflekterer. Omgrepsbruken gjer inntrykk av at dei er ein del av den ordinære norske partifloraen.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser kor vanleg det er å ha ei restriktiv haldning til innvandring og asyl.

29 prosent av dei spurte ønskjer at det skal vere vanskelegare å få opphald i Noreg. Eg er blant dei som er ueinige i det synet, og utviklinga er at stadig fleire blir positive til innvandring.

Verken veljarar eller parti som har eit restriktivt syn på innvandring fortener at Alliansen vert omtala som innvandringskritisk. Det går nemleg an å meine at Noreg skal ta imot eit avgrensa tal med asylsøkjarar utan å vere rasist.

Det er skadeleg for samfunnsdebatten når heilt vanlege folks skepsis mot innvandring vert slått i hartkorn med reinspikka hat.