Frykta for snyltaren

Nav-skandalen er eit ektefødt barn av den norske modellen.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

JUSTISMORD: Førre måndag kunne Nav-direktør Sigrun Vågeng og arbeidsminister Anniken Hauglie (H) fortelje at staten urettvist har dømt 48 menneske til fengsel for trygdesvindel. Foto: Terje Pedersen, NTB Scanpix

Den siste veka har den norske velferdsstaten vist seg frå si verste side: Folk på trygd blir kasta i fengsel fordi dei har tatt seg ein utanlandstur. Alt fordi den norske staten har brote lova, den vi er bunden til som nesten-medlem av EU.

Berre så det er sagt, også av meg: Nav-saka er ei rettsskandale av dimensjonar. Minst 48 justismord, der 36 uskuldige har hamna i fengsel.

Alle, frå Stortinget via Nav-byråkratar til domstolar, advokatar og presse, har svikta. Ingen har tilsynelatande oppdaga det sjølvsagde: at praksisen til Nav braut med EØS-avtalen.

Men om rettsskandalen er enkel og klår, er årsakene til at dette kunne skje omkransa av ei tjukk skodde av politiske krumspring.

For Senterpartiet og Frp er verda enkel: Dette handlar om trygdeeksport. Rettsskandalen hadde knapt blitt offentleg, før stortingsrepresentantane Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og Helge André Njåstad (Frp) åtvara om følgjene. Ikkje for ofra, men for statskassa.

I eit intervju med VG stadfester arbeidsminister Anniken Hauglie (H) langt på veg denne tolkinga, i eit intervju med VG: «Regjeringen ønsker å begrense trygdeeksport, men ikke ved å bryte forpliktelser i avtaler vi har inngått.»

Under ligg ei årelang frykt, som har prega dei fleste partia på Stortinget, for at «utlendingar» av ulike slag skal snylte på dei gode norske velferdsordningane. Trygdeeksport er eit tema i fleire av dei nordeuropeiske velferdsstatane. Finland hamna til dømes i EU-domstolen, fordi dei ikkje ville betale kontantstøtte til foreldre som oppheldt seg i andre EU-land. Den saka tapte dei.

Dermed måtte òg Noreg følgje etter i 2003, og opne for slik «trygdeeksport».

Les også

2400 saker er bare starten. Mange ganger så mange kan være rammet av Nav-skandalen.

Brochmann-utvalet, sett ned av den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, konkluderte i 2011 med at det er lite Noreg kan gjere for å hindre at EU-borgarar hevar trygder dei har rett på i sine heimland. Utvalsleiar Grete Brochmann meiner i dag det er uforståeleg at staten heilt fram til i år har lagt til grunn at dei likevel kunne stille slike krav, i dei sakene som no er rulla opp.

Men handlar Nav-skandalen berre om trygdeeksport? I så fall er det snakk om det siste slaget i ein tapt krig, eit slag staten no har tapt.

Som fleire på den politiske venstresida har vore innom, finst det òg eit anna motiv i denne saka, eit motiv som òg er svært viktig for Stortinget og Nav: Arbeidslinja. Det skal løne seg å arbeide. Dermed kan det ikkje løne seg for godt å ikkje arbeide.

Det legg press på Nav for å vere strenge med ytingar til folk i arbeidsfør alder. To av dei tre ordningane folk vart urettvist dømde for i Nav-skandalen er i denne kategorien: Sjukepengar og arbeidsavklaringspengar.

Men interessant nok straffa ikkje Nav dei mottakarane som var busett i eit anna EØS-land, berre dei som var busett i Noreg (og som hadde reiser til utlandet).

Les også

Raymond (38) satt fengslet da Nav-skandalen sprakk: – Jeg tenkte det gjaldt alle andre enn meg

Snorre Valen (SV) har heilt rett i at Nav og staten her bygger på ein mistillit til mottakarane av slike trygdeordningar. Men denne mistilliten er ein grunnleggande del av den norske velferdsstaten:

Når rause velferdsordningar skal kombinerast med høg yrkesdeltaking, må det straffe seg å ikkje jobbe når ein har helse til det.

Viss ikkje vil det undergrave både støtta til velferdsordningane i folket elles, og det vil skape problem med mangel på arbeidskraft.

Nav-skandalen seier såleis ganske mykje om den norske velferdsstaten. Rause kontantytingar krev streng kontroll for at ikkje kostnadene skal springe løpsk, og for at folk skal bli piska akkurat nok til at dei som kan jobbe jobbar.

Nav kan heilt sikkert bli flinkare til å møte folk med respekt, men denne grunnleggande mistilliten er innbakt i systemet.

At staten dempar fallet ved sjukdom og utanforskap er noko av det beste med den norske velferdsstaten. Men fordi ikkje alle alltid er like ærlege kan ikkje systemet vere basert på tillit. Det må vere basert på mistillit.

Det burde Nav seie klårt og tydeleg, i staden for å servere folk skjønnmalande slagord som «vi gir mennesker muligheter».

EØS-avtalen motarbeider på sett og vis denne strenge lina. Utan EØS-avtalen ville staten stått heilt fritt til å nekte trygdemottakarar å reise ut av landet. I Nav-auge kan slike utanlandsreiser, som for fleire har vart over eitt år, sjåast på som ei påskjønning som gjer det vanskelegare å motivere dei reisande til å kome heim til Noreg for å arbeide.

Den openberre løysinga er å stille sterkare krav til å delta på ulike aktivitetar i Noreg. Så lenge aktivitetane er godt fundert, ved at dei faktisk hjelper stønadsmottakarane tilbake i jobb, vil det neppe bryte mot EØS-avtalen.

Brochmann-utvalet er inne på dette i rapporten frå 2011. Dei nemner òg det som truleg er årsaka til at Nav ikkje allereie har gjort dette: Det vil koste pengar.

Publisert: