Feil diagnose frå spinndoktoren

Kristin Clemet skulle berre tone ned kor viktig abortsaka var for KrF. Det gjekk ikkje så bra.

ABORT: Det er dei mange kommentatorane som er mot KrFs endringsønskje som meiner saka er blitt så viktig. – Det stemmer ikkje, skriv Morten Myksvoll.

Terje Pedersen, NTB Scanpix

Korleis vart abortsaka så dominerande i både KrFs retningsval og i dei etterfølgjande regjeringsforhandlingane? Det spør Kristin Clemet, leiar i den borgarlege tankesmia Civita.

Svaret hennar er tydeleg: Det er dei mange kommentatorane som er mot KrFs endringsønskje som meiner saka er blitt så viktig.

«De virker nesten mer ivrige enn KrF selv», skriv ho i eit blogginnlegg.

Det er ei kreativ omskriving av historia, som fører til endå ein kommentar om abortinnskrenkinga som KrF verkeleg ønsker seg.

Framlegget om å reversere abortlovas paragraf 2c kom frå organisasjonen Menneskeverd. Paragrafen gir mødrer sjølvstendig abortgrunn for til dømes Downs syndrom.

Kjell Ingolf Ropstad plukka umiddelbart opp framlegget, og det dominerte valkampen hans for å gå i regjeringsforhandlingar med høgresida. Ropstad er nestleiar i KrF, ikkje kommentator.

På fylkesårsmøte etter fylkesårsmøte, og i medieutspel etter medieutspel, gjentok Ropstad at KrF ville få gjennomslag for abort på høgresida.

Les også

Topper i regjeringspartiene vil fristilles i abortsaken

«Når jeg har reist rundt har dette vært et viktig tema i mine innlegg. Over lang tid har dette vært noe vi har prøvd å få ut, og jeg er veldig glad for den responsen vi har fått», sa Ropstad til Aftenposten i oktober.

Samtidig som Clemet meiner at mediedekninga har vore ute av proporsjonar, får Ropstad kritikk frå fleire fylkesleiarar i KrF for å ha køyrd så hardt på abort.

Dei er uroa over at KrF kanskje ikkje får gjennomslag for den «historiske muligheten» til å endre abortlova.

No påstår Clemet at Ropstad ikkje har brukt frasen «historisk mulighet» om sjansen til å endre paragraf 2c.

Ja vel.

I landsmøtetalen sa han at retningsvalet stod mellom «veien som gir historiske muligheter i kampen mot sorteringssamfunnet» og «en vei der det er så godt som utelukket».

Bruken av «historisk mulighet» kom som ein avslutning på ein lang seksjon om Downs syndrom og paragraf 2c.

Les også

Unge Høyre-leder tar abortoppgjør med Solberg

Landets kommentatorar har skrive side opp og side ned om paragraf 2c og KrFs ønskje om å reversere delar av abortlova. Grunnen er at KrF har foreslått det, og KrFs politikarar har hamra inn kor viktig dette temaet er både i opne sitat og i fortrulege kjeldesamtaler.

Clemet sår dessverre tvil om det siste òg. Det er meir problematisk enn å forsøkje å spinne ein politisk debatt til sin fordel.

Ho skriv nemleg dette i blogginnlegget: «Jeg vet at journalister har mange kilder, men det har jeg også.»

Les også

Hareide: – Jeg angrer bare på én ting

Det er godt mogeleg at Clemet har misforstått korleis media arbeider, men det er altså ikkje slik at eit samla norsk mediekorps diktar opp bakgrunnssamtalar med KrF-kjelder. Inntrykket av at mange KrF-arar la stor vekt på abortutspelet var ikkje tatt ut frå lause lufta.

Kjeldesamtalane til fleire titals politiske journalistar og kommentatorar veg tyngre enn samtalane til éin tankesmieleiar.

I det same innlegget ber ho offentlegheita diskutere abortlova på «en roligere, mer søkende og konstruktiv måte».

Clemet har heilt rett i at ingen kan vere heilt bombesikker på kva som gjorde at KrF landa på å samarbeide med høgresida. For resultatet av ei uravstemming ville nok vore blåare enn landsmøtet.

Men mediestormen kom ikkje ut av ingenting. Dersom Clemet verkeleg er uroa over debattforma, bør ho ikkje påstå sånt.

Les også

Solberg advarer mot urealistiske forventninger i forhandlinger om ny regjering

Fram til abortsaka tok av før KrF-landsmøtet i haust, såg det ut til at Knut Arild Hareides ønskje om å dra KrF mot Arbeidarpartiet skulle få gjennomslag. Abortsaka var ikkje det einaste som skjedde på dette tidspunktet, og motstanden mot Hareides venstrevri ville på eitt eller anna tidspunkt manifestert seg.

Det er likevel få andre saker enn abort av foster med Downs syndrom som kan vere så kraftfulle innanfor KrF. I fleire talar siterte Ropstad ein ung mann frå Aust-Agder som sa: «Du må love å kjempe for at slike som meg kan bli født.»

Abortlova endra debatten innanfor KrF, og kan ha avgjort KrFs retningsval til Ropstads fordel. I ei rundspørjing utført av VG, svarte 61 prosent av tillitsvalde i KrF at dei trudde abortlova var «viktig» eller «svært viktig» for partiets retningsval.

Clemets historieskriving tener eitt formål: Dersom KrF ikkje får gjennomslag for vesentlege endringar i abortlova, er det bra for regjeringa om det ikkje vert ståande som eit stort tap for KrF.

Abortlova var ikkje så viktig for KrF. Heile greia var berre haussa opp av media, liksom.

Sett vekk frå éin viktig detalj, då: det stemmer ikkje.

KrF ønskjer ei innskrenking av abortlova, og det ønsket stod sentralt i KrFs retningsval. Difor vil det prege både regjeringsforhandlingane på Hadeland og debatten i ettertid.