Verdas mektigaste fag

Økonomifaget er midt i ein stille revolusjon. Det kan endre vårt syn på kva som er politisk mogeleg.

Publisert:
Hans K. Mjelva
Kommentator i BT

Ein haustkveld på byrjinga av 1980-talet stod ein gjeng ungdommar i Geiranger sentrum. Fjorden var svart og suvenirbutikkane stengde. Alt som høyrdest var stemmene våre. Ein sær diskusjon om økonomi.

Detaljane har for lengst forsvunne, men eg hugsar eitt namn: Milton Friedman. Og så meiner eg vi snakka om stykkprisfinansiering.

Eg var intuitivt kritisk til dei nye marknadsliberale strøymingane på denne tida, men tippar at eg tapte diskusjonen. Sambygdingen eg diskuterte med var nokre år eldre enn meg, og hadde lese langt meir. Det er ikkje tilfeldig at han seinare vart professor på NHH.

Eg kom til å tenkje på denne episoden under lesinga av boka «Economism. Bad Economics and the rise of Inequality» av jusprofessoren James Kwak.

Hovudpoenget i boka er at mange av oss, ikkje minst mange politikarar, trur økonomien fungerer slik ein lærer i første semester på økonomiutdanninga. Enkle modellar om tilbod og etterspurnad, og slikt. Dessutan: Det er ikkje tilfeldig at vi trur dette. Nokon har jobba hardt for at vi skal tru akkurat det. Og ein av dei fremste var Milton Friedman.

Viss eg lærte noko den haustkvelden under fjella i Geiranger, var det kor viktig økonomifaget er. Ikkje berre for å vinne politiske diskusjonar, men òg for å forstå samfunnet. Ingen andre fag er i nærleiken av å påverke politikken som økonomi.

Først kom ein generasjon som reagerte på depresjonen på 1930-talet, med den britiske økonomen John Maynard Keynes som fremste leiestjerne og Ragnar Frisch som norsk pioneer. Ein aktiv stat skulle få fart på økonomien att, med investeringar og andre tiltak som auka etterspurnaden. Ei retning som passa som hand i hanske med Arbeidarpartiets politiske mål i tiåra etter 2. verdskrig.

Utover på 1970-talet fungerte ikkje lenger denne politikken like bra, heller ikkje i Noreg. Statane pumpa pengar inn i økonomien for å auke etterspurnaden, men veksten kom ikkje. Berre inflasjon. Dermed var vegen open for nye krefter, som Friedman.

REAGANS MANN: Milton Friedman, her frå 1976, året då han fekk Nobelprisen i økonomi. Foto: Peter Bregg / TT / NTB Scanpix

Milton Friedman var ikkje nokon kven som helst. I 1976 fekk han Nobelprisen i økonomi. Han var ein av dei viktigaste inspirasjonskjeldene for den økonomiske liberaliseringa som skjedde frå 1980-talet, saman med mellom anna Friedrich Hayek. Båe var ein del av den liberale ur-tenkjetanken, Mont Pelerin Society.

Heilt sidan krigen hadde dei stått i sterk opposisjon til keynesiansimen, og arbeidde for mindre statlege reguleringar og meir marknadsstyrt økonomi. Finanspolitikken skulle tonast ned, og temperaturen i økonomien skulle styrast gjennom pengepolitikken (monetarisme).

James Kwak meiner desse tankane i dag gjennomsyrar det amerikanske samfunnet. Kritikken rettar han ikkje først og fremst mot dagens økonomifag, men måten det blir brukt på av politikarar og andre.

Republikanarane brukar sterkt forenkla, og til dels feilaktige, økonomiske modellar som argument for å få gjennom skattelette og anna politikk dei ønskjer.

Demokratar kjøper dei same modellane, og blir difor nøydde til å argumentere moralsk. Det gjev argument av typen «det er ikkje den samfunnsøkonomiske beste løysinga å gje folk trygd, men vi bør likevel gjere det for å skape eit betre samfunn».

Samstundes som Friedman & Co sine tankar fekk stort politisk gjennomslag på 1980-talet, byrja ei stille endring av økonomifaget. Tilgang på store mengder data gjorde at fleire fagmiljø fekk analysar som var tettare opp til den verkelege verda, og mindre teoretisk.

Fram til ganske nyleg har likevel mange halde fram med å gje analysar og predikasjonar basert på det åtferdsøkonomen Richard Thaler kallar «fiksjons-karakteren homo economicus». Eit menneske (eller ei bedrift) som opptrer rasjonelt og nyttemaksimerande.

Problemet med denne enkle modellen er at den mellom anna føreset at mennesket har all naudsynt informasjon, forstår konsekvensane av han og handlar rett. Slik er det slett ikkje alltid.

Ifølgje Thaler er det «ironisk nok desse modellane, basert på ei feilaktig forståing av menneskeleg åtferd», som gjev faget stor innverknad på politikken.

Kritikken frå Thaler og andre har no blitt ein del av forskingsfronten. Men framleis ligg desse modellane til grunn for måten faget blir forstått og praktisert «av byråkrater og politiske beslutningstakere», som professor Bård Harstad ved UiO skreiv nyleg.

UTFORDRAR: I desember i år talte Richard H. Thaler i Stockholm, etter å ha motteke Nobelprisen i økonomi. Han er professor på Chicago-universitetet, der òg Friedman var tilsett i si tid. Foto: Scanpix

Utfordringa er å klare å gje meir realistiske føresetnader, utan å gjere det heile så komplisert at det ikkje kan omsetjast til økonomanes universelle språk, matematikken. Thaler representerer ei retning innan økonomifaget som prøver på akkurat det, åtferdsøkonomien (her er NHH langt framme). Praktiske eksperiment og innsikt frå psykologifaget blir tatt i bruk, ei historie han skildrar i boka «Misbehaving. The making of Behavioral Economics».

I det arbeidet har dei til dømes gjort eksperiment som viser at folk føler større tap om dei må ut med 100 kroner, enn om dei tener 200 (det burde vore omvendt). Eller at folk føler dei tener meir når ei vare er sett ned frå 40 til 30 kroner, enn om ei anna vare er sett ned frå 400 til 390.

Det siste verkar kanskje sjølvsagt, men det strid radikalt imot økonomisk teori om rasjonelle val. Ti kroner burde vere ti kroner.

Sjølv om diskusjonane innanfor økonomifaget handlar om å gjere faget betre i stand til å forstå verda, vil det kunne få politiske følgjer. Svekt tru på at menneske og firma handlar økonomisk rasjonelt, vil til dømes kunne rettferdiggjere auka statleg styring av økonomien.

Spesielt i USA ville det vore banebrytande. Som Kwak viser, fungerer vulgær-versjonen av økonomiske samanhengar i dag som effektivt bolverk mot statleg regulering av økonomien, mellom anna fordi det har blitt ein del av korleis vanlege folk trur verda heng saman.

Det har konsekvensar for alt frå styringa av finanssektoren til skattelette (som ikkje stimulerer økonomien like mykje som republikanarane vil ha det til).

Akkurat som oljekrisa på 1970-talet bana vegen for Friedman & Co, har finanskrisa i 2008, svak økonomisk vekst og aukande ulikskap skapt trong for nye løysingar.

Spørsmåla vil då igjen gå til økonomane. Så vil det vise seg om dei har svar.

Publisert: