Leiarskiftet endrar ikkje SV. Men det er ikkje sikkert veljarane er einige.
Bergstø vil få tid, men ho vil òg få det vanskeleg.
- Morten MyksvollKommentator i BT
«Å varsle din avgang som partileder er litt som å dø, men våkne opp igjen. Du får lese dine egne nekrologer.» Slik opna Audun Lysbakken SVs landsmøte fredag.
Ermene hans var ferdig oppbretta. No skulle han halde sin eigen politisk nekrolog.
For dei som ikkje visste det frå før, viste talen at norsk politikk no mista den retorisk sterkaste partileiaren:
- «Hvis miljøet var en bank, ville det vært reddet for lenge siden».
- «Iskanten beveger seg fortere enn Høyre og Arbeiderpartiet».
- «Syke mennesker blir ikkje friske av å være fattige».
Så takka han Øystein Stray Spetalen og Jan Petter Sissener. Dei to milliardærane har vore retoriske støttespelarar for SV ved å prøve å vere det motsette.
Les hele saken med abonnement